søndag 20. mars 2011

mannalikamen og helsa

Ein god laurdag er når den gjæve lomværen som heiter Kirsti kjem på vitjing og hev vaflar og ripsgelé(?) i veska, og tid til å vera lenge, og hug til å liggja på golvet og løysa kryssord og svalla og eta kinderegg og berre kjenna at det er laurdag.

Ein god laurdag er det òg når gjesten let gjestgjevaren låna boki Mannalikamen og helsa (1907/1909) av cand.med. Idar Handagard. Det er ei lærebok um likamen og helsa, må vita, og målet er so gildt og livande at dét åleine hadde gjort boki god. Med denne boki gjorde Handagard viktugt nybrotsarbeid, for her skipa han eit medisinsk ordfang, for landsmålet, med gamle og nylaga fagnemningar. Men jamvel innehaldet er so godt at det er uråd å ikkje gledjast ved det. Difor tenkte eg at de skulde få nokre smakebitar.

Den beste biten er utan tvil opningi.
Allra fyrst skildrar Handagard skinnet. Poetiske greidor!
"Skinnet (elder hudi) klæder likamen. Det sveiper seg kring han som ein heilvoven bunad."

Um kjaken:
"Paa kvar kjakerot er det ein ledknapp som sit i ei dokk i tinningbeinet. Naar me tygg, gjeng nedre kjaken upp og ned og til høgre og vinstre. Kjenner ein daa etter burtmed øyro, kann ein kjenna ledknapparne og koss dei røyver seg. Det hender at folk gaper so stort at nedre kjaken kjem or led. Daa fær dei ikkje munnen att."

Um heilen (hjernen):
"Heilen (encephalon) ligg inne i hausen i heileskaali (fig. 97). Han er blaut som ei halvgrøyta [tjukk velling] elder diga og rukkutt utanpaa som kjernen i ei valnot (fig. 98)."

Um klæde:
"Dei [dyri] hev feld etter aarstiderne. Folkeskinnet er sitt same baade sumar og vetter. Det er snaudt, aa kalla, elder haarvokstren er berre grìsen. Difyr so lyt mannen gjera seg klæde anten av dyreskinn og dyrehaar (skinnklæde, skor, ullplagg) elder av vokstrarne (bomulls-klæde, linklæde).

Um skarlaks-sotti:
"Det sjuke barnet er raudt yver all likamen, so nær som eit par stader i andlitet. Det ser ut som det hev vore duppa i saft."

Um alkohol:
"Naar ein mann hev drukke alkohol, t. d. ei flaska øl elder tvo elder nokre glas vin, vert han gjerne svallug og flaamælt. Han slepper utor seg slikt som han helst skulde tegja med og kyter av si magt og sin manndom. Alt dette er merke paa at alkoholen held paa og fær heilen hans i ein dvale. Han kann ikkje tenkja so skarpt elder skilja so klaart som fyrr. Drikk han meir, vert han munnvalen og ordstam og ustød paa fotom, so han slagar. Daa er det segarne [musklane] i tunga og munnen og i føterne som held paa og vert lamde. Til sidst sovnar han av. Han hev fenge seg eit rus og søv no drukken manns svevn. Han ligg som han vøre kloroformera, han er i ein dvale."

Um alkohol II:
"I drukna er det ofte at folk fær paa seg leide sjukdomar som dei sidan hev mein av all si tid, t. d. ratesjuken [syfilis], dropsotti [gonoré] og andre."

Um vond ande:
"Folk som hev holtenner, fær gjerne vond ande, i vissa naar dei gløymer aa halda tennerne reine. Det er elgjelegt med ein sovoren illtev or munnen, og det er leidt baade fyr den som hev det og den som kjenner det."

Um A- og B-menneske:
"Det er nog so at sume folk er tunge um morgonen men tidige um kvelden, og sume er morgonkrye men kveldsvæve. Men det sidste er daa det vanlege. Difyr segjer me um deim som er tunge og utidige fyrst paa dagen at dei er rangsvævde elder andsvævne, og dei andre rettsvæve. Vanen hev her mykje aa segja."

Det er meir der det kjem ifrå!



14 kommentarer:

Unknown sa...

Åh! Eg trur dette er ei av dei aller beste bøkene i verda. Ho er så utruleg omfattande. Dessutan inneheld ho mykje som rett og slett er godt sagt!

Takk for ein flott laurdag. Eg kjem gjerne att og ligg på golvet!

fridtun sa...

Ja, eg skal hiva meg rundt og få i boki sjølv, på antikvariat eller dilikt.

Kom gjerne att! Kann henda du vil prøvesitja "sofaen" næste gong? ;)

Ragnil sa...

Åh, for ei fantastisk bok.
Helsing frk. Rangsvevd

fridtun sa...

Åhå, so du er ein slik ein, du! Eg er rettsvævd, og trivst i grunnen godt med det.

Zeugma sa...

Eg er vanlegvis rettsvævd, men nett i dag er eg nok litt rang. Det kjem av at eg vakna med vondt i halsen – tru kva Handagard skriv om slikt?

fridtun sa...

Å, du er fulla fengd av ein vondsleg sott av eitkvart slaget! Hev du kome i hug å gjera rein hendene (gjerne med ein naglekost til 10 øyre)? Eller hev du fare uvarleg fram i drukna?

Zeugma sa...

Eg har ikkje nokon naglekost, men eg vaskar meg så eg aldri kjenner meg turr.

Fivrelden sa...

Å, dette var artig lesning:)

fridtun sa...

Visst! Dei sysla med mykje rart, desse gamle målmennene :)

Mia sa...

Fantastisk!

"Det hender at folk gaper so stort at nedre kjaken kjem or led. Daa fær dei ikkje munnen att."

Det går gjetord om en doktor på bestefars tid, som møtte på en slik mann på gaten. Løsningen på problemet? Doktoren tok rennfart og klappet til mannen så haka smalt på plass!

fridtun sa...

Haha, ja, det er vel noko slikt som må til! :)

Og medan me talar um rennafart: Kjell Aukrust hev skrive eit lite stykke um ein alvdøl som var i storbyen (id est Oslo) for fyrste gongen. Det var sumar og godt vêr, so gubben gjekk i sandalar. Han gjekk ikring i gatone der, og brådt fekk han hug til å vera kar og visa kor coool han var, so han tok god fart og sparka alt han kunde i ein liten stein som låg på fortauet - trudde han. Han kjende snøgt at det ikkje var småstein han hadde sparka i, men eit jarnrøyr som stakk upp frå bakken.

Prikken yver i-en var ei aukrustsk nærteikning av den brotne stortåa.

Mia sa...

Haha, fantastisk. Aukrust har jeg lest altfor lite av merker jeg.

Brandsar sa...

Fantastisk bok! Morosam karakteristikk av fulle menn.

Helsing rangsvevd Brandsar

fridtun sa...

Ja, det var serleg utgreidingi um drukna som hugtok meg. Ein annan stad skriv han um kor skadelegt det er med kaffi og te. Hugsam lesnad, det òg.


kf