I dag er ein god dag. Difor kjem eg med ei godt innlegg. Med det meiner eg meiner eit innlegg um gode greidor.
På denne dagen, 5. august, i 1813 vart ein gut fødd på ein liten gard i Hovdebygdi. Og det var ein viktug fødsel! Jau då, jau då, for det var han far Ivar. Aasen. Eller Iver Andreas, som var døypenamnet hans. So, vyrdnad til honom - me ynskjer til lukka med dagen!
På fredag og laurdag sist helg var eg på ei av dei finaste ferdene eg hev vore på i sumar. Det var ei slags pilegrimsferd for meg. Kva som var det heilage målet? Barndomsheimen åt'n Ivar,
Ivar Aasen-tunet. Far og eg. Me drog. Næsten spontant (me avgjorde det heile på torsdagen). Fredag ettermiddag fór me i veg. Uppetter Mjøsa og væne Gudbrandsdalen. I kveldingi stogga me midt på Strynefjellet. Me fann ein stad å setja bilen, slo upp teltet. Eg laga suppa på primusen, og drog fram ein isboks med heimelaga semulegrynspudding i og havde raud saus attåt (det er fulla berre du, tanta, som kann sjå fyre deg kor glad han far Fridtun vart då!). So fall me i svevn, med susen frå ein fjellbekk i øyro... hoh, nasjonalromantiskt! Um morgonen bar det i veg att. Me vitja tunet - det var KNALL! So køyrde me heimatt på ettermiddagen, same vegen som me kom. Terningkast 6!
Her er nokre bilæte frå den gilde ferdi:
Bustaden.
Gamlevegen ned frå Strynefjellet.
Eit stabbur frå tidi åt far Aasen.
I går kveld var eg med mor ute i hagen (ikkje som
sist gong). Eg sette nokre blomar ned i jordi og reinska burt eit utal grøne makkar som åt upp alle blad på klematisplanta åt 'a mor - dette er fjorde året dei held etarlag i planta hennar. Ho var leid heile dritten.
Eller som ho sagde: "Nå er dine dager talte, din jævla klematis!".
So køyrde ho spaden ned under den uppetne voksteren og braut upp alt i hop so det knaka i røtene og jordi skvatt til alle kantar. Det er tak i ho mor, gett!
Dessutan glytter soli ned på oss i dag.
Gildt.