fredag 23. november 2007

eg luktar/ser/høyrer, fylgjeleg er eg.

Mangt og mykje hev hendt sidan kodekvelden. Inkje ruvar som dét, men i går og i dag var eg med um noko ovande viktugt.
Viktugt hjå meg, då.

Tvo åtskilde sanseupplevingar, var det. Nasen og augo var verksame.
Eller, tri upplevingar, um ein reknar med tankane som kom byksande då eg høyrde på Nordstoga i snødrivet heim att frå skulen. Ja. Då lyt eg leggja til øyro.

Fyrst ute var nasen.
Fridtun sat på lesesalen og las (ja, sume nyttar lesesalar til slikt, må vita). Eg var i siget.
Upp av sekken kom brått ein klementin (ikkje av seg sjølv, då. Eller, jau, nesten. Eg er tolleg viss um at han vilde etast, nett no.)
Eg skrædde frukta, lagde skalet fint ned attmed bøkene og skrivesakene, åt, og tok til å lesa att. Eller teikna, eg teikna syntaktiske tre. Mange syntaktiske tre, og blyantspissen vart um senn flat og feit og fiendsk.

Fridtun laut kvessa.

Jau, eg merkjer ut ei slik triviell sak med skråskrift og luft ikring. For sameina med klementinskalet vart kvessingi upphavet til noko overvettes gjævt. Og det hende etter eg kvesste blyanten.

For: Eg gjekk ikkje til søppelkassa for å kvessa, eller kasta flaki der. Nei, ikkje Fridtun. Ikkje denne gongen, denne dagen. Eg kvesste blyanten over skalet, det låg då so vent og kvilte framfor meg, som eit tomt kar.
Og då, skynar du, då!

(Her kjem nasen inn: du-du-du-duuu (galopperer med fingrane på bordplata)).

Det er eit utal angar som sig upp frå ei slik samanstilling! Klementinsaft og ferskt blyantkvess! Og ikkje berre dét, det finst so mange minne som kjem stilt og seint innpå ein, når alt dette når fram åt nasagrævet. Kryp inn og mokar ymse hugbilete fram i dagen. Eller fram til eit innvortes auga. Syner seg. Og einast for meg!

Nykelord: Barndom. Jol.
Barneminni frå joli 1993-97,
so å segja.
Ujamn løkkeskrift på alle jolekort og kraftig gåve-framstilling på sløyden, ein ovdiger nisse som anga vedskjol (og eg visste det var far, men endå var det nifst), sputting av steinar frå jolefrukta (gjerne sputting i ei mor-hand som snøgt sytte for at steinane kom seg i søppelet og ikkje låg att ymse stader i huset, til dømes millom Lego-klossar eller i eit Donald-blad).
Ja. Mykje var det. Lat meg segja som Vinje: "det strøymer på meg, so eg knapt kann anda."
Eg fekk att anden. Og etter ei tid, då eg fjåg og fredfull hadde grunda på luktceller og eldre tider, kunde eg venda snuten åt lærestoffet att.


Neste andletslut ut er augo.
Upplevingi kom på i dag tidleg. Utanfor gluggen.

Fridtun sat attmed skrivebordet, hadde nypussa tanngard og skulde leggja dei siste bøkene i sekken.
Me brigdar til dramatisk presens: Fridtun ser stundom ut glaset, på ungar som hoppar i snøfonner og bilar som sniglar seg fram på nysnøen.
Greidt. Slikt hender då tidt.
Men! Med eitt vert heile uteromet blått. Blått, som i blåtimen i Blåfjell. Ikkje berre ei ymis blanding av svart himmel og kvit snø, men som ein djup havbotn (slik ein ser på National Geographic) eller som rein, blå vassmåling.
André såg det au, so eg lyg ikkje.
Eg datt nesten av stolen. Betre fær eg ikkje lagt det fram. Eg var hærteken av blåljos.


Øyro gjorde ikkje mykje.
Men dei tok imot "Linus i svingen"-songen då eg gjekk over brui ved Voll gard. Eg såg ikkje jamt på Linus (jolekalender på nrk i fjor), men eg såg joleftan-programmet. Medan eg gjekk der, elleve månader minus éin dag seinare, kom eg i hug at eg fekk tåror på kjakan då eg såg det, programmet, men eg hugsar ikkje heilt kvifor. Truleg var det nokon som var snilde med einannan, det skal ikkje stort meir til.

Med andre ord: jamvel um vitet ikkje vert nytta til stort anna enn lesing for tidi, ser det ut til at Fridtun-sansane er i orden.
Med det tek eg kvelden.
Skubiduu.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Ååå, jeg synes du skriver så koselig og fint Kristin! :)

Fridtun sa...

Takk frå hjarta!
Denne gongen vart det sjølvsagt serskilt fint, sidan eg snikra det saman på hybelen din. :D
Weha.

Sunniva sa...

Ja, ein blir ikkje trist av å lese slikt. Ha ein vonfyrdlaus dag!

Anonym sa...

Sunniva-ord er alltid ein oppkvikkar. Eg skal jaggu blogga om vonfyrdlaus ein gong.
Hihi.
Og god hælj!

Anonym sa...

Eg var her. Og lika det eg såg. Som eg alltid gjer.

Unknown sa...

Forslag til kva du fekk tårer i augo av: Då Nure og mammaen til Nure såg på film frå då far til Nure framleis var der.

Det fekk i alle fall meg til å grine. Nett som ein unge.
Det er difor eg har invistert i "Jul i Svingen" på dvd. Kveldsunderhandling i desembermånad, må vite.

Forøvrig grein eg òg ein del då Elisabeth og Nissa slutta i Julemorgen, etter TI år. Dei var så fantastiske, og no er dei ikkje der lenger!

ia sa...

Åh! Nå kom jeg på Jul i Svingen! Og jeg grein jeg også, husker jeg nå. Mulig jeg skal investere i en DVD i dag, siden jeg ikke har andre ting å gjøre (bortsett fra en aldri så liten hjemmeeksamen...). Mmm...

Anonym sa...

Ja.
"Jul i Svingen" er tingen!
Moahaha.

Eg meiner det. Gode greier.
Me kan laga ein fjesbokgruppe. Om det ikkje alt finst :p