søndag 6. desember 2015

berre ein hund

So godt som alle veit at ein hund ikkje er «berre ein hund». Mange veit òg at ein hund ikkje er eit menneske, so når ein hund til dømes hev gløypt eit eller anna som lagar fæl ugreida i vombi, for tridje gong, so tek me livet av dyret. Dett var dett, brådt og brutalt! 

Kaizer (f. 30.12.2006) vart mesta nie år, og han hev då vore med på mangt anna som andre hundar berre kann drøyma um. Regnbogebrudlaup på Voss, til dømes. Og apropos: I dag hev me havt eit lite gravøl med kaffi og «manna» frå anonym svigermor.

Til æra for denne raringen (som på folkemunne heitte slikt som Kaiz, Kaizfanten, Kladden, Fjodor, Dròget) kjem no ein slags best of-bilætserie. 



Februar 2007.
Her hev han mest som ikkje vorte seg sjølv enno.
Rund og rar, men sers søt.


Ein gong i tidi var han so liten at han fint kunde
sitja på fanget. Etter alt å døma skyna han ikkje
sjølv at han voks, for han vilde sitja på fanget
sjølv då han var ein utvaksen, velfødd hannhund.


... men han kunde sitja sjølv òg,
og posera fint for fotografen.


Båtkøyring hev stødt vore ein av favorittsyslone.


Lauging òg. Var det ein kulp eller bekk eller
attgløymd snjoflekk i nærleiken, laut han uti/utpå.


Då galdt det å koma seg undan 
fyrr ristingi tok til.


Sist sumar gjorde han seg fin for 
anonym ektefelle m/kamera.
(Det var vel mest at han ikkje 
kom seg upp, skyt ho inn.)


Andre gonger var det me ungane som gjorde honom fin.


Nokre kjærlege tak med riva er ikkje å forakta!


Det vart ofta sagt, med ein viss rett, at Kaizer var lat.
Jau, men her ser me at han kunde kuta òg!

Kaizer tek ansvar for å læra uppveksande slekter
korleis ein ter seg i fjellheimen.

Ein uforgløymeleg dag!
Her hadde alle trekt i sin finaste stas.


fredag 27. november 2015

flugefrelsaren

Husmori sysla ei tid med attdikting/umsetjing av songane til den islendske «hljómsveiti» (bandet) Sigur Rós. Ho hev til dømes freista å setja um Illgresi, Ára bátur, Hoppípolla og Starálfur, Hafssól, Gobbledigook og Ný batterí. Det hender framleis at ho sit med ordbok og set um tekstene deira, men det er mest so ho skal skyna kva det er ho gjeng og gaular.

Den siste månaden hev husmori havt songen «Flugufrelsarinn» frå plata Ágætis byrjun på hjernen. Hin dagen sette ho seg ned og sette um teksti (litt snøgt og skøytelaust, vel å merka) og då spurde nettnerden um det skulde ut på vevritet. Det hadde ikkje husmori tenkt, men so tok ho til å tenkja på gamledagar (dvs. studiedagar), og snudde i saki.

Som tittelen ymtar um, er det ein song um livreddende prosesser i forhold til fluer.

«Flugefrelsaren»

Styr og ståk, eg stormar ned til bekken
Bergingsmann
Eg gjorde i stand eit skip og bad ei liti bøn
av di eg var redd
Soli skein og bekken risla
Smørblom, smørblom – flugone døyr!

Men i dag etlar eg å berga dei fleste flugone
Eg står på skipet med eit reip i kvar hand – målmedviten
Eg kastar deim ut i hylen og freistar
å hala flugone inn att fyrr
fiskeyngel tek deim medan dei strid og slæst
med straumen, med vatnet

Slik gjeng no dagen
Er sjølv komen um bord
Heldt på å slitast ut i gardsbekken,
der det alt hadde døytt so mange

Eg greider ikkje anda,
og tyngjest for kvar bylgja
Eg treng eit under no,
for eg driv og druknar synder
Eg prøver å koma um bord

Eg dreg i land og bergar meg sjølv upp, upp på strondi

På ein varm stein legg eg meg og læt meg turka att
Eg kastar meg ut i hylen og freistar
å hala flugone inn att fyrr
fiskeyngel tek deim medan dei strid og slæst
med straumen og vatnet

Vindpust, heilt gjenomblaut
Djerv, kjenner at båten
er komen ut or verste straumen
at landet so smått nærmar seg

Han er både um bord
i sjø og land reddande
flugone som døyr her,
men fyrst og fremst seg sjølv
Alltid strid og ingenstad fred,
men einkvan lyt då ofra seg
Dagane er lange.



Songen kan du høyra her.




torsdag 5. november 2015

husmor på skjermen

Husmori var i hovudstaden i går. Då var ho millom anna innum eit studio hjå NRK på Marienlyst. Ho vart endåtil sminka! (av ein vangsokning som sa slikt som sjå og vøri, so det var reint heimetriveleg) So sat ho kring eit bord i lag med fire sers fine menneske, med kamera på ymse sidor, og samrøda vert vist i kveld: Selskapet kl. 20.55 på NRK2.


lørdag 31. oktober 2015

bokbeussen

Ein sers lokal bokbeuss var innum heimen til husmori og nettnerden i går. Ja, når sant skal segjast, var det husmori sjølv som var beussen. Ho hadde sete i stova og skrive ein stubb til Dag og Tid, og då hev ho stødt ein dunge ordbøker ikring seg. Utpå eftan var stubben ferdug, og bøkene skulde attende til hylla si. Til vanleg tek husmori tvo eller tri bokturar, men i går våga ho seg til å bera alle samstundes! Det var ho so nøgd med at nettnerden vart tvinga til å knipsa eit bilæte.


Frå vinstre: husmori, Norrøn ordbok, Nynorskordboka, Norsk etymologisk ordbok, linjert skrivebok, Med andre ord og Norske Ordsprog av Aasen. Ikkje til stades då bilætet vart teke: Våre arveord (husmori nytta nettutgåva).


tirsdag 6. oktober 2015

utkikks

Husmori og nerden var ute i «fina vêret» i går. Då kleiv dei upp på fjellet som ligg rett attum huset. Det var ei gild ferd, med fotosession og kaffikvild på toppen. Nerden, som hadde vore der fyrr, sleit litt med å finna stigen ned til Kistebakkane, og det synte seg snart at dei hadde gjenge for langt. Medan dei kava seg tilbake, på ein smal, steinutt og blaut stig, sagde husmori: «Me fær då trena koordinasjonen, i alle fall!» Ho hadde ikkje fyrr sagt det, so trakka ho gale og stupte og tok seg mesta inn att. Det blett blod! Nei då, berre ei ørliti flengje på handi. Slik var utkikksen:


 
 

søndag 27. september 2015

båtar (ei uppsamling)

Her er sumt av det som hev sigla framum stoveglaset dei siste vikone, medrekna eit attersyn med utvalde høgdepunkt:

Eit klassiskt tog! 

Ei lang pylsa. Ho ligg djupt. 

Baderomsfarga båt ved soleglad.  


Fryseboks i soluppgang. 

Noko smått og rart. Kann det vera LEGO? 

Mykje smått og samla. Saman er ein mindre åleine. 

Ein ny båderomsfarga båt i friske bylgjor. 

Noko av det styggaste som hev vore på fjorden her! 
Her laut dei byggja høg bru, skulde dei sjå yver fryseboksen.



søndag 16. august 2015

Kaizer og historia um den pipande ballen

Hunden i barndomsheimen (ja, han høge og myrke frå det fyrre innlegget) hev mange gledor. Til dømes mat, mat og mat. Og mor, mor og mor. Me andre kjem litt lenger ned på lista. Men so er det vel ein grunn til at det plar heita matmor, ikkje matfar, jamvel um både hunden og me andre fær mat av far rett som det er.

Ja, og attåt mat og mor hev hunden gleda av å henta pinnar, lauga seg i tjern og bekkjer og kulpar og ymse andre vasshòl, få kos, stela sokkar (og stundom svelgja deim av vanvare), jaga mus og lemende. Men i sumar fekk han ei ny gleda: ein ball som pip når hunden bit i ballen. Han vart reint galen etter denne ballen, truleg av di det er moro med ljod, serleg ljod som minner um ei mus hell eit lemende som skrik. Han er trass alt eit rovdyr, endå so søt han er.

Men er han eit klokt rovdyr? Sjå, dét er eit anna spursmål. Kvar gong når me var ferduge med å leika med ballen, pla me leggja honom i ei bytta uppunder takskjegget på bilskuret (islendsk for 'garasje'). Hunden skyna det, og han sette seg ofta til å stira på dette takskjegget, eller endåtil bjeffa på det og soleis kunngjera at me laut koma og leika med ballen. Alt vel so langt! Men av di me vart leide av dette maset, tok me til å bera ballen inn og gøyma honom på vaskeromet i staden. Kva hende, trur de?

a) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, i von um at ballen eller me skulla openberra oss.

b) Hunden skyna straks at ballen no låg ein annan stad.
c) Hunden heldt fram med å stira på takskjegget, men etter nokre dagar gjekk det endeleg upp for honom at ballen var på vaskeromet.

Svaret kjem under bilætserien. Snikfotograf: anonym fru.






Sjå dei vonfulle augo!



Jau, etter nokre dagar skyna hunden at ballen var på vaskeromet. Det er godt mogleg at ballen låg innandørs då bilæti vart tekne.


lørdag 11. juli 2015

frå ei liti fjellferd


Husmori, far hennar og hunden er nyst heimkomne etter nokre dagar i fjellslege strok. Sidan det var fælt mykje vind og temmeleg kaldt (um lag fire-fem grader), vart det mange timar innandørs. I alle fall for desse tvo:




Men dei var då litt ute òg! Til dømes lauga dei seg i vatnet, som heldt 9 grader og diska upp med uvanleg stor sjøgang (til eit lite fjellvatn å vera). Husmor-faren stod på strondi i tjukke klæde og tok bilæte. Ser de husmori?


Vonleg er det betre laugevêr seinare i månaden. Då lyt Nettnerden uti òg!



tirsdag 16. juni 2015

meir frå fjorden

I dag tidleg, då nettnerden budde seg til å fara på ærbe, såg ho ut glaset og sagde: Det ser ut som ein fryseboks med båt under.

So då laut husmori fram med kameraet.


tirsdag 9. juni 2015

nutt (og stugt) frå fjorden

Ja, de las rett: No er det husmori som kjem med båtbilæte! Når sant skal segjast, er det ofta ho som tek bilæte av det som rek utpå fjorden, men so læt ho nettnerden få arbeidet med å leggja det ut på veven.

Her er sumt av det husmori såg frå stoveglaset no i vår. (Det er mogleg at nerden hev lagt ut eit eller tvo tidlegare.)



Fyrst ein liten luring med ein endå mindre luring bak seg.


So øygna husmori noko med friske fargar:


Dette må eg sjå nærmare på, tenkte ho.
So då tok ho i bruk zoomen:



Av anna trafikk kann husmori melda at tidleg i mai, etter at ho og nerden hadde lagt seg, høyrde dei fælt mykje musikk og skrål utanfor. Det smaug seg inn gjenom det opne soveromsvindauga, og dei kunde plent ikkje skyna kvar det kom frå. Dei var samde um at ingen i gata her hadde fest, i alle fall hev dei ikkje vore plaga med slikt fyrr. Men so! gjekk det upp eit ljos. Det laut koma frå ein båt på fjorden! Og det var rett. Ein partybåt (med russ?) snigla seg fram i den ljose og milde vårnatti.






tirsdag 2. juni 2015

utsyn frå flybussruta

I går såg eg
tvo regnbogar,
ein stor
og ein liten.

Kann eg då segja som Olav H. segjer i diktet um nymånen:
«Men det er vel den gamle.»


Ja, kann me i det heile segja at regnbogen er gamal? 
Er det ein ny kvar gong?
Og kven av regnbogane eg såg, var eldst? 

Den store var i alle fall den klåraste regnbogen eg nokon gong hev lagt augo på. Eg såg skarpt og tydeleg kvar einaste lit.

lørdag 16. mai 2015

rot & røra

Husmori fær jamt høyra at ho er so ram til å rydja og halda orden (det er helst nettnerden som segjer dette). Det er mykje sant i det. Men då husmori var på den fyrste internasjonale hoppferdi si, i 2002, budde ho på eit rom som såg slik ut:



Me veit ikkje for visst kor mykje skuld husmori hadde i dette rotet. Men ho ser temmeleg avslappa ut, der ho ligg burti sengekråi. (Merk: Det var ikkje me som hadde sett dusjen der.)



tirsdag 21. april 2015

fy fasan

Det er ikkje ofta nettnerden grip til sterke og stygge ord. Husmori plar taka seg av det, sidan ho er den som jamnast slepper saker i golvet, stangar burti noko, klembrar fingrane og i det heile fumlar mest. Nettnerden er ikkje so glad i slik bannskap, og det hender ho skvett når husmori kvesser i. Men i dag! I dag slo nerden til.

Det var ei roleg kveldsstund i Salhus rit- og legostova. Nerden sat ved kjøkenbordet og arbeidde med ei uppgåva, husmori sat nokre meter undan og sysla med ei bok som ho snart må få fullført. Tidlegare på kvelden hadde nerden ynkast og klaga yver ein floke ho ikkje visste korleis ho skulde få utgreidt. Husmori freista hjelpa til, men båe stod fast. So gjekk husmori attende til sitt, og dei arbeidde stilt ei god stund. Soli glytte fram og fuglane song blidt utanfyre glaset.

«Å, SATAN!»

kom det brådt frå nettnerden.

«Eg fekk ei innsikt.»

Det sterke ordet og det sterke ljodet (illustrert med store bokstavar) kann berre tolkast som eit tydelegt teikn på den gleda nerden må ha kjent. Me gratulerer.



tirsdag 24. mars 2015

fødd i feil hår

Etter det fyrre innlegget kom eit forvitnelegt, munnlegt innspel frå nettnerden. Nerden hev òg sét andre bilæte av den unge husmori, noko som truleg verka inn.

For i samband med blogginnlegget byrja nerden og husmori å tala um slike gamle bilæte, og då sa nerden: «Du ser liksom so utilpass ut i ditt eige hår.» 

Me lyt gjeva nerden litt rett i det. Inst inne vilde husmori vera stuttklypt, men ho torde ikkje (ikkje fyrr en ho vart russ!). So husmori hadde for det meste langt hår, utan heilt å vita kva ho skulde gjera med det. Som oftast vart det berre hestehale. Og flettor når det var nissedag på ungdomsskulen. Slikt noko. 

Lika vel dreg me det litt langt um me kallar det «fødd i feil hår»: Etter det me hev høyrt, var husmori so godt som hårlaus då ho kom til verdi. Det same kann me ikkje segja i dag. På husmorhovudet er det no so tettvakse at sist gong ho var hjå frisøren, vart ho spurd um ho var plaga med turr hovudbotn, sidan det var so tjukt med hår at det snaudt kom luft igjenom! Husmori hev ingen slike plagor, men so er ho òg varsam med sjampobruken.



 Under: anonym husmor med hovudplagg




 

fredag 13. mars 2015

ho fauk og flaug

Nyleg vart det kunngjort at vyrde Sagen legg hoppskida på hylla. (Då treng ho ei stor hylla: Skida er godt yver tvo meter lange.)

Det er leidt, men òg greidt: Ein kann ikkje spretta og flyga slik heile livet igjenom, og eg - som gav meg allereie for ti år sidan - ovundrar dei som hev halde på heilt til no. Sterkt! Men eg skyna no tidleg at ho og eg var ulikt laga: Då me for moro skuld fór upp og stod på toppen av «mammutbakken» i Planica, hadde ho hug til å hoppa der, medan eg kulsa ved tanken.

Til gleda for gamle og nye sjåarar legg eg ut eit bilæte frå arkivet:


Etter lagtevlinga i Rastbüchl 2004, der me tok bronse.
Eg skil meg ut, som de ser! Men eg òg hev ei slik 
kvit og blå huva, eg nytta ho seinast i dag. 




fredag 6. mars 2015

Mellum os at sige

Gravingi mi i gamle kjeldor hev no teke meg til 1600-talet og «vår første Poetinde», Dorothe Engelbretsdatter. I dei fyrste studieåri mine hadde medstudentane og eg mykje moro med henne, serleg godt lika me at ho kalla karane for «buksefolket». Som her, i eit rimbrev til madam Bladt: 

Mellum os at sige, 
Huor af buxe-folcked vill 
Giøre sig for meget till, 
Bør vj derfor Vige? 
Ney huad giøris det Behof [...] 

Forvitnelegt er det òg at ho var den fyrste forfattaren (so vidt me veit) som livde av å selja diktingi si. Men dette skrivarlivet var ikkje berre frygd og gaman, for her fanst folk som såg seg høve til å laga sjuskute og beint fram elendige piratutgåvor av bøkene hennar. Då vart ho harm! I den andre (lovlege) utgåva av boki Siælens Sang-Offer la ho difor inn ei rettleiding til lesaren. Der fortel ho um ein som våga seg til å «trycke Bogen effter, paa Fuskerviis»: 

«Hand icke alleene udelucte Melodierne, men forsmædelig skamskiendte Sangene, saa halvfe Vers er forvendt, Ordenis Meening forandred og Poësis paa mange Steder forderffved, GUD til vanære, de Eenfoldige til Forvildelse. At icke derfor saadane Klauder-fauter skal tilleggis mig et simpel Quinde-kiøn, vil jeg haffve den Gud-elskende Læser henviist til første Edition jeg selff loed trycke [...]» 

Det høyrer med til soga at ho etter kamp fekk kongeleg serrett («copyright») til hovudverket sitt. Grepa dame!


torsdag 19. februar 2015

den gamle skøge

Det er tid for meir gamalt snadder, og denne gongen hev eg valt ut nokre stubbar frå dagboki hans Absalon Pederssøn Beyer (1528-1575). Han kom frå Aurland, men som vaksen heldt han for det meste til i vestlandshovudstaden, so dagboki er på mange måtar sett & frett i Bergen på 1500-talet. Det vert eit litt myrkt emne denne gongen: forvitnelege meldingar um folk som hev dauda. Helst skal me vel ikkje flira åt slikt, men stundom er det vanskelegt å halda seg frå det. 

12. oktober 1562:
«Wart en tysk skreddere ille martlerit aff en bysseskyttere som tiente paa slotted, huilken som først hug honnom vdi houedit med en rapir, och gick saa heden, och der hand fornam at der var liff vdi honnom, gick hand op vdi gen i lofftid och stack honnom vdi tarmerne och hug honnom vdi henderne och i kroppen alleuegne, och vndkom saa, at mand ved ei huort. Det kom der aff at skredderen hafde købt sig j kanne øl, och begynte at quede, huilked den anden ei vilde fordrage, di stod hand fraa bordet, ligeruis som hand vilde gonged heden, drog saa veried och hug honnom offuer hoffuedet.»

26. august 1563:
«Døde Kastibrog den gamle skøge som hafde i fordum tid tient munker, kannicker, prester, hoffmænd oc andre, mett aff alder oc hafde hun tho horunger effter sig, fore huilke hun vilde icke aabenbare sine penninge, mend forsende dem oc gaff dem bort til andre.»

2. september 1563:
«Natten til fredag fall een vechtere aff dett ny Tornet aff den høgeste mur oc ner paa de peler som karnappen skall byggis paa, och saa der aff oc ner paa de mange steene och slo sig der all i stycker til døde. hand sigis at haue drucked den same dag vin tilforen, och haue bannes och skennist med een bonde paa toruit om natten som icke vilde legge til Tolleboden.»

9. november 1563:
«Døde hasteligen en hoffmand der hand var ført aff Isuog oc kom thil torged, som hand var opløfft talede hand it ord heller fire och døde straxt, hand var fød i Julland. aff honnom fick en hollensk skreddere som bode ved torged saadan en stanch oc ond ande att hand bleff kranck der aff oc døde paa tridie dag.»

*

  

mandag 9. februar 2015

direkte inne frå Elverum, februar 1425

Skal tru kva dei sysla med i heimbygdi mi (eller heimbyen, då) for drjugt 500 år sidan? Slikt undrast eg stundom på, og hin dagen gjorde eg nokre søk i Diplomatarium Norvegicum.

Det var ikkje mykje eg fann, men 27. februar 1425 hende det noko! Tvo karar, Einar Andirsson og Ewind Alfsson, kunngjer at Jon Gudmundzson gav Holmstein Gudleifsson styringi yver eigedomane sine i Jämtland, og at Holmstein skal krevja inn arven etter syster hans Jon. Ikkje blant dei mest spanande brevi i diplomatariet, men det er då noko.

Eg set ikkje um stykket, men det er greidt å vita at Elverum i eldre tid heitte Alfarheim ("Elveheim"), upphavleg eit gardsnamn. Då snurrar me brev!

Þæt see ollum godhum monnum kunnikt at mit Einar Andirsson ok Ewind Alfsson warom j prestagardhin j Alfuareim tisdaghin næst æfter Peters mæssa aarom æfter guz byrd mo. cdo. xxv saghom ok hørdhom a handerband þæira af eine halfuo Jon Gudmundzson æn af annare Holmstein Gudleifsson kændis þa fyrnæmpde Jon med sama handerband at han gaf Holmstene ader næmpdom sit fult vmbod ofuer sina jærdher j Jæmptoland ok þen arf sem honum bør med retto æfter sina syster at søkia ok følghia loghlica til þæs han siælfuer þit komer, skal ek ok alt þæt halla sem han loghlica gør j þesso mino vmbudhi til sanninda hær vm sattom mit okker insigle firir þætta bref er gort war a deghi ok are sem fyr siger.


lørdag 24. januar 2015

jolesongar heilt til påske?

Då er me direkte inne frå Salhus rit- og raspeballstova, der husmori skal dryfta eit dagnært og viktugt emne: Kor lang tid etter jolaftan kann/bør ein syngja jolesongar?

Spursmålet dukka fram tidlegare i vika, då husmori heilt ut or inkje sette i med «Hei, tomtegubbar». Slik hev det vore heilt sidan jol, ho hev sunge og nynna jolesongar i eit bankande køyr. Alt frå gamle salmar til songar av meir verdsleg slag hev fylt heimen. Husmori undrast på kva grunnen kann vera. Song ho for lite i joli og (umedvite) prøver å taka det att no på nyåret? Eller er det berre so at jolestemningi sat serskilt godt i denne gongen?

Truleg fær me aldri svaret, men nettnerden kann stadfesta at det er mykje syngjing elles i året òg. Som ho plar segja: «Det kjem so mykje rart frå deg!» Husmori segjer seg samd i det, serleg når ho dreg til med popsongar frå 90-talet. Denne hugen til å brjota ut i song er truleg ein arv frå morssida.

Meir uvisst er det med trongen til å syngja ymse instrument når ektemakane spelar plator husmori kjenner godt. I tillegg til teksti vert gjerne tonar frå gitar, piano og endåtil slagverk sungne eller på andre måtar framborne munnleg/kroppsleg. Husmori hev òg ei onnor gjerd, som kjem for dagen når dei spelar kjende plator: Når éin song er endt, byrjar ho ofta å nynna introen på næste song fyrr songen hev byrja. Nettnerden finn ein viss hugnad i dette, men kann henda er det litt harme innblanda òg. I alle fall likar nerden å forvirra husmori ved å setja platespelaren på «shuffle», so songane kjem i vilkorleg fylgd!

Men hovudspursmålet var og er: Kor lang tid etter jolaftan kann/bør ein syngja jolesongar?

torsdag 15. januar 2015

Om nogit quæg

Ein av fyremunene med å sitja og grava og glana i gamle tekster, slik eg hev gjort i dag, er at ein kann ramla yver Christian IVs Norske Lovbog. Denne lovi tok til å gjelda i 1604, og ho er i mangt ei umsetjing av Magnus Lagabøtes landslov frå 1274-76 (den lovi hadde lang levetid!).

Men det er ikkje dét som er morosamt. Det gilde med lovboki frå 1604 er yverskriftene. Dansk med gamle skrivemåtar, finst det noko betre? Her kjem eit lite utval:


Mandhelge Balcken [Mannhelgebolken]
Kap. 3: Om mand finder anden paa sin kone, moder eller daatter.
Kap. 8: Om gallind mand vorder nogens bane, eller saarer nogen.
Kap. 14: Om mand bider anden.
Kap. 20: Om nogit quæg vorder mand at skade.
Kap. 22: Om mand beligger andens hustrue.
Kap. 23: Om de mend som gaa vbudne i gestebud.

Tyffue Balcken [Tjuvbolken]
Kap. 4: Om mand finder sin staalne gods hos anden.
Kap. 7: Om mand finder sit staalne gods, oc icke følger tyffuen.
Kap. 11: Om mand stiæler katte, hunde, kniffue eller belte.

Om mand vil finde flere offuerskrifte oc læse loffven, da skal mand gaae hit.


søndag 4. januar 2015

gul drakt / i år også

Hoppvika er i gang. Eg fylgjer med. Sit heilt burtdregen, berre stirer, syg i meg alt, i minsto flygingi. Men hin dagen såg eg på lista (ah, listor!) yver bøker eg las i 2014. Litt yver seksti, ikkje gale, frå ymse tider og i ymse lengder, eit rettelegt spenn frå den feitaste – laurdagsstubbane til Prøysen samla  til den tunnaste: ein diktsingel um Noriaki Kasai. 

Kasai, som hoppa sitt fyrste verdscuprenn i 1989 (då var ikkje Schlierenzauer fødd eingong!). Kasai, som i lang tid trudde at skidhopping upphavleg var ein norsk avrettingsmetode (nokre greidde seg, soleis vart hoppidrotten til). Kasai, som hev svart og gult utstyr. Kasai, som legg hendene på baken i satsen. Og so frametter. 

Um honom hev Endre Ruset skrive dikt, haikudikt: Noriaki (2014, Flamme Forlag). Tvo smakebitar: 

bokfink, høstløv 
Jan Boklöv 
smånynner Noriaki


Noriaki utspent 
et klesplagg til tørk 
blafrer i vinden 

*