I dag hev nettnerden og husmori vore skakke ektefolk i fire månader! Granittbrudlaupet nærmar seg med stormstìg. Dei gladgifte makane høgtida dagen med å – for fyrste gong i haust – slå på golvvarmen på badet.
Heimeskrivande husmor er no godt inne i den fyrste fulle heimevika si på ei stund (nærmare jol fær de ferdayversyn for året som fór, tradisjonen tru). Då kann ho sitja inne på skrivekotet sitt og arbeida i ro og mak. Ho-ho-ho! Sant å segja sit ho gjerne ved kjøkenbordet òg, mang ein Prøysen-stubb er skriven der. Med penn og papir og bøker utyver heile bordplata. Det er no slikt arbeid som hugar henne best. Ja, i det heile lyt ho sanna at heimelivet byd på mange gledor. Til dømes: - ei samrøda med Mikkel/kjetto (men i dag skulde han visst spy att) - høglydt jubel frå nettnerden (av di husmori hev skift på sengi) - ange av nybaka braud (made by nettnerden) - å spela høg musikk og gaula attåt (huseigarane var ikkje heime) - kattepass (av di huseigarane ikkje var heime) - tvosam lesestund i sofakroken (men med kvar si bok) - gratis og lett tilgjengeleg kaffi (som smakar godt) - P2 til frukosten (det er mogleg burte òg, då, men) - det er stilt! (når ho ikkje spelar høg musikk) - nettnerd som fær A+ på islendskleksa (rosalega flott!) So det.
Eg høgtida dagen med å spela kent gallhøgt medan eg vaska badet og støvsaug resten av heimen. ... men det enda ikkje der! Eg kom til å tenkja på eit tilårskome blogginnlegg frå 2011 der eg drog fram nokre kent-tekster som alle inneheldt same ordet: tunga. Kvifor ikkje gjera det same no, berre med eit anna emne? Ymse andre emne ter seg um att og um att i tekstene, til dømes er det mykje regn, snø, myrker og einsemd. Og gråt! Og tårar! (Men sers lite snòr.) Eg gjeng for gråt-og-tåre-tema. Seks utvalde, i litt vilkorleg fylgd:
6 «Stanna hos mig» (frå Hagnesta Hill, 1999) er radt god å gripa til um du dragast med hjartesorg og dilikt: Det er över nu och jag som aldrig gillat nostalgi jag gråter nu så släck mitt ljus Över nu och jag som alltid ville vara fri vill fångas nu av din sköra röst som alltid sprack när du behövde tröst.
5 «Generation ex» (frå Tillbaka till samtiden, 2007) er temmeleg fortvilt: Säg nånting, säg nånting nu Du vet jag får panik av dina tårar Gör nånting, gör nånting nu Förstör nånting, slå mig Förstör nåt, jag överlever 4 «Chans» (frå B-sidor 95-00, 2000) er heilt på grensa når teksti stend åleine. Klamt og flautt? Kann henda. Men ikkje når Jocke syng:
Jag trycker läpparna lätt mot din hals Jag frågar 'gråter du?' Du smakar salt
3 «På nära håll» (frå B-sidor 95-00, 2000) fortel um ein ugreid måte å vakna på: Jag vaknar intill dig med gråten i halsen, dom skriker och flyr i en mardröm igen. Dom klöser varandra med klolika fingrar, jag håller dig så hårt att du inte får luft.
2 «Mannen i den vita hatten (16 år senare)» (frå Du & jag döden, 2005) gjev ordet tåreglans styrkt og utvida meining: Och snart finns det inga tårar kvar Dom var våra att ge vemsomhelst Äntligen Dom är dom dyrbarasta smycken vi har Så be aldrig om ursäkt igen Äntligen sätter du själv dina gränser 1 «Stoppa mig juni (Lilla Ego)» (frå Hagnesta Hill, 1999) er i ein klasse for seg. Eller rettare sagt: i ein klasse der berre nokre fåe andre kent-låtar er med. I denne klassen finn me einast dei låtane som vreid skrivaren upp som ein klut i 15-16-årsalderen. Ingen låt kann tevla med «747» når det gjeld å få Fridtun til å setja i å gråta, men «Stoppa mig juni» tek ein sterk andreplass. Serleg dette verset gjorde susen: Det är tårar Kan man gråta som en karl? Snälla, du, förlåt mig Jag glömde vem jag var Snälla, sluta lyssna Glöm allt jag sa Jag mår bra Du måste lämna mig i fred ... og etterpå kjem ein endefram, men akk so skakande, gitarsolo!
Ein av dei uendeleg mange fyremunene med å vera i lag med nettnerden, er at ho set på fine plator som eg ofta ikkje hev vore burti fyrr. Då og då hev ho til dømes spela platone til den framifrå færøyske musikaren Eivør. (Dei som les Dag og Tid, minnest radt at det stod um henne fyrre vika.) Men ikkje berre dét: For litt sidan fekk eg vera med nettnerden på ljomleik (ja: 'konsert') med drosi. Sidan dess hev eg mest ikkje gjort anna en å gaula færøyske verslinor. No skal eg gjera mitt for at de òg, vyrde lesarar, gjer det same. Denne Eivør hev laga mange songar, jamvel det me lyt kalla vanlege songar, med vanleg syngjing og vanlege instrument. Men den store hiten hennar er Trøllabundin, der ho syng og fræser på ymse vis og slær på ei trumma. Hugtakande! De skal få sjå og høyra. Men fyrst nokre reglar. 1 Det er ikkje lov til å sjå litt og so skru av. Alt eller inkje! 2 Kom i hug at det er best i røyndi, når ho stend tri meter undan. 3 Fullskjerm! (trykk i høgre hyrna i filmruta) 4 Slå gjerne av ljoset so du sit i myrker. Her er det ho syng på dette upptaket: Trøllabundin eri eg, eri eg
Galdramaður festi meg, festi meg
Trøllabundin djúpt í míni sál, í míni sál [sjel]
Í hjartanum logar brennandi bál, brennandi bál
Denne halvdaude bloggen vert mest nytta til internt fjas med slektningar og vener. Om du leitar etter sakleg informasjon om forfattaren Kristin Fridtun, må du klikka her.