onsdag 21. mars 2012

livskræmd

Livsførsla, er det visst noko som heiter.
Å føra livet. Kva er det for slag?

Det tykkjest meg heller vera slik, som oftast,
at det er livet som fører meg
meir en eg fører livet:

Livet -
det spring og sprett og rasar i veg,
det fyller seg upp og æser ut, rullar
av garde so det frøser og fyk - og eg
kjem halsande etter, ser berre skimten av det,
er sæl um eg greider å nappa det i halen.
Livet er so alt for snarføtt!

Men so hender det,
i einskilde blinkar, i ørsmåe stunder,
heilt stutt, når eg minst væntar det,
sjølvsagt då, heilt utan å melda frå,
so hender det at livet kjem smygande
og legg seg stilt og mjukt i hendene mine
og ser upp på meg med kjælne, trillrunde augo
og berre ligg der og ser og ser og spyrr, vonfullt:

«Kva vil du no? Kvar skal me?
Eg er med deg, eg, so du veit det.
Det er berre å bjoda. Eg lyder, eg.»

Og der sit eg, andlit til andlit med livet.
Det er ei skræmeleg kjensla. Beint fram avstyggjeleg.
Andlit til andlit med dauden - då veit me kva me vil.
Men med livet? Ai, kva gjer me då?
For ei heppa at desse blinkane er stutte,
so stutte at eg ikkje vinn gjera noko fyrr dei kverv!

Men lika fullt -
Kven skal elles føra livet
um ikkje eg gjer det sjølv?
Vel, so må eg føra livet då. Eg.
Djupnene opnar seg berre ved tanken!

For kva gjer eg, når livet ligg der i armane
og ser på meg, som ein hundekvelp?
Kann eg dressera det?
Kann eg læra det å gå jamsides med meg?


Slik stormar høgt mitt hav med skumkvit båre
og styrelaus i skrale båten stend eg.



*



fredag 2. mars 2012

ei lang setning. og eit par til.

Eg les Orlando. En biografi (1928) av Virginia Woolf. No kunde eg ha lagt ut i det vide og breide um kyn og samkynselsk i boki, men dét læt eg liggja her. Meir forvitnelegt er det at eg tek meg i å flira høgt og godt der eg sit og les. Det hadde eg ikkje venta. Eg veit ikkje kvifor, men sant å segja hadde eg ikkje trutt at Woolf kunde få meg til å gapskratta. Det er i grunnen merkelegt at den tanken var meg so framand, for eg hev stødt visst at drosi hadde humor, at ho var ordhag på alle måtar, eller ordhitten, um du vil, og sume tider beint ut livleg - men slik driv og føyk og leik som i Orlando er det ikkje i dei hine bøkene eg hev lese. Her er eitkvart som syd og frøyder under yta, det bryt fram og sender lesaren ein svalande vassprut midt i åsyni.


De vil radt ha eit døme? Det er vandt å velja, men her er eit døme som skulde vera talande nog, diverre ikkje i upphavleg målbunad, men i umsetjingi til Merete Alfsen (Pax, 2005). Ja, det er langt, men de må halda ut, for i enden gyv det! So:


Naturen, som har spilt oss så mange puss og skapt oss så ulikt, av leire og diamanter, av regnbue og granitt, og siden stappet oss inn i et hylster, ofte høyst upassende, for poeten kan ha en slakters oppsyn og slakteren en poets; naturen, som fryder seg ved det underlige og uforklarlige, slik at vi ennå i dag (den første november 1927) ikke vet hvorfor vi går ovenpå eller hvorfor vi kommer ned igjen, våre mest dagligdagse bevegelser er som en seilas i ukjent farvann og sjømennene i mastetoppen spør, idet de retter kikkerten mot horisonten: «Er dette land, eller er det ikke?» til hvilket vi, dersom vi er profeter, svarer «ja»; dersom vi er sannferdige, sier vi «nei»; naturen, som har så mye å svare for i tillegg til den muligens besværlige lengden på denne setningen, har videre gjort det komplisert for seg og økt vår forvirring ved å utstyre oss ikke bare med en indre fillepose av likt og ulikt - en bit av en politimanns bukser side om side med dronning Alexandras brudeslør - men også innrettet det slik at hele sortimentet er nestet sammen med en eneste tråd. Minnet er sydamen, og det en lunefull en. Minnet trær nålen inn og ut, opp og ned, hit og dit. Vi vet ikke hva som blir det neste, eller hva som følger deretter. Slik kan den mest dagligdagse bevegelse i verden, som å sette seg ved et bord og trekke blekkhuset til seg, sette tusen ulike, usammenhengende fragmenter i bevegelse, klare og uklare henger og slenger og vifter og flagrer de, som undertøyet til en familie på fjorten på en klessnor i stormvind.


(s. 52f.)