tirsdag 28. april 2009

ein tysdag. eit bilæte. IX.

Den fyrste regntysdagmorgonen!
Men ein kann gleda seg yver slikt vêr au.

Å, kor graset fagnar væta! (med opne strå?) Å, kor det bur seg og frygdar seg og snart hentar fram den kvassgrøne bunaden! Å, kor det angar jord og tre og blaut stein og sildrar i nakken!

Fin morgon.

lørdag 25. april 2009

når Våren kjem, er Vetteren gløymd

Eg heiv meg på trøsykkelen i dag og fór til Jonsvatnet. Gildt! For eit påhitt!

Eg sveiv og dreiv
i steikande solskin
i t-skyrta og stuttbrok
i fint driv.

Gode greidor.
Og mykje fint å sjå langsetter vegen:

- Kvitsymra.
- Ei diger hestruga som nokon hadde stukke hestehov i (sjølvsagt).
- Mange småe, raude hus med kvite karmar. Ei slik liti stova skal eg ha når eg vert stor.
- Eit turkestativ stint med rosa barneklæde.
- Ein bonde som køyrde gjødsl utpå jordet sitt. Måsen totte òg det var gildt.
- Eit gamalt ektepar på tur. Dei var godt påklædde, må vita, medan eg svinsa framum i stuttbroki mi.
- Insekt og andre greidor som flaug i lufti. Dei rende beint inn i hjelmen og kjaken so det small, og ei fluga villa seg inn i munnen. Ho lét livet, diverre. Men for eit vårteikn!

So, no er det tid for rjomegraut med spekt kjøt og øl og so skal eg lesa ut Finnskogens folk (Grønoset) og sysla med mitt, som eg plar. Kannhenda drøyma litt um stova eg skal bu i. Og um kona som skal bu der med meg, ikkje minst.

tirsdag 21. april 2009

ein tysdag. eit bilæte. VIII.

Soleis var tysdagsmorgonen i dag, 21. april:



Denne gongen vel eg å krydda innlegget med eit dikt av han godaste Bjørnstjerne Bjørnson (inspirert av André).

Jeg vælger mig april

Jeg vælger mig april!
i den det gamle falder,
i den det ny får fæste;
det volder lidt rabalder, -
dog fred er ej det bedste,
men at man noget vil.

Jeg vælger mig april,
fordi den stormer, fejer,
fordi den smiler, smelter,
fordi den ævner ejer,
fordi den kræfter vælter, -
i den blir somren til.


Ha ein god kveld!

lørdag 18. april 2009

utsyn yver eit sykkelstyre

I dag tok eg fram sykkelen att. Han trong berre litt luft i dekki, so var'n fin og fresk som fan!
Eg fór ned åt festningi og knipsa litt. Det var ein gild tur, og det er fint å trilla ute slik ein klår og roleg kveld. Her ser de:

Utsyn frå eit sykkelstyre I. Fjorden.




Utsyn frå eit sykkelstyre II. Nidaros. (Motljos)




Og eg nyttar sjølvsagt hjelm når eg fer fram slik.
Han er ein god, gamall ven. Då eg var ung og kul klistra eg på tøffe skateklistremerke og slikt:

tirsdag 14. april 2009

ein tysdag. eit bilæte. VII.

Haldt dykk fast, gutar og gjentor!
Eg kom til Nidaros att i kveld, tysdag 14. april, og dæven døtte steike ta' som den vårsoli hev gjødt upp gras og grunn so det sume stader endåtil er grønt å sjå! Jamfør med stoda 31. mars - og du vert fjetra som aldri fyrr! Det er jaggu undarlegt koss denne natturi leikar seg år etter år etter år.

Her er bilætet for i dag, knipsa i kveldingi:

søndag 12. april 2009

ein tysdag. eit (seinka) bilæte. VI.

Eg kjem ikkje med eit vanlegt bilæte denne gongen, for tysdag denne vika var eg på tur i Femundsmarki. Dagen baud på både sol og skare, og ittno' er som å byrja dagen med ein ski-svingum yver mark og myr og islagte vatn fyrr en resten av huslyden er vakne (trekk ifrå far, han er stødt vaken). So. Dagen var bra. Men i staden for å knipsa ut hytteglaset so knipsa eg andre stader. Når ein fyrst er i eit landskap med so mykje gildt, so kann ein likso godt gjeva nokre dugelege glimt åt lesarskaren (hohohooo).














Fridtun i sitt ess:



Og sist, men ikkje minst:

lørdag 4. april 2009

soli upp 06.27

I dag kom eg heim att til Alfarheim.
Toget frå Nidaros sumde i sol frå Berkåk og heilt til eg gjekk av på Hamar.
Mor og far er farne på hytta so no lyt dei tri systrene greida seg sjølve. Ei smal sak.

Her er sumt frå dagen:


Eg var på prent i Hamar Arbeiderblad.



Eg moroa meg med den ny-gamle skrivemaskina mi.



Eg høyrde det klukka og syngja i takrenna.



Eg leika ute med syster mi.


(her i lang underbrok og skorne åt'n far)


No skal eg lesa Dag og Tid og drikka øl og sjå solegladet og glåma upp i taket og ha fri.


(og kom i hug: 6. april er fødedagen åt Vinje OG Sivle. Eg gled meg.)

fredag 3. april 2009

Påskegodt

I dag skal de få nokre rettelege kråser ('godbìtar') frå det norrøne ordfanget. Det gjeld um ord med klem og kraft, og ikkje so lite snert hell.
Ein god slump er henta frå Gylfaginning ('Gylve-narringa', frå Snorre-Edda)
Det er ei morosam tekst med mykje knask i.

snertiróðr - ein stutt og snar rotur.
nestbaggi - nistepose
myrkvastofa - fangehus
ástbrími - glødande elsk
happadrjúgr - heldig, lukkeleg (jf. heppe)
orðkölfr - burtfall av endestaving, apokope
brókabeltispungr - pung som ein ber i beltet
raunøruggr - sers påliteleg, trygg
gamanþing - elskhugsmøte
yfirferðarillr - vanskeleg å ferdast yver eller gjenom
hoppfagr - fager i dans


...og so burtetter og burtetter.

Ein yndling er:
ordabang - kiv, ordstrid.

Eg endar med ein gild bolk frå Gylfaginning.
Tor (guden) vert harm når han ikkje fær upp nestbaggann åt kjempa Skryme. Skryme ligg og søv og ryt (snorkar) høgt. Tor triv hamaren Mjollne og klinkar til Skryme i skallen. Då hender dette:

"En Skrýmir vaknar og spyrr hvárt laufsblað nokkut felli i höfuð honum, eða hvárt þeir hefði þá matazk ok sé búnir til rekkna. Þórr segir at þeir munu þá sofa ganga. Ganga þau þá undir aðra eik. Er þat þér satt at segja at ekki var þá óttalaust at sofa."

På norsk:
"Skryme vaknar og spyrr om det datt eit lauvsblad ned i hovudet på honom, og um dei hev ete og er budde til å leggja seg. Tor svarar at no skal dei gå av stad og sova. Og dei går inn under ei onnor eik. Men du skynjar at nokon trygg svevn var det ikkje å tenkja på."

Hvárt laufsblað nokkut.
Eg flirer meg skakk.