torsdag 31. mai 2012

ikkje lenger med dansken kava

Det er eksamenstid, men kom ikkje her og tru at målungdomen berre sit på rauvi med nasen i boki! Hå, nei! Sume er ute seint um natti og driv rabagastverksemd utanfor Nidarøhallen. Gasta greidor.



SmiN, ass.

fredag 25. mai 2012

breve scriptum

brev n (norrønt bréf; millomalderlatin breve (scriptum) '(stutt) skriv')

Brevet. Ein halvgløymd genre, ei stilna verksemd – då meiner eg rettelege brev, ikkje slike turre, stive saker som einkvan sekretæren hev krota ned, plent utan kjensla og litterært verd. Slike brev er det nøgdi utav. Nei, rettelege brev, frå éin hug til ein annan, handskrivne, skrivne av gleda eller trong til å skriva; dei fløymer det ikkje av lenger. 

Å skriva brev. Ein kunst. Ei sæl, fri og gjevande gjerd. Ei gjerd som krev tid, men som gjer den tidi rikare en ho elles skulde ha vore. Ein tenkjer annarleis, skriv annarleis. Hev vissa um den utgamle og (enno) ubrotne tradisjonen som brevet gjeng inn i, inn i Det Store Brevværet, inn til brev frå fagnafolk som Horats, Cicero, Seneca, Abélard og Héloïse, Paulus, Madame de Sévigné, Holberg, Collett, Woolf  – ulike tider, stader, stilar og slag, men brev er det lika fullt. Brevkunst. Kunstbrev. Me kann skriva til nokon me kjenner eller til nokon me ikkje kjenner eller til nokon som ikkje finst. Men brev er det.

Å få brev. O frygd! Det er sanneleg noko anna en alt det me fær elektroniskt. Me skriv og me skriv, tastar og trykkjer og sender tekst gjenom lufti, til skjermar og brett og eg veit ikkje kva. Men å få noko synlegt og handfast, noko som ikkje hev floge tvert igjenom rømdi, men som er bore yver under gjenom fjell og fjordar og dalar og skogar, som hev vore gjenom mange hender, lyft og pakka og plukka og lagt hit og so dit – og brådt er det der, heime hjå den du skreiv til, som er fråverande, men som endå er nær fordi papiret som låg framfor deg, no ligg framfor den andre. Ikkje til å tru!

Det er mange eg skulde ha skrive brev til, um eg kunde. Til dømes han som skjenkte meg eit skriftmål eg kjenner meg heime i. Kven skulde du ha skrive til, må tru?


<3 Ivar <3

fredag 18. mai 2012

jag ser dig

Den ti år gamle venskapen med kent styrkjer seg alt meir no, med den nyst utkomne skiva Jag är inte rädd för mörkret. Gode greidor! Islendingane i sigur rós hev sett svenskane i skuggen dei siste par åri, men sanneleg – no logar eldtungone frå Eksilstuna upp att. Du og du. Det er litt av nokre hugrørslor dei set i sving! Elskhugen min til desse gutane ber sant å segja i seg ei tvifeld takksemd, kjenner eg no: fyrst for musikken, so for all hugsvalingi dei gav meg i tanåri. Den tidi då alt krinsa um å høyra so mykje kent som råd, då likamen verkte etter kent slik ein sjuk likam verkjer etter lækjemiddel. 

No hev bandet lagt ut ei fagna liveutgåva av «Jag ser dig». Vel verd å sjå. Eg tenkte, då eg las teksti, at ho hev utspringet sitt i valdsverket på Utøya. Det same hev mest alle deltakarane på kentforumet tenkt. Jocke segjer som vanleg ikkje noko um tekstene, og som vanleg er det råd å tolka deim på ymse måtar. Men heilt burte er me vel ikkje:

Över klara kyrktorn steg en blek och bitter sol
Trafiken kryper blank som skalbaggskal i månskenet
 Ditt hjärta rusar, förbereder terrordåd
 Du är snabb som ljus, men kommer aldrig härifrån


Jag följer dina gnistor under tunga moln
Jag vet exakt vart du ska gå
En lögn blir lätt en sanning när den kommer inifrån
och det enda som är säkert är att
 jag ser dig
 jag kan se dig


Vi nålar upp experter bleka män med mörkersyn
De cirklar tyst kring offren som ett moln av Neurosedyn
De är lugnet över landet deras ord är fria från bly
Håll hårt i era barn nu
man skjuts i ryggen om man flyr

[...]




torsdag 10. mai 2012

i dag

Kjære Hanne

Eg skal prøva liva litt meir som du.
Gripa tidi medan ho er her, ikkje berre
sitja og grubla medan ho fer framum meg. 
Vera i det, ikkje utanfor.
Vera opi, ikkje stengd.
Vera Fridtun – i di ånd.



tirsdag 8. mai 2012

kvardagskveld

Liderna grønka som hagar og vårkjæta breider seg i soltyrste likamar. 
Upp av krakken!

I Huset med dei rare i sprelar og spelar me året rundt, me ter oss reint som galne stundom, men me er aldri so ustyrlege som når vårsoli kitlar oss i nakken og gjer kveldane ljose som dagar. Hoi, det er litt av ei sersyn!
I slike stunder stimar me mot hjartat av Huset - kjøkenet - og lèt sæla strøyma fritt ut i armar og bein. Då kann mangt og mykje bera til!

Her ser de ein vestlending og ein austlending i hugsamt samspel:


Bukken og havresekken.
Eller noko.






Taffelgymnastikk: