Ein sers lokal bokbeuss var innum heimen til husmori og nettnerden i går. Ja, når sant skal segjast, var det husmori sjølv som var beussen. Ho hadde sete i stova og skrive ein stubb til Dag og Tid, og då hev ho stødt ein dunge ordbøker ikring seg. Utpå eftan var stubben ferdug, og bøkene skulde attende til hylla si. Til vanleg tek husmori tvo eller tri bokturar, men i går våga ho seg til å bera alle samstundes! Det var ho so nøgd med at nettnerden vart tvinga til å knipsa eit bilæte.
Frå vinstre: husmori, Norrøn ordbok, Nynorskordboka, Norsk etymologisk ordbok, linjert skrivebok, Med andre ord og Norske Ordsprog av Aasen. Ikkje til stades då bilætet vart teke: Våre arveord (husmori nytta nettutgåva).