fredag 25. desember 2009

uppreist mot heteronissane

Eg er, som kjent, skeiv.
Eller skakk, ænnsjles ('annleis'), homo og so burtetter.
Eg hævdar ikkje at eg er noko sermerkt eller at eg er serskilt interessant som menneske av di eg er skeiv. Men, eg trur eg er meir merkt av at eg er skeiv en syster mi og mange andre er merkte av at dei er "rette"/"i vater".

Det er tolleg greidt å vera skeiv.
Det gjekk godt å fortelja det til skyldfolk og vener, so godt som det kunde.
Det er ikkje mange merknadene og spitordi eg hev fenge.
Det er ikkje serskilt vandt og vondt å liva som skeiv i Norig i dag.

Det som er litt vandt og vondt, er å tenkja på den tidi eg trudde denne logande elskhugen var noko eg laut gøyma og gløypa, at eg skulde bera det med meg i gravi, at gjenta eg tenkte på og drøymde um aldri måtte sjå at eg so mykje som glytte på henne i storefri, at eg stødt måtte ljuga når folk spurde um eg hadde nokon "i kikkerten".
So eg veit noko um løyndomar.
Eg veit noko um å skulla laga rom åt noko som er so stort at det hadde sprengt deg endå um du var fri til å sleppa det ut.
Å skulla halda noko i myrker som lyser og brenn som soli sjølv.

Men, det kann vera mykje lærdom i det som er ugreidt, og no tykkjest det meg - som sagt - greidt å vera skeiv. Etter eg vart litteraturstudent, og lærde um den græske skalden Sapfo (um lag 600 f.Kr.) som heldt til på øya Lesbos og hev skrive eit utav dei gjævaste kjærleikskvædi som finst (fragment 31), so mislikar eg ikkje eingong å taka ordet lesbisk på tunga. Ordet er greidt, det òg.

MEN. Det eg brådt vart var vesle joleftan, og som eg på ei undersam vis ikkje hev tenkt på fyrr, er at det er fælt so heteronormativ jolepynt me hev. Jolenissen er som oftast kar, englane er ofta konor. Men når me finn nissegjentor, so er dei i nittiåtte prosent av tilfelli i lag med ein nissegut. Nissegjenta og nisseguten. Nissefar og nissemor.
Eg nemnde dette for 'na mor, og 'n far høyrde det fulla.
For i timane fyre joleftan tek retteleg til, innimillom skidtur og bilvask og eg veit ikkje kva, so hadde han vore og kaupt og stelt til joleprydnad - tvo gjentor. Dei heng no i lampa yver kjøkenbordet. Der heng det mykje anna òg, men dei skeive gjenteenglane trivst sers godt, det er lett å sjå. De kann berre sjå og døma sjølve:



Då er det berre å ynskja dykk alle ei skeiv og god romjol!

fredag 4. desember 2009

surmjølk mot heimhug

Eg såg det koma. Eg såg det!
Eg bida på det. Og eg fagna det då det kom.

Det er den trufaste heimhugen, veit de. Eller heimsykja.
[Heimhug, m. Længsel til Hjemmet; Lyst til at være hjemme]
[Heimsykja, f. Hjemvee. Sv. hemsjuka.]

Kvar gong det dreg seg mot skulefri og heimferd, og mest av alt i dei siste vikone fyre jol, so kjem ei ofseleg diger heimhugklo og mesta klembrar blodet or hjartat på meg. Det er so eg ikkje evlar å gjera noko, segja noko, - men eg gjer då noko lell, og segjer noko, men eg er liksom ikkje her,
ikkje med heile meg.
Eg er ein heilt annan stad,
i eit farbygt hus (ja, det er eit hus bygt av far) med veggjer og golv og tak av varmt tre og gluggar mot ein æveleg fureskog.
Og so er det nokon eg kjenner som bur der.
Nokon eg saknar. Store & småe.

Å ve, den heimhugen.
Dét er lytet med å ha ein so gild og hjartevarm heim å fara til.
Ja, det er eit luksusproblem, dei kallar.
Men det set meg lika fullt or spìl.

So kva gjer eg då? Eg kann ikkje driva å fara burt i horg og heim, att og fram, hit og dit, i minsto ikkje no i eksamensstridi. Nei, det gjeld å gjera det beste ut or det som finst i nærleiken. Eg hev eit par grìp, eller vaksinar, mot heimsykja. No skal de sjå:

1. Surmjølk. De kann flira åt det, men surmjølk er styrkedrykk for hjarta og hug. Kvar gong eg opnar kartongen og slurpar i meg vedunderdrykken, so minnest eg eit fagert hende i barneåri, då eg skulde rista ein surmjølkkartong heime ved kjøkenbordet. Ja, for me lyt rista fyrr en me drikk, les eg på kartongen.
Dette hende: Eg skulde rista kartongen, men eg hadde av uviss grunn opna'n alt fyre eg riste, og no stod han vidopen og då eg riste til var det so surmjølki spratt og skvatt veggimillom.
Det var morosamt!
Og ho mor vart ikkje harm, sjølvsagt, endå ho fekk tjukk og feit mjølk i håret og det var kvitt uppetter veggjer og tak.
Men eg laut turka upp sjølv, må vita.
Surmjølk er reine madeleinkaka! (jf. Proust, veit de)

2. Ulljakka. Mor hev ei ulljakka som eg hev hjå meg i Nidaros. Eg undrast um ikkje ei utav farsystrene mine hev spøta henne. Mor gjekk stødt i den kufta fyrr, alljamt, då eg var ein liten sprett med ei verd som snaudt strekte seg til grasgarden ute. Den jakka er mor. Og det gilde med å klæda seg i ulljakka og drikka surmjølk samstundes, er at tvo tider eller tvo aldrar støyter i hop, eller rettare: glid varsamt inn i einannan.
For: surmjølk = barn,
ulljakka = ein vaksen (mor),
so når eg sit i jakka og drikk surmjølk so er eg både liti og vaksi på same tid. Godt, det er just slik eg kjenner meg. Korkje det eine eller andre, men båe.

3. Golvet. Ungar leikar på golvet. Heimhug heng i tett i hop med barndomslengt. So, det gjeld um å sysla med saker på golvet. Sjå Jul i Svingen på golvet, til dømes. Pakka inn jolegåvor på golvet. Liggja på golvet og tala med mor og veslesyster i telefonen. Lesa litteraturteori på golvet. Sitja under skrivebordet og berre kjenna frygdi breida seg ut i heile lìkamen. Golv er gaman.

4. Godnattsogor. Me er fulla mange som las Den store godnattboka (Bokklubbens Barn) då me var småe. Eller, vart lesne for, då. Alle sogone i den boki, og i ser yndlingssogone, dreg tankane mine med seg til den velkjende sengekanten og foreldrerøyst og godegodegode kveldar. Einaste vansken med lesing på sengi var at mor og far ofta sleit med å koma helsuge ut or barneromet, for legoklossane låg tett på golvfjølene.

De skal få sjå koss vaksinane ser ut:
Forfattaren ligg på golvet iklædd strikkejakka og les godnattsogor og HEV SURMJØLK I GLASET.
Tru det eller ei, men heimhugen stilnar.



***

tirsdag 24. november 2009

o, vyrde hòlrom

Eg vart so smått inspirert av Freud-/psykoanalyse-teikningi åt André i siste riss (15-års-bladet) - ja, endå eg hev set teikningi fyrr -, so i dag gav eg meg i kast med Freud-stykket "Det uhyggelige" ("Das Umheimliche"). Eg skal ikkje gjeva att innehaldet, eg tenkte berre lyfta fram nokre go'bitar som er so freudi-freudianske at me ikkje kann gjera anna en å bresta i lått. Ikkje av di det er toskutt det han skriv, det er mykje mun i mangt, men av di det er so inni granskogen TYPISK HAN, ASS.

Me tek til her, med gjeldingen:

Studier i drømme, fantasier og myter har lært os, at angsten for øjnene, angsten for at blive blind, hyppigt er en erstatning for kastrationsangsten. Den mytiske forbryder Ødipus' selvblinding er blot en mildere form for den kastration, som efter Talions regler havde været den eneste adækvate straff for ham.

Greidt nog. Kva so med otten for å koma "skindød" i jordi?

For en del mennesker ville kronen på uhyggen være forestillingen om at blive begravet som skindød. Psykoanalysen har imidlertid lært os, at denne rædselsfantasi blot er forvandlingen af en anden fantasi, som der oprindelig ikke var noget rædselsvækkende ved, men som blev båret af en vis vellyst, nemlig fantasien om at leve i moders liv.

No snakkar me! Og so:

Det forekommer ofte, at neurotiske mænd forklarer, at der for dem er noget uhyggeligt ved de kvinnelige genitalier. Dette uhyggelige er imidlertid indgangen til menneskebarnets gamle hjem, til det sted, hvor vi alle en gang til at begynne med har dvælet.

Og han fylgjer upp:

"Kærlighed er hjemve," lyder et bevinget ord, og hvis drømmeren af et sted eller et landskab endnu i drømme tænker: Det virker bekendt, her har jeg været før, så kan tolkningen godt indsætte moderens køn eller mave. [mi utheving]

Eg reknar med at han tenkjer på det same når han skriv:

Om ensomhed, stillhed og mørke kan vi ikke sige andet, end at det virkelig er de momenter, der hos de fleste mennesker knytter sig til den aldrig helt overvundne barneangst.

Her har jeg været før. Jau då, han fekk sagt det, han Sigmund.

søndag 15. november 2009

så nära får ingen gå

kent.
berre av di dei hev kome med ei ny skiva. berre av di dei aldri kjem til å laga ein vænare kjærleikssong en kräm. berre av di kräm er so stinn av eldhug, fræs og lengt. berre av di kräm er eksplosiv. berre av di eg lengtar og vil vera
nær ved å sprekka,
eg òg.

Jag vill ha din ryggrad här
Fäst den i mig
Jag är alltid tryggast när
du är
en liten bit ifrån

en rörelse i ögonvrån…

Lägg dig ner i gräset nu
Du är så varm här
Jag vill ha min tunga där
du är,
så nära att du blir våt

men så nära får ingen gå…

Lägg dig ner precis
som du alltid gör när
Jag vill ha min tunga där
du är,
så nära att du blir våt

men så nära får ingen gå…


Som dei segjer for eit gamalt ord: Han lenge lengtar, som myket ventar.

tirsdag 3. november 2009

beint ut sagt

Du undrast kann henda kva 'ein beine' er? (hell 'ei beina', då, i dagsens rettskriving)
For det er ikkje eit bein.
Men um du glytter på denne teikneserien utav Hauge-diktet "Gjer ein annan mann ei beine", so fær du skyn på den saki.

fredag 9. oktober 2009

haustfri

Aldri såg eg ei yta so still, som i gårmorgon, då vatnet låg skirt og lognt, endå vinden hadde herja heile kvelden og natti i fyrevegen. Undersamt, det der, kor det skjek og driv den eine stundi, og so er alt ovende audt og stilt den næste. Fint med hytteliv um hausten.

Snjo var det au, det datt ned tjugo til tretti centimeter tysdagskvelden. Morosamt, det, for tvo ungsprettar som eg og syster mi.


Fjellgutusjøen. Tagall og mild.



Basing i snjoen.



Veslesyster fekk stella neglene mine som ho vilde.
Manikyr, heiter det visst.

torsdag 1. oktober 2009

stire-alv & vasspyttar

Sigur Rós hev ei dyngja med songar som riv og slit i hjarterøter og alt slikt som er mjukt på innsida, det er liksom bringa vert knoda og elt som ein deig berre Jónsi kjem burti gitarstrengane med cellobogen sin. Men me fær ikkje gløyma at dei hev ei rad blide songar òg, islandssønene, og ikkje sjeldan støyter me på leikande og barnlege visor, som "hoppípolla" frå takk og "starálfur" frå ágætis byrjun. Eg etlar å tyda båe til norsk og leggja deim ut til gaman og gleda for ein og kvar, av di:
1) "hoppípolla" er so grum-god og morosam og sorgsam og fengjande og alt på éin gong, og dei som likar songen utan å skynja ordi, kjem evlaust til å tykkja endå betre um honom når dei ser kva det dregst um;
2) "starálfur" høver godt til skire haustkveldar. Og sovordne kveldar kjem snart, berre alle regnskyene fær gjort ifrå seg.


"hopp-i-pyttar"

smilande
tek me i ring,
held hender,
heile verdi uklår
utan du
som stend

renneblaut
dyende våt
utan gummistyvlar
du flyg inn i oss
vil springa ut or skalet

vinden
og utelukt av håret ditt
eg slo so hardt eg vann
med nasen min

hopp-i-pyttar
utan gummistyvlar
dyende våt (renneblaut)
utan gummistyvlar

og eg bløder naseblod
men eg stend uppatt stødt

og eg bløder naseblod
og eg stend uppatt stødt


"stire-alv"

blå natt yver himmelen
blå natt yver meg
ser ut or gluggen min
med hendene
falda under kinn
tenkjer på dagen min
i dag og i går
klæder meg i blåe nattklæde
beint upp i sengi
breider yver den mjuke dyna
læt att augo
løyner hovudet under dyna
der stirer på meg
ein liten alv

spring imot meg, men rører seg ikkje
stirealv sjølv
eg opnar augo
fær svevnen undan
tøygjer meg og trur eg er (for eg ser ikkje)
attkomen og at alt-alt-er-i-orden
men enno vantar noko
liksom alle veggjene -
stirealv.

mandag 21. september 2009

helg i raudt og gult

Me var ein liten nordistflokk som fór upp i fjelli sist helg. (Kvernmovollen, heiter det visst, der me budde.) Det skal eg helsa og segja var gilde saker! Å berre stræna kringum i lyngen utan ein einaste bokstav framfyre auga - - det er godt med ei liti kvild frå lesteren stundomtil. Gjera heilt handfaste ting som å heimtaka vatn og koka mat på vedomn. Drikka kaffien ute på ein halvmorken stubbe. Sjå lauvet rodna di høgare upp ein kjem.

Men det er ikkje med mothug eg set meg ned med bøkene att, nei beint imot, med ny kraft og eld i bringa! Og bilæte hev eg òg, som de kann sjå:


Ei retteleg dassdør med hjarta i.



Utsyn.



Fridtun i slag. Attum ser de det vesle vatnet Skjulungen, som André og eg bada i.
Dæ va godt dæ gett!

søndag 30. august 2009

bordskikk & slikt

Eg hev slege innpå ihopsetjingi raping og eting i norrøn bokheim tidlegare i sumar, og no gjer eg det endå ein gong. Denne gongen gjeld det den vesle Soga om Torgils og Havlide. Um Tord, ein av karane i soga, vert dette fortalt:

Han hadde litt vanskar med å eta kjøt av di han rapa og fekk oppgurp av det og ein noko ram ande.

Merk underdrivingi "ein noko ram ande".
Karane er i gjestelag og heller innpå mjød og andre go'saker, og tek so til å moroa seg med å kveda vers. Emnet er kjøt-rapingi hans Tord. Det er endå til ein kyrkjamann som opnar ballet, for Ingemund prest luter seg til sidemannen og segjer dette:

"Kvar ifrå trekkjer denne tev?"
Tord andar no attant'.

Her fylgjer eit utval vers til gleda og gaman:

Lite det gjer om
vi her i laget
av okse-kjøtet
kjem til å rapa!
For Tord, sonen til
Torvald som var
Kjartans son, or
kjeften laut rapa!

Og:

Maten jaga sure
støytar opp or brystet,
bamse-eta på jotnens
ætling, heile dagen.
Fingrane tok folk i
flokken om nasen då
rauste karen rapa -
ring tev tolte lyden.

Og:

Goden rapa så,
vi laut framom gå,
nakketust i sky
kvar og ein skreik fy!

Til dette siste verset høyrer dette avsnittet:

Så er sagt at Tord vart følgd ut med denne visestubben til avskil. Men det er ikkje sagt noko om at han elles fekk med gåver.

Det var fulla litt leidt å vera Tord. Men det tryggjer å få stadfest at kroppsfunksjonar var morosamt då som no.

tirsdag 25. august 2009

inní mér syngur vitleysingur

Já, ég er alltaf á Íslandi!
Det er berre å orsaka at det fer fram so lang tid millom kvart innlegg, men det er so mykje som hender um dagane. Handskrift-skeidet i Reykjavík er nyst endt, og eg hev lært ovende mykje um dei gamle millomalderbøkene. Me fekk endåtil halda i og blada i dei eldgamle bøkene!

Vel. Men det beste er at me jamvel fekk innsyn i gamle, islendske songtradisjonar. Frå gamalt hev dei ein songleik der ein skal syngja same songen sju gonger - og kvar gong skal ein ganga éi tone upp. Er rår dykk til å sjekka ut dette her, og syt for å skru ljodet høgt upp! (Du skal trykkja på "Jón Stefánsson" > og dinæst "Hlusta" øvst i vinstre kråi)

For stemningi: Eit bilæte av Konungsbók (Codex Regius av poetiske Edda), frå um lag 1270, som eg hev sét med mine eigne augo!

søndag 16. august 2009

nytt krypinn

Eg hev ein ny heim no. Ingen fleire dagar og næter på Voll.
Men fan! - dette er ti tusund gonger betre. Dette er ein heim.
Far vel, linoleum og institusjonskjensla.
Her, i nyheimen, er både trivelegt og lognt og ljost.
Ja her kann ein byggja og bu!
Eller berre bu.
Sovekråi mi er soleides:



Jau, sengi er grum. Kaupt på Finnskogdagane på Svullrya, sjølvpussa og sjølvmåla, med hjelp frå mor og far. Snikkar-far meiner ho radt er hundrad år eller so.
Og eg hev Ludvig og bestefar yver hovudet, og Ludvig og Solan på dynetrekket. Betre vert det ikkje!

Eg bur med ein ven, og eg hev framleis eit lauvtre utanum gluggen.

Alt ihoplagt: Eg er nøgd.

I morgon fer eg atter ein gong til Íslands. Það verður gaman & gleði!

Lat oss enda med ei strofa av Aasen:

Ja heime der baka dei Braudet best,
og vænaste klippa dei Klædi,
der hava dei Klangen i Maalet mest
og vænaste kveda dei Kvædi.
Der ser du ein Dag med ljosare Lag,
og Skog med eit mildare Skygge;
og raamar so Sorgi deg der med eit Slag,
so finner du endaa eit Hygge.

søndag 9. august 2009

glup raping

For tidi les eg Konungs skuggsjá, eller Kongsspegelen, frå um lag 1230-1260, og der råkar ein på mykje moro. Dette er ei "uppsedingsbok" med ein far og son i samrøda, og boki vert drivi fram ved at sonen spyrr og faren svarar og legg fram og tyder ut alt det sonen hev hug til å spyrja um. Her er dryft både krigskunster og våpen, seder og skikkar, kaupmenner og kongar, hav og jord, klæde og matstell.

Ein ovende morosam bolk er den um Islandshavet og alt levande som finst i det. Til dømes skal det finnast ein slik undersam skapnad:

"Det er fortalt at naturen til denne fisken [havguve] er slik at når han skal ete, så gjev han opp ein stor rap or halsen, og med den følgjer det då mykje åt, så allslags fiskar nær ved samlast til, både store og små, og meiner dei der skal få seg god mat og føde. Men denne fisken let munnen sin stå open imedan, og det opet er ikkje mindre enn eit stort sund eller ein fjord, så fiskane kan ikkje vare seg for det og renner inn, heile horga. Men så snart magen og munnen hans er full, så let han att munnen, og då har han fanga og stengt inne alle dei som før trådde dit og ville leite seg mat" (norsk tyding ved Alf Hellevik)

Det var jaggu ei glup gjerd!
Noko å tenkja på næste gong kjøleskåpet er tomt og svolten gneg.

fredag 31. juli 2009

glytt frå Gutulidi (og strôki kringum)

Eg er nyst attkomi etter tvo vikor utanfyre "folk'skikken". Godt nøgd med dagane uppi der, so nøgd at eg mest ikkje ansa at dei, dagane, kom og gjekk. Då er det vel som det skal vera.

Núna er ég heima, og þess vegna hlusta ég á heima - aftur og aftur og aftur.

...men det varar ikkje lenge, for snart skal heile huslyden ut på vegen att. Ferietur, heiter det visst. Er du i eller millom Nidaros og Bjørgvin i næste vika, so kann det henda me støyter saman.

Fyre dét, kann du sjå sumt av det teiknaren gjorde uppi Femundsmarki:


Sat på troppi i kveldsoli og drakk øl.



Sov i telt høgt uppi fjellom. Me såg ikkje ørn denne gongen,
men me kom nært innpå ein diger elg som veifta med øyrom
og luska innetter i skogen
so majestetisk og høgreist som berre ein elg kann luska.



Eg gjekk med sekk. Og trekopp.



Og eg raka gras av bikkja. Me hev ikkje grasklyppar på hytta, må vita,
men far hev ein sigd.


Kveldskos i lyngen. Gjev ans på regnbogen. Fine saker.


Sjáumst!

mandag 13. juli 2009

D'er betre på Berg en på Baara

Jau, eg skal ganga ved det, eg er landkrabbe inn til beinet. Fridtun tykkjer betre um fjellvegen en sjøvegen, endå so blautt det var uppi dalom i fyrrvikun. Då gjekk me, fem blidauga ungmøyar, fjell-leidi frå Alvdal til Uppdal. Me ansa ikkje blåster og bløyta, men klivra og kleiv upp den eine lidi etter den andre, gjenom fjellkjørr og yver fjellgras, lauga oss i blanke vatn og sov medan regnet sildra nedetter lavvoduken. So var det upp å koka graut og sopa sakene i sekken og fara ut i den frie fjellheimen. Eta ei kakuskiva på ein stein medan skoddeflokane seig innpå og fór att, sjå lambi i kvike sprang uppetter fjellsida, suga på kvitfrosne fingrar og leita i lummone etter mjukblaute mandlar som sette ny kraft i leggene.

Det var ei gild ferd.
Ingi kiv og strid, ingi stygge skadar, ingi rædslenæter.

Men me såg ørn! Å jø, som me såg ørn! Me skræmde upp ei lika attmed stigen, snaudt tretti meter ifrå, ov-vengjone slo og duna og fuglen steig og me stod med gapande kjeft og såg dyret luftsigla langt og lenge fyrr en det kvarv um ein bergknatt.
Då tenkte eg på Sjón. Ja, i slik ei stund tenkte eg på den islendske skalden. Då han vitja Nordkurs-klassa for tvo vikor sidan, spurde eg: Hvað er þat fegrasta íslenska orðið?
Og Sjón svara: Arnsúgur.
Ein arnsóg er ljodet eller vinddraget av ei fljugande ørn, susen av ørnvengjeslag. Tenk at målet hev eit ord for slikt!
Det var ei gild stund skal eg lova deg, den tidi ørni var innan augleitet.

Her ser de teiknaren på veg mot Folldalsfjelli og andre fjell. Der var godt gjengt. Dessutan var der turt, fyrste dagen. Eg er budd til næste fjellferd, um ei snaud vika. Det vert i Femundsfjelli. Og då skal eg koma i hug tjukke vottar.

lørdag 11. juli 2009

ára bátur

Eg held fram med Sigur Rós. Islendsk til norsk. Frå með suð í eyrum spilum við endalaust jamvel denne gongen. Syrgjelege saker, med ei yvervættes sprenging i enden. Jø, kor mange gonger hev eg ikkje gjenge seint og smått heim frå skulen, i skodderegn og blåster, og havt denne på øyro.
Du kann høyra det godvonde verket her.
Og alle mistak stend eg sjølv til svars for.


du freista alt
ja, tusundfelt
du upplivde nog
du fekk nog
men det var du som lét alt
i hjarta på meg
og det var du som atter
kveikte anden
inni meg

eg fór
du fór

du rotar og grev
i kjenslone
i kjøkenmaskini
alt ute um alt
og det var du som stødt
var til stades for ein
og det var du som aldri dømde

eins sanne ven

eg fór
du fór

[vonlendsk]

du sigler på elvane
i ein gamall robåt
som ov-lek
du sym til land
skyv frå bylgjegangen
inkje finn feste
du flyt på sjøane
søv på yta

ljos i skodda

[vonlendsk]

tirsdag 30. juni 2009

ugras

Ein ovstor fyremun med islendskkunna er at eg kann skynja ordi åt songaren i Sigur Rós, minder han syng vonlensku, då, må vita. Mest alt er skinande poesi, ordmagi. For å syna dét, hev eg sett um perla illgresi til norsk. Den islendske teksti finn du her.


du søv heilt til høgst å dag
du døyr og livnar til
lauvsbladi brigdar litene

du kjenner - ferd på føter,
klædd i regnkåpa - du held ut til myrketidi

du riv or deg hjarterøter
som du trør på
med hendene i lumma,
med nog å gjera
eg gjeng i blaute graset
heilt innåt

det skin på meg
igjenom tregreinene
sjå du upp og livna til
lauvsbladi brigdar litene

me finn logn, fester røter
avklædde or hjarto
me held ut til gode dagen

me plantar og gjev liv og spring ut
med hendene ute or lummone
ut til rotjordi
me tek undan styggtankane no

tidi lækjer alt, gjev liv, gjer upp eld
av sjælslogar

ikkje lenger kaldt, eg hev atter liv
mi sjæl livnar
eg målar verdi


Huga på å høyra?
Verði ykkur að góðu!

søndag 21. juni 2009

hjartans djupaste lengsel

Það er sumar á Íslandi.

Og dagane renn som sand millom fingrane,
dei fer fram utan eg ansar det, snøgge som elden,
no er fyrste helmingen av Islandskeidet attum teiknaren.
Her er alljamt ljost. Kvar dag er lika bjart som han er lang, endå den blåe og gråe himilbunaden skiftest um rumet på kvelvingen.
Fylgjeleg er her ikkje mykje myrker og angst og otte å tala um.
Eg etlar lika fullt å skjenkja i eit Olav Aukrust-kvæde åt dykk,
for han var slik ein storgild, kjenslevar skald.


Hjartans djupaste lengsel brenn
i myrkret med natt mun lide.
Men ljuvleg er det når soli skin,
då raknar so mang ei kvide.

Redd gjenom natti eg Rimfakse reid,
og burte var stjernor bjarte.
Då rann det sol over helut hei,
då rivna natti den svarte.

Skinfakse reid eg, og jordi skein,
og alt som på jordi drøymde,
blomar og hjarto og klaka stein,
og gleda or augo fløymde.

Jordi sprengde sin drake-ham,
eg tykte ho skein forklåra
og sumde som skinande svane fram,
ja, frigjord og sigers-kåra.


Gott kvöld!

lørdag 13. juni 2009

meir islandsidyll

I dag var me ein liten flokk som gjekk i den islendske fjellheimen. Me gjekk upp mot Þverfellshorn, ein topp som er noko under tusund meter. Men det skal segjast at det berre var dei tvo norske fjellgeitene, Malin og eg sjølv, som gjekk heilt til øvste nuten. Eg legg ut nokre bilæte nedanfyre.

Elles kann eg melda at alt gjeng som det skal her ute på sagaøya, eg hev endåtil sét handskriftene til Snorri-Edda og Njáls saga og alle desse gamle gode, so allt í lagi, som islendingane segjer. Alt i lage/orden. Dette er det næraste eg, norrøntstudenten, kjem utveksling, so det gjeld um å njota dagane! Og njóta málsins [målet], sem er fagurt sem sólin og ástin og heimurinn!








(ja, det er nett so bratt som det ser ut til)



Utsynet frå toppen.

tirsdag 9. juni 2009

gåta

Gissa kva for eit land eg er i:

tirsdag 2. juni 2009

blomar

Sumtid finn blomen det høvelegt å stikka hovudet upp der ein minst ventar det.
Til dømes på (den gamle) skulevegen upp til Dragvoll.
Til dømes millom steinhellone i hagen.
Eg undrast um nokon hev planta dei der.
Nokon med uvanleg grøne fingrar.



tirsdag 26. mai 2009

ein tysdag. eit bilæte. XIII. & noko attåt

Her kjem siste tysdagsbilætet nokon gong. I minsto frå denne gluggen.
For no er skuleåret endt og snart snur eg nasen mot Elverum.
Når skulen tek til att,
bur eg i lag med han André. Storgilde saker!
Siste eksamenen var i dag, millomalderlatinen,
og det gjekk godt dét,
men endå betre er fridomsferdi ein kann leggja ut på
etter at alle papir er greidde or neven
og ein hev sagt hej og far vel til kvar og ein
og er attkomen i seg sjølv [for ein er ikkje reint seg sjølv i denne eksamenstridi]
og læt sæla siga innpå ein.
Fridomsferdi, ja, då knyt ein lissone og legg i veg innetter skogstigen,
og dét skal eg segja, at når alt er undangjort og ein ikkje treng gruna og gruva seg,
då er det mesta som heile skogen rykkjer eit stig nærare,
liksom ein hev reinsa linsa,
kvar stuv, kvar stein, kvar bekkjeklunk,
dei fær fritt gjenge til hjarta og haus,
og det segjer seg sjølv at veike sjæler vert styrkte av slikt.

Men til saki: Eg skal leggja ut det siste bilætet, og det tok eg i dag tidleg, etter morgonverden og fyre tonnstellet. Men fyre dét skal de få sjå heile gullrekkja, men utan bilæte IV og VI, for dei er frå Elverum og Femundsmarki. I alt trettan bilæte er tekne tysdagsmorgonen klokka halv åtte.
Her, veit de:

3. mars



10. mars:



17. mars:



31. mars:



14. april:



21. april:



28. april:



5. mai:



12. mai:



19. mai:



Og i dag, 26. mai:



Det er ei sæl, men gåtefull jord me bur på, som lagar til sovorne under for oss kvart år.
Signa våren!

lørdag 23. mai 2009

Adam

Ikkje den fyrste Adam, men Adam av Bremen. Flestalle hev fulla høyrt tala um den karen. Men hev de lese noko utav det han skreiv? No i siste eksamensinnersvingen driv eg å set um nokre av skriftene hans, og jø og jø so mange fotvitnelege utgreidingar han yrkte! Her kjem nokre kråser (fri umsetjing):

Alle som liver i Norig (Norvegia) er svært kristne, med undantak av dei som bur langt burte i nordstroki innved havet [det vil då segja samane]. Dessutan driv dei med trollkunster og hekseriar so mykje dei kann, og dei hævdar å vita kva kvar einskild på heile jordi driv med. Og enno kann dei ved å mulla ord driva digre kvalar upp på strondi, og mykje anna som ein kann lesa um trollkunster i Skrifti gjer dei likso lett.

I dei ublide fjelli som er der, høyrer eg at kvinnfolki er skjeggute, [...] og når dei talar er det mest som dei skjer tenner heller enn å bera fram ord.


Skridfinnane [samane] kann ikkje liva utan snjo og kjøld, og dei flyg snøggare enn sjølv ville dyr gjenom/yver den sers djupe snjoen.

Folket som bur der [på Grønland] er blågrøne på grunn av saltet, og av det hev øya fenge namnet sitt.



Alt er frå fjerde boki hans, um øyriki i Norden.

Til sist eit bilæte av Adam (eg trur i minsto det er av honom):

tirsdag 19. mai 2009

ein tysdag. eit bilæte. XII.

Atter ein tysdag.
Her er bilætet. Det var so sterk sol, og glaset var møkut av gamalt regnvatn, so det var ikkje råd å taka eit dugande bilæte fra innsida. Difor vart det eit eg-stikk-handi-or-glipen-og-knipsar-i-veg-knips i dag.

Sjå det væne, vesle treet mitt. Lauvet spratt i helgi.
Me hev røda um so mangt, me tvo. Ja, for sumtid kann ein tre vera jamgodt med ein ven.

søndag 17. mai 2009

17. ma-i er vi så gla-i

Jau, so hev det vore nasjonaldag att.
Og ein fin ein.
Dagen tok sjølvsagt til med lusking i heilhose (nyordet for strømpebukse) og bunadskyrte. Inkje er som å suldra rundt den bunaden og drikka svart kaffi og glåma ut gluggen på flagget som grannen hev heist. Høyra litt på radio, koka egg, du veit.
So fór eg ned til by'n. Og der var det heitt og trongt! Det sildra nedetter ryggbeinet i eino, heile dagen.
Eg gjekk i tog, såg på tog, helsa på folk i tog, vifta med flagg, fekk klemmar, kauka HURRA!, røda med folk, åt is, drog åt Ilaparken - alt medan soli skein og folk flira og bunadskorne knepte mot asfalt og brustein. Gode greidor.

Soleides var utsynet attum fana åt LLH:



Alle var samde um at det hadde vore ein fin dag.

lørdag 16. mai 2009

or høgtalaren

Eg sette på radioen i dag, på slump, på P2, og eg landa midt i Visebølgen, og midt i "Menuett i mai". Det må vera den vænaste mai-songen som nokon gong er smidd i hop. Han trefte meg - som alt anna no um dagane - midt i hjarteroti. Det var som eg brått sat på trammen i lag med ein gamal ven, eller ei bestemor, ei syster, ein mild og livleg maikveld, slik berre maikveldar kann vera.

Takk, Sandbeck. Eg lånar nokre strofor 'ta deg og pryder vevritsida mi med deim:

Vil du bli med i menuetten
i de grogrønne mainetten'
når det våres, når det våres
utmed gangsti og vegg
Vil du leke og gle' deg
tar du kjæresten med deg
uti skogen når det lever
milla bjørker og hegg

Det er ongdom og det er drømmer,
det er lengsel i alle gjømmer,
sjå det gjynger, sjå det gjynger
i en fin menuett
Det er sammar i vente,
det er lykke å hente.
Det er livet som forærer
deg en blomebukett

Og det synger i menuetten
i de grogrønne mainetten' -
ingen spådom, ingen spådom
kan formørke ditt sinn
Der fast under sola,
det er gamalt på jorda:
Je vil leve, je vil finna
en å kalle for min

tirsdag 12. mai 2009

ein tysdag. eit bilæte. XI.

Her kjem det tridje siste tysdagsbilætet.
I dag legg eg ved nokre linor frå eit dikt av skalden Christian Braunmann Tullin. "Maidagen" (1758) er døme på det Schiller vilde ha kalla ein idyll (sentimental-elegisk): gleda, naturnærvere, positiv lyst.




1
Min Muse, kom og lad os flye
Fra dette melancholske Fængsel,
Hvor Ønsker daglig døe i Trængsel,
Og fødes for at døe paa ny,
Hvor Kunst og Vid kun pønser paa
Den beste Plan til nye Sorger,
Hvor Rigdom sulter for at faae
Det Støv den for sin Arving borger

2
Hvor Retten selv er Tærningkast;
hvor Ja af Hyklere bortleies;
Hvor Dyder mod Ducater veies;
Hvor fattigdom er største Last;
Hvor Rigdom gjør en Daare klog,
Ærværdig, ædel, sindrig, klygtig;
Hvor Sindets Roe sin Afsked tog,
Da Nøjsomhed blev gjort landflygtig

7
Søg op det Sted hvor Frihed boer:
Hvor kunstlet Sorg, selvgjorte Plager
Udgjør ei Livets fleeste Klager,
Men Smile selv hos Armod groer;
Hvor jeg og du kan løse lidt
De Tanker som laae før i Lænker
Og uden Tummel drikke frit
Den Nectar som Naturen skjenker

14
Den ranke Gran paa Bjergets Top
Sin Pyramideform opreiste,
Og med den smale Spidse kneiste
Højtidelig mod Himlen op.
Dens Bul og Rod af Balsam fuld
Sig havde der saa sterk forskandset,
At den sin Kamp mod Frost og Kuld
Forlod med Seierstegn omkrandset.

fredag 8. mai 2009

fyrste maivika

So, det ber mot enden på fyrste vika i mai, og her er fire glimt som syner sumt av det teiknaren og forteljaren hev trøytt tidi med.

Nissekalenderen min hev dette bilætet for mai månad:

(Teikningi heiter Kjell's Angels. Venabu.
"Kjell" er Kjell Midthun. Han er den beste nisseteiknaren i verdi.)


Sunniva med hjartet i handa og eg på åremålsdagen hennar Silje.
Ho vart 22. Hurra!



Heimeeksamen. Eg skriv um meistersmeden Volund og ser ut mot fjorden. Godt nøgd med det.



Eg hev sét væne himlar koma og fara utanfyre gluggen:

torsdag 7. mai 2009

liten narr. og kvitsymra.

Kvitsymra fyrst. Det er næsten so ein ikkje trur det er sant. Dæ næsten så det itte æ gudsens sæinning! Men jaggu er det det. På veg heim frå skulen opna kvithavet seg. Og ikkje var det snjo.




Og Odd syng Liten Narr.
Og eg lyder.

Eg lettar på luva når du blundar
Eg dansar nokre steg når du ler
Eg ser ei sol stå opp når du smiler
og står ved di side når du ser

tirsdag 5. mai 2009

ein tysdag. eit bilæte. X.

Her kjem tiande tysdagsbilætet i år. På ei vika hev både gras og tre grønka, just som eg venta meg.

Bilætet:

tirsdag 28. april 2009

ein tysdag. eit bilæte. IX.

Den fyrste regntysdagmorgonen!
Men ein kann gleda seg yver slikt vêr au.

Å, kor graset fagnar væta! (med opne strå?) Å, kor det bur seg og frygdar seg og snart hentar fram den kvassgrøne bunaden! Å, kor det angar jord og tre og blaut stein og sildrar i nakken!

Fin morgon.

lørdag 25. april 2009

når Våren kjem, er Vetteren gløymd

Eg heiv meg på trøsykkelen i dag og fór til Jonsvatnet. Gildt! For eit påhitt!

Eg sveiv og dreiv
i steikande solskin
i t-skyrta og stuttbrok
i fint driv.

Gode greidor.
Og mykje fint å sjå langsetter vegen:

- Kvitsymra.
- Ei diger hestruga som nokon hadde stukke hestehov i (sjølvsagt).
- Mange småe, raude hus med kvite karmar. Ei slik liti stova skal eg ha når eg vert stor.
- Eit turkestativ stint med rosa barneklæde.
- Ein bonde som køyrde gjødsl utpå jordet sitt. Måsen totte òg det var gildt.
- Eit gamalt ektepar på tur. Dei var godt påklædde, må vita, medan eg svinsa framum i stuttbroki mi.
- Insekt og andre greidor som flaug i lufti. Dei rende beint inn i hjelmen og kjaken so det small, og ei fluga villa seg inn i munnen. Ho lét livet, diverre. Men for eit vårteikn!

So, no er det tid for rjomegraut med spekt kjøt og øl og so skal eg lesa ut Finnskogens folk (Grønoset) og sysla med mitt, som eg plar. Kannhenda drøyma litt um stova eg skal bu i. Og um kona som skal bu der med meg, ikkje minst.

tirsdag 21. april 2009

ein tysdag. eit bilæte. VIII.

Soleis var tysdagsmorgonen i dag, 21. april:



Denne gongen vel eg å krydda innlegget med eit dikt av han godaste Bjørnstjerne Bjørnson (inspirert av André).

Jeg vælger mig april

Jeg vælger mig april!
i den det gamle falder,
i den det ny får fæste;
det volder lidt rabalder, -
dog fred er ej det bedste,
men at man noget vil.

Jeg vælger mig april,
fordi den stormer, fejer,
fordi den smiler, smelter,
fordi den ævner ejer,
fordi den kræfter vælter, -
i den blir somren til.


Ha ein god kveld!

lørdag 18. april 2009

utsyn yver eit sykkelstyre

I dag tok eg fram sykkelen att. Han trong berre litt luft i dekki, so var'n fin og fresk som fan!
Eg fór ned åt festningi og knipsa litt. Det var ein gild tur, og det er fint å trilla ute slik ein klår og roleg kveld. Her ser de:

Utsyn frå eit sykkelstyre I. Fjorden.




Utsyn frå eit sykkelstyre II. Nidaros. (Motljos)




Og eg nyttar sjølvsagt hjelm når eg fer fram slik.
Han er ein god, gamall ven. Då eg var ung og kul klistra eg på tøffe skateklistremerke og slikt: