fredag 26. mars 2010

á íslensku

På islendsk, ja.

Eg veit godt og vel at mange av dykk tykkjer det islendske målet er storgilde saker, men so er det ikkje alle som hiv seg yver den islendske mållæra og puggar ord og former so bokstavane sprett lell. Difor tenkte eg gjeva dykk ei liti innsyn i den islendske målskatten.
So hev de noko å gledast ved. Tungemål er underlege saker. Og de kann høyra islendsk her, til dømes.

smásjá (mikroskop)
yfirskegg (bart)
flugfreyja (flyvertinne)
snyrting (toalett)
sóttkveikja (bakterie)
leikhús (teater)
veðurstofa (meteorologisk institutt)
ljósmóðir (ljosmor, jordmor)
loftsteinn ('luftstein', meteorstein)
spretthlaupari (sprinter)
heimskaut ('verdsskaut', det vil segja ein pol (nord-/sud-))
landabréf (kart)

Det er meir der det kjem ifrå.
Serleg godt likar eg desse tri:

sæng (dyne)
dýna (madrass)
rúm (seng)

Litt av ein saus!


Og so ei setning du kann øva deg på.
Skal du tinga ein øl i Reykjavík, kann du til dømes segja:

"Ég ætla að fá einn bjór"

Framburden er soleis: 'jætla fao ejdn bjour'


Til hamingju! (til lukka)

lørdag 13. mars 2010

um lesing og skriving

Det gilde med å læra latin, er at ei heil verd av glupe tankar opnar seg. For meg.
Eg vert før til å lesa dei store, dei gamle, dei gode - "i original". Caesar, Catullus, Seneca.
Seneca, ja.
Han hev skrive godt um mangt, millom anna um lesing og skriving. Til dømes i brev 84, til Lucilius. Eg hev freista å setja um dette brevet til norsk. Jon Haarberg hev alt gjort det, du finn umsetjingi hans i Kortekster. Ein antologi (2000). Stundom ligg eg fulla for nær umsetjingi hans, og stundom for langt undan Seneca sjølv, men lell. Sjå her. Dette er jø so nøfyse gode greidor.

Brev 84

Seneca sender helsingi si til Lucilius.

Desse ferdene mine driv latskapen og kraftløysa or meg, og dei er til bate for helsa mi og det vitskaplege starvet mitt. Du ser greidt korleis ferdene gagnar helsa: Godhugen min for boklege syslor gjer meg lat og likesæl med lekamen min – andre folk plar gjera det kroppslege strævet for meg.* Ferdene gagnar jamvel det vitskaplege arbeidet mitt, og eg skal røpa korleis: Eg tarv ikkje skilja meg frå lesingi. Lesing tykkjest meg vera heilt naudsynt, for det fyrste av di det hindrar meg i å vera fullnøgd med meg sjølv og mine eigne tankar, for det andre av di eg gjenom lesing vert i stand til å eigna åt meg det andre hev tenkt og funne ut, og dinæst vert eg før til å døma sjølv um dette eg les. Sidan kann eg driva fram nye tankar. Lesing nærer åndi og styrkjer henne når ho er utmødd av skriving, og dét utan at eg heilt gjev upp skrivingi.

Me bør korkje berre skriva eller berre lesa. Berre det eine legg sinnet i myrker og tømer oss for krafter – eg tenkjer på skriving –, berre det andre gjer oss veike og hindrar oss i å samla tankane. Me burde heller fara att og fram imillom lesing og skriving, frå det eine til det andre, og skifta millom syslone. Då kann pennen setja saman alt det me hev teke til oss gjenom lesing, og gjera det til éin heilskap. Me skulde gjera som bione, segjer folk, for bione flakkar og flyg hit og dit på leit etter blomar dei kann laga honning av. Dinæst breider dei det dei hev funne i vokskakone, og, som Vergil sagde:

dei stuvar saman den flytande honningen
heilt til celleveggjene stend spente av den søte væska.

Me veit ikkje for visst um den safti som bione fører med seg frå blomane strakst vert til honning, eller um dei lagar um det dei hev samla ved å blanda inn noko anna og på den vis set sitt eige merke på det. Sume hævdar at bione ikkje hev evna til å laga honningen, men berre samlar honom. Det er òg dei som segjer at i India finst det honning på bladi åt sivplantone, og anten kjem honningen frå doggen som fell frå himmelen der, eller so er det sjølve voksteren som avlar den søte og saftige væska. Den same evna finst i vokstrane våre òg, men der er ho mindre tydeleg og merkande. Eit insekt som er lage til det, kann leita upp og suga ut denne safti. Atter andre hævdar at dette som bione syg til seg frå dei grøne og blømande stykki på vokstrane vert til honning ved ei slags umlaging, eller endå til ved gjæring, um eg kann segja det slik, so at dei ulike sakene vert førde saman til eitt.

Men lat meg ikkje vika av frå emnet vårt her. Me skulde taka etter bione og skilja åt det me samlar i hop når me les, for sovordne saker held seg best når me skipar deim til sætes kvar for seg. Sidan bør me nytta evnone våre til fullnads og med trott og umhug skøyta saman dei ulike smakane til éin. Me skal skøyta deim soleis at jamvel um folk kjem til å sjå kvar denne eine smaken kjem ifrå, so er det lika vel berrsynt at han er noko anna en det han ættar frå. Me ser at natturi gjer det same inne i lekamen vår, heilt utan møda: Den føda som me tek til oss, er ei pina so lenge ho flyt kringum i magen vår i den upphavlege skapnaden sin, men so snart me meltar føda, vert ho til styrke og blod. Sameleis skal me fara åt med alt det som nærer tanken. Det me tek til oss, må ikkje få liggja urørd og soleis vera framandt for oss. Me lyt melta det, elles gjeng det berre til minnet og ikkje til sinnet. Lat oss vera trugne mot fyreleggi våre og taka deim upp i oss, so at me kann samla dei ulike emni til éi eining. Tenk berre på korleis eitt tal er gjort av mange tal: Mange småe og ulike tal vert lagde i hop til eitt stort. Me bør gjera det same med tanken vår, og løyna det som hjelper honom fram, og berre syna det me sjølve lagar til. Det kann henda at verket ditt stundom likjest verket til den du ovundrar, og då ynskjer eg at du likjest honom som ein son og ikkje som eit bilæte. Eit bilæte er ein daud eignalut.

”Men korleis kann det vera so”, undrast du vel, ”at folk ikkje kjem til å sjå kven eg tek etter i ordleiding, provføring og meiningar?” Eg tenkjer at det stundom er uråd å vita kvar ein mann tek bilætet sitt ifrå, når han set merket sitt på alt det han hev trekt ut or fyredømi sine og fører det saman til éi eining. Høyrer du ikkje korleis dei mange røystene i eit kor kling saman? Éi røyst kjem fram utav mange, og éi av røystene er høg, éi onnor er låg, éi tridje ligg imillom desse. Attåt røystene åt karane kjem røystene åt kvendi, og fløytone blandar seg inn. Dei einskilde røystene i koret er løynde, dei ter seg som éi røyst. Eg talar no um det koret som dei gamle filosofane kjende til. På konsertane våre er det fleire songarar en det fyrr var tilskodarar i teateret. Når lina av songarar hev fylt gangane, og tilskodarane er kringsette av hornblåsarar, og når alle slags instrument kling saman på scena, då fær me ein samklang av ulike ljod. Eg vil at me skal gjera det same med hugen vår: Han skal røma mange ulike vitskapar, mange reglar for livsførsla og fyredøme frå ulike tider, men alt dette skal klinga saman i eitt.

”Korleis kann eg greida dette?”, undrar du no. Ved å vera merksam og ihuga stødt, og ikkje setja noko i verk utan å spyrja vitet til råds. Um du lyder til vitet, so kjem det til å segja deg: Far strakst ifrå alt det ein mann spring hit og dit for å vinna. Far ifrå rikdomen, han er anten eit trugsmål eller ei møda for den som eig honom. Far ifrå nytingane som lekamen og sjæli trår etter, desse nytingane gjer deg berre blaut og kraftlaus. Far ifrå trongen etter å nå langt og høgt. Denne trongen er ein truten ting, tom, vinglutt, grenselaus, og han nøyder deg til å ottast å sjå folk både framfor og attanfor deg. Svartsjuka piner den æresjuke, og det med tvifelt kraft: Du ser fulla kor usæl han er, han som både vert misunnt og sjølv misunner andre.

Ser du husi åt dei mektuge karane, der inngangen larmar av kjeklet til alle som kjem for å tena eigaren? Her fær du rikeleg med hån og spott når du kjem, og endå meir når du er komen inn. Gakk undan trappene til desse rikingane og dei utrygge tuni som ligg på høge jordvollar. Der er det ikkje berre langt ned, det er jamvel sleipt og hålt. Du skal heller koma hit, til visdomen, og gjeva deg til den freden og rikdomen ho byd på. Alt det som for manneætta tykkjest skina og glima, endå um det er småplukk som berre skin når du jamfører det med høgare ting, desse sakene må me kliva upp bratte stigar for å få. Ujamn er vegen upp til heidersgavlen [samfundstoppen], men um du kliv upp på straumkvervelen som lagnaden hev bøygt seg innunder, so kjem du til å sjå at det ligg under deg, alt det som folk held for å vera høgt. Du kjem upp på den høgste tinden einast ved å halda deg i lågt lende.

Far vel.


*Det er noko uvisst koss me bør setja um denne tekststaden. Seneca hev: ”cum pigrum me et neglegentem corporis litterarum amor faciat, aliena opera exerceor [eg vert driven av arbeidet til andre]”. Haarberg hev: ”Ettersom min kjærlighet til vitenskapen gjør meg fysisk lat og får meg til å forsømme kroppen, holder jeg meg i bevegelse ved bærernes hjelp”. Kva trur de?

tirsdag 9. februar 2010

kastandrassi

I går støytte eg på eit undersamt, norrønt ord.
Kastandrassi.
Kva trur de det tyder?
Endeframt og greidt: 'Ein som kastar, eller vrikkar, på enden'.
Jaggu. Dei dreiv med slikt fyrr òg, er det likt til.

Rass er i det heile eit morosamt ord, og det er byggjesteinen i ei rad samansette ord.
Rassaklov, til dømes, 'klovet millom rumpeballane'.
Og rasshverfinger, som tyder - haldt deg for augo um du er kjenslevar - 'hest som har utfallande endetarm'.
Hau!
Då er det litt greidare med rauf, eller rauv etter dagsens rettskriving, som i grunnen berre tyder 'rift' eller 'opning'. Raufarnes er soleis eit heilt greidt, ustøytande stadnamn.

Eg undrast på koss denne Ásmundr kastandrassi - ja, for han heitte so - tok seg fram. Var han halt? Hadde han ei dugeleg rauv? Var han homo?
Kven veit.
Han kjem høgt upp på lista yver løglege tilnamn, i alle fall. I lag med folk som Bjørn kistesmør, Ån rismage, Hallbjørn halvtroll...

mandag 1. februar 2010

no er min hug still

og heilt still stend tidi,
alt
i ein djup dirr -
alle lemer spente, alle tankar tømde
for sut og sæla,
alt
er berre rømd
og framfyre ligg gapet
sig innpå,
kva tid skal kjeldone springa?
kva tid skal draumane opna seg?

hugen still,
i venting, lengting,
tidi er ein stram streng
med dirr.

fredag 25. desember 2009

uppreist mot heteronissane

Eg er, som kjent, skeiv.
Eller skakk, ænnsjles ('annleis'), homo og so burtetter.
Eg hævdar ikkje at eg er noko sermerkt eller at eg er serskilt interessant som menneske av di eg er skeiv. Men, eg trur eg er meir merkt av at eg er skeiv en syster mi og mange andre er merkte av at dei er "rette"/"i vater".

Det er tolleg greidt å vera skeiv.
Det gjekk godt å fortelja det til skyldfolk og vener, so godt som det kunde.
Det er ikkje mange merknadene og spitordi eg hev fenge.
Det er ikkje serskilt vandt og vondt å liva som skeiv i Norig i dag.

Det som er litt vandt og vondt, er å tenkja på den tidi eg trudde denne logande elskhugen var noko eg laut gøyma og gløypa, at eg skulde bera det med meg i gravi, at gjenta eg tenkte på og drøymde um aldri måtte sjå at eg so mykje som glytte på henne i storefri, at eg stødt måtte ljuga når folk spurde um eg hadde nokon "i kikkerten".
So eg veit noko um løyndomar.
Eg veit noko um å skulla laga rom åt noko som er so stort at det hadde sprengt deg endå um du var fri til å sleppa det ut.
Å skulla halda noko i myrker som lyser og brenn som soli sjølv.

Men, det kann vera mykje lærdom i det som er ugreidt, og no tykkjest det meg - som sagt - greidt å vera skeiv. Etter eg vart litteraturstudent, og lærde um den græske skalden Sapfo (um lag 600 f.Kr.) som heldt til på øya Lesbos og hev skrive eit utav dei gjævaste kjærleikskvædi som finst (fragment 31), so mislikar eg ikkje eingong å taka ordet lesbisk på tunga. Ordet er greidt, det òg.

MEN. Det eg brådt vart var vesle joleftan, og som eg på ei undersam vis ikkje hev tenkt på fyrr, er at det er fælt so heteronormativ jolepynt me hev. Jolenissen er som oftast kar, englane er ofta konor. Men når me finn nissegjentor, so er dei i nittiåtte prosent av tilfelli i lag med ein nissegut. Nissegjenta og nisseguten. Nissefar og nissemor.
Eg nemnde dette for 'na mor, og 'n far høyrde det fulla.
For i timane fyre joleftan tek retteleg til, innimillom skidtur og bilvask og eg veit ikkje kva, so hadde han vore og kaupt og stelt til joleprydnad - tvo gjentor. Dei heng no i lampa yver kjøkenbordet. Der heng det mykje anna òg, men dei skeive gjenteenglane trivst sers godt, det er lett å sjå. De kann berre sjå og døma sjølve:



Då er det berre å ynskja dykk alle ei skeiv og god romjol!

fredag 4. desember 2009

surmjølk mot heimhug

Eg såg det koma. Eg såg det!
Eg bida på det. Og eg fagna det då det kom.

Det er den trufaste heimhugen, veit de. Eller heimsykja.
[Heimhug, m. Længsel til Hjemmet; Lyst til at være hjemme]
[Heimsykja, f. Hjemvee. Sv. hemsjuka.]

Kvar gong det dreg seg mot skulefri og heimferd, og mest av alt i dei siste vikone fyre jol, so kjem ei ofseleg diger heimhugklo og mesta klembrar blodet or hjartat på meg. Det er so eg ikkje evlar å gjera noko, segja noko, - men eg gjer då noko lell, og segjer noko, men eg er liksom ikkje her,
ikkje med heile meg.
Eg er ein heilt annan stad,
i eit farbygt hus (ja, det er eit hus bygt av far) med veggjer og golv og tak av varmt tre og gluggar mot ein æveleg fureskog.
Og so er det nokon eg kjenner som bur der.
Nokon eg saknar. Store & småe.

Å ve, den heimhugen.
Dét er lytet med å ha ein so gild og hjartevarm heim å fara til.
Ja, det er eit luksusproblem, dei kallar.
Men det set meg lika fullt or spìl.

So kva gjer eg då? Eg kann ikkje driva å fara burt i horg og heim, att og fram, hit og dit, i minsto ikkje no i eksamensstridi. Nei, det gjeld å gjera det beste ut or det som finst i nærleiken. Eg hev eit par grìp, eller vaksinar, mot heimsykja. No skal de sjå:

1. Surmjølk. De kann flira åt det, men surmjølk er styrkedrykk for hjarta og hug. Kvar gong eg opnar kartongen og slurpar i meg vedunderdrykken, so minnest eg eit fagert hende i barneåri, då eg skulde rista ein surmjølkkartong heime ved kjøkenbordet. Ja, for me lyt rista fyrr en me drikk, les eg på kartongen.
Dette hende: Eg skulde rista kartongen, men eg hadde av uviss grunn opna'n alt fyre eg riste, og no stod han vidopen og då eg riste til var det so surmjølki spratt og skvatt veggimillom.
Det var morosamt!
Og ho mor vart ikkje harm, sjølvsagt, endå ho fekk tjukk og feit mjølk i håret og det var kvitt uppetter veggjer og tak.
Men eg laut turka upp sjølv, må vita.
Surmjølk er reine madeleinkaka! (jf. Proust, veit de)

2. Ulljakka. Mor hev ei ulljakka som eg hev hjå meg i Nidaros. Eg undrast um ikkje ei utav farsystrene mine hev spøta henne. Mor gjekk stødt i den kufta fyrr, alljamt, då eg var ein liten sprett med ei verd som snaudt strekte seg til grasgarden ute. Den jakka er mor. Og det gilde med å klæda seg i ulljakka og drikka surmjølk samstundes, er at tvo tider eller tvo aldrar støyter i hop, eller rettare: glid varsamt inn i einannan.
For: surmjølk = barn,
ulljakka = ein vaksen (mor),
so når eg sit i jakka og drikk surmjølk so er eg både liti og vaksi på same tid. Godt, det er just slik eg kjenner meg. Korkje det eine eller andre, men båe.

3. Golvet. Ungar leikar på golvet. Heimhug heng i tett i hop med barndomslengt. So, det gjeld um å sysla med saker på golvet. Sjå Jul i Svingen på golvet, til dømes. Pakka inn jolegåvor på golvet. Liggja på golvet og tala med mor og veslesyster i telefonen. Lesa litteraturteori på golvet. Sitja under skrivebordet og berre kjenna frygdi breida seg ut i heile lìkamen. Golv er gaman.

4. Godnattsogor. Me er fulla mange som las Den store godnattboka (Bokklubbens Barn) då me var småe. Eller, vart lesne for, då. Alle sogone i den boki, og i ser yndlingssogone, dreg tankane mine med seg til den velkjende sengekanten og foreldrerøyst og godegodegode kveldar. Einaste vansken med lesing på sengi var at mor og far ofta sleit med å koma helsuge ut or barneromet, for legoklossane låg tett på golvfjølene.

De skal få sjå koss vaksinane ser ut:
Forfattaren ligg på golvet iklædd strikkejakka og les godnattsogor og HEV SURMJØLK I GLASET.
Tru det eller ei, men heimhugen stilnar.



***

tirsdag 24. november 2009

o, vyrde hòlrom

Eg vart so smått inspirert av Freud-/psykoanalyse-teikningi åt André i siste riss (15-års-bladet) - ja, endå eg hev set teikningi fyrr -, so i dag gav eg meg i kast med Freud-stykket "Det uhyggelige" ("Das Umheimliche"). Eg skal ikkje gjeva att innehaldet, eg tenkte berre lyfta fram nokre go'bitar som er so freudi-freudianske at me ikkje kann gjera anna en å bresta i lått. Ikkje av di det er toskutt det han skriv, det er mykje mun i mangt, men av di det er so inni granskogen TYPISK HAN, ASS.

Me tek til her, med gjeldingen:

Studier i drømme, fantasier og myter har lært os, at angsten for øjnene, angsten for at blive blind, hyppigt er en erstatning for kastrationsangsten. Den mytiske forbryder Ødipus' selvblinding er blot en mildere form for den kastration, som efter Talions regler havde været den eneste adækvate straff for ham.

Greidt nog. Kva so med otten for å koma "skindød" i jordi?

For en del mennesker ville kronen på uhyggen være forestillingen om at blive begravet som skindød. Psykoanalysen har imidlertid lært os, at denne rædselsfantasi blot er forvandlingen af en anden fantasi, som der oprindelig ikke var noget rædselsvækkende ved, men som blev båret af en vis vellyst, nemlig fantasien om at leve i moders liv.

No snakkar me! Og so:

Det forekommer ofte, at neurotiske mænd forklarer, at der for dem er noget uhyggeligt ved de kvinnelige genitalier. Dette uhyggelige er imidlertid indgangen til menneskebarnets gamle hjem, til det sted, hvor vi alle en gang til at begynne med har dvælet.

Og han fylgjer upp:

"Kærlighed er hjemve," lyder et bevinget ord, og hvis drømmeren af et sted eller et landskab endnu i drømme tænker: Det virker bekendt, her har jeg været før, så kan tolkningen godt indsætte moderens køn eller mave. [mi utheving]

Eg reknar med at han tenkjer på det same når han skriv:

Om ensomhed, stillhed og mørke kan vi ikke sige andet, end at det virkelig er de momenter, der hos de fleste mennesker knytter sig til den aldrig helt overvundne barneangst.

Her har jeg været før. Jau då, han fekk sagt det, han Sigmund.