torsdag 29. november 2007

Å, jeg er så lettfør til å flyge!

Sumtid dreg eg ut av reiret her uppi høgdi og ned til gatone kring domkyrkja.
I dag gjorde eg ei slik ferd.
Det gjev seg sjølv at eg allereide hadde eit fastsett mål, eg dreg ikkje inn i eksos, kjas, snøløyse og kjøpsmas um eg ikkje er nøydd.

Eg var nøydd.
Eg skulde huka tak i Caprinos eventyrlige verden, og få samlingi trygt i hus (hybel).
Uppdraget gjekk som smurd.
Stutt etter vart det fest med graut og raud saft og ymse filmsnuttar.

Det fyrste eg tenkjer:
"Ser ungane dette no for tidi? Eller er det einast slike animasjonsfilmar og Barbie-seriar som vinn fram?"

Jau, filmane er rett nok gamle. Duh, Harald Heide Steen spelar liten, blåøygd gut som sit på fanget (eg trur då det er han). Og dokkone tykkjest ikkje vera levande. Men dei er då jaggu heile sjarmen! Ingen kann rulla med augo slik Caprino-skapningane kann! Um dei gjeng litt stakkato og haka skil seg frå resten av andletet, so tek ikkje det burt noko av gleda. Ikkje kann ein skulda på at det er lite spaning å finna, heller. Til dømes segjer kongen i Askeladden og de gode hjelperne (med byrg og frygdsam røyst): "Trekk skodden fra, så jeg får se at de ligger der, oppbrent". Hohoi. Ja, det skulde vore noko.
Eller kva med sprettert-kaninen i Reveenka? Han er so avgjord yndlingsfiguren min. "Å hurra-hei-og-hopp, jeg-er-så-glad-i-dag! Å hei, å hopp!". Dernæst fortel han at huset hev brunne, og kjerringi med (mykje eld her, gitt). Eller kva med trollet som stikk seg sjølv i magen med kniv?

Ungane mine skal utan tvil sjå desse filmane til dei sit klistra som kvåda til minnet. Anten dei hev hug eller ikkje. Det skal kjenna att fossen i innleidingi til "Syvende far i huset" og kæillen som lyt eta stearinljos i råmeforteljingi fyre Gutten som kappåt med trollet. Dei skal læra kor lønsamt det er å gjeva studnad til og vera snild med dei snilde (serleg gamle folk, dei eig stort sett meir vit enn du sjølv), og ikkje minst, at dei lyt pussa tanngarden. Og skjenkja nokre gryn til dei som hev "større kropp, og mindre klær, så det er verre for dei, enn for meg". Hihi. Attpå skal dei freista å klemma vatn ut or kvitosten, utan at eg hev sagt noko um det.
Og endeleg: dei skal hava trui på litt trolldom. Det er aldri uklokt.

No skal eg taka av desse sju loddi og springa til verdas ende for å henta te-vatn åt prinsessa.
Orsak so lenge.

fredag 23. november 2007

eg luktar/ser/høyrer, fylgjeleg er eg.

Mangt og mykje hev hendt sidan kodekvelden. Inkje ruvar som dét, men i går og i dag var eg med um noko ovande viktugt.
Viktugt hjå meg, då.

Tvo åtskilde sanseupplevingar, var det. Nasen og augo var verksame.
Eller, tri upplevingar, um ein reknar med tankane som kom byksande då eg høyrde på Nordstoga i snødrivet heim att frå skulen. Ja. Då lyt eg leggja til øyro.

Fyrst ute var nasen.
Fridtun sat på lesesalen og las (ja, sume nyttar lesesalar til slikt, må vita). Eg var i siget.
Upp av sekken kom brått ein klementin (ikkje av seg sjølv, då. Eller, jau, nesten. Eg er tolleg viss um at han vilde etast, nett no.)
Eg skrædde frukta, lagde skalet fint ned attmed bøkene og skrivesakene, åt, og tok til å lesa att. Eller teikna, eg teikna syntaktiske tre. Mange syntaktiske tre, og blyantspissen vart um senn flat og feit og fiendsk.

Fridtun laut kvessa.

Jau, eg merkjer ut ei slik triviell sak med skråskrift og luft ikring. For sameina med klementinskalet vart kvessingi upphavet til noko overvettes gjævt. Og det hende etter eg kvesste blyanten.

For: Eg gjekk ikkje til søppelkassa for å kvessa, eller kasta flaki der. Nei, ikkje Fridtun. Ikkje denne gongen, denne dagen. Eg kvesste blyanten over skalet, det låg då so vent og kvilte framfor meg, som eit tomt kar.
Og då, skynar du, då!

(Her kjem nasen inn: du-du-du-duuu (galopperer med fingrane på bordplata)).

Det er eit utal angar som sig upp frå ei slik samanstilling! Klementinsaft og ferskt blyantkvess! Og ikkje berre dét, det finst so mange minne som kjem stilt og seint innpå ein, når alt dette når fram åt nasagrævet. Kryp inn og mokar ymse hugbilete fram i dagen. Eller fram til eit innvortes auga. Syner seg. Og einast for meg!

Nykelord: Barndom. Jol.
Barneminni frå joli 1993-97,
so å segja.
Ujamn løkkeskrift på alle jolekort og kraftig gåve-framstilling på sløyden, ein ovdiger nisse som anga vedskjol (og eg visste det var far, men endå var det nifst), sputting av steinar frå jolefrukta (gjerne sputting i ei mor-hand som snøgt sytte for at steinane kom seg i søppelet og ikkje låg att ymse stader i huset, til dømes millom Lego-klossar eller i eit Donald-blad).
Ja. Mykje var det. Lat meg segja som Vinje: "det strøymer på meg, so eg knapt kann anda."
Eg fekk att anden. Og etter ei tid, då eg fjåg og fredfull hadde grunda på luktceller og eldre tider, kunde eg venda snuten åt lærestoffet att.


Neste andletslut ut er augo.
Upplevingi kom på i dag tidleg. Utanfor gluggen.

Fridtun sat attmed skrivebordet, hadde nypussa tanngard og skulde leggja dei siste bøkene i sekken.
Me brigdar til dramatisk presens: Fridtun ser stundom ut glaset, på ungar som hoppar i snøfonner og bilar som sniglar seg fram på nysnøen.
Greidt. Slikt hender då tidt.
Men! Med eitt vert heile uteromet blått. Blått, som i blåtimen i Blåfjell. Ikkje berre ei ymis blanding av svart himmel og kvit snø, men som ein djup havbotn (slik ein ser på National Geographic) eller som rein, blå vassmåling.
André såg det au, so eg lyg ikkje.
Eg datt nesten av stolen. Betre fær eg ikkje lagt det fram. Eg var hærteken av blåljos.


Øyro gjorde ikkje mykje.
Men dei tok imot "Linus i svingen"-songen då eg gjekk over brui ved Voll gard. Eg såg ikkje jamt på Linus (jolekalender på nrk i fjor), men eg såg joleftan-programmet. Medan eg gjekk der, elleve månader minus éin dag seinare, kom eg i hug at eg fekk tåror på kjakan då eg såg det, programmet, men eg hugsar ikkje heilt kvifor. Truleg var det nokon som var snilde med einannan, det skal ikkje stort meir til.

Med andre ord: jamvel um vitet ikkje vert nytta til stort anna enn lesing for tidi, ser det ut til at Fridtun-sansane er i orden.
Med det tek eg kvelden.
Skubiduu.