tirsdag 31. mars 2009

ein tysdag. eit bilæte. V.

Sjølvsagt. Sjølvsagt. Det er lika visst som amen i kyrkja.
Kva då?
At det ligg ny snjo på bakken tysdag morgon. Soleis hev det vore mest alle gongene! Måndagskvelden ser eg graset i hellingi utanfyr' glaset, og tysdagsmorgonen ligg snjotekket og brikjer seg.

Soleis var det i dag:





Og her ser du Silje. Ho er fin. Me åt is og hyggja oss i solskinet på sundag etter landsmøtet.

tirsdag 24. mars 2009

ein tysdag. eit bilæte. IV.

Det vart tysdag.
Eg er i Elverum.
Klokka var 07.30. Eg knipsa ut glaset på barneromet.
Skog og sol, skog og sol mest heilt til Russland og endå lenger.

søndag 22. mars 2009

morlengting

Eg skal heim i morgon. Eg hev enno leivor av raudvinsrusen i meg, tenkjer eg. Eg høyrer på fint frå Nordstoga. Eg kom til å lesa gamle innlegg frå januar 2008. Det brast då eg kom hit:

Og alt er framandt og nytt og vondt,
du mor!
det stirer kaldøygt ikring meg rundt,
du mor!
Her er kje liv som eg fritt kann tru;
og ingin einaste er som du, -
du mi mor!

Å tru den tidi fekk rundt seg snutt,
du mor!
Eg reknar time og kvar minutt,
du mor!
Å kunne eg stige med sjumils-stìg
og sitja ei ørliti stund hjå deg,
du mi mor!

Sjølvberga og utflutt? Roleg og stød? Eg?
Å pføy!

tirsdag 17. mars 2009

ein tysdag. eit bilæte. III.

So vart det tysdag att.
Eg trudde eg skulde syna dykk berr veg og grøne flekker i hellingi i dag, men det vart det ikkje noko utav, som de ser. Tøyr og bløyta og blåster var det, men eit vassdrukke snjolag tekte berrflekkene då eg knipsa i dag tidleg:

tirsdag 10. mars 2009

ein tysdag. eit bilæte. II.

Her er bilætet. Vænt, vænt. Mindre snjo, ingi skyer. Soli upp yver våningshuset på Voll gard.



Bokstavar um morgon til bilætet um morgonen:

Kor lenge har du sove?

Dette vågar du,
slå augo opp
og sjå deg ikring?
Jau, du er her,
her i denne verdi,
du drøymer ikkje,
ho er slik du
ser henne, tingi her
er slik.
Slik?
Ja, nett slik,
ikkje onnorleis.
Kor lenge har du sove?


Olav H. Hauge

torsdag 5. mars 2009

Jammers Minde

Flestalle som hev lese norderlendsk boksoga kjenner til Leonora Christina. Ho var dotter åt Christian IV (Kvart/Quart) og var lenge den fremste kvinna i riket. Ho var grevinna, må vita. Stordomen fekk ein brå ende då faren døydde og ektemaken hennar, Corftiz(!) Ulfeldt, vart halvgalen og upåliteleg og rota seg burti mange politiske flokar. Det var mest so han laut fara i utlegd. Leonora Christina vart sjølv dømd medskuldig og sett i eit fangetårn - og der vart ho sitjande.

Leonora Christina:



Berre éin ting er lika ille som å sitja år etter år (22 i alt) i eit tårn, og det er namni på god mor og godfar hennar. Christian IV vart i 1615 gift med Kirsten Munk, og mor hennar heitte Ellen Marsvin og Ludvig Munk. Ikkje pent!
Lika vel heldt ho vìtet i god stand, Leonora Christina. Ho las mykje der uppe i tårnet, og ho skreiv au ei kvæde til Dorothe Engelbretsdatter. Millom anna:

Du self erkiender det, min Siæl skal og ey glemme
At offre Tak med dig, og Sangviis at istemme,
Hvad skal jeg bære frem, som til din Priis er nok?
Var Evnen Villien lig, da talte Steen og Stok
om din Høy-Viisdoms Aand til varende Adminde,
Du Norske-Fakkel-Blus og sand Lærmesterinde!

Det beste ho skreiv er lika vel å finna i Jammers Minde (um lag 1685).
Her skal de få éi setning frå verket:

Første tildriuffuende Aarsage [til jammeren] er Guds Allmectigheds Errindring, efftersom ieg ey min Iammer, Angst, Nød oc Smerte ihuekomme kand foruten tillige med mig Guds Allmact att errindre, som vdi alle mine Liidelser, Elendigheder, Hiertesorrig oc Bedrøffuelser min Krafft oc Hielp, min Trøst oc Bistand haffuer werret; thi aldrig lagde Gud mig saa snart en Byrde paa, att hand io med ded samme mig effter Byrdens Tyngde Styrcke gaff, saa att Byrden mig wel krum nederbøyede, mig hart knuede oc tryckte, men dog ey slet nederslog, knusede oc vndertryckte, for huilket den vbegriibelige Guds Allmectighed skee Loff oc Priis i Ewighed.

...og soleis held det fram. Sida etter sida. Arme møy!

Ho godaste Dorothe hadde det ikkje greidt, ho hell'. Ein gong skal eg skriva ein stubb um henne au, men denne gongen fær det halda å prova kor viktugt Maria Magdalena-motivet hennar er i samlingi Taare-Offer (1685). (Maria Magdalena er den kvinna som hev synda og som kjem til Jesus og væter føtene hans med tåror og kysser føtene, turkar deim med håret sitt og salvar deim, Lukas 7, 37-50.)

Nokre titlar frå Taare-Offer:
"Den Taare-gydende Synderinde"
"Den Food-tørrende Synderinde"
"Den kyssende Synderinde"
"Den salvende Synderinde"

Hau, dette 1600-talet!

tirsdag 3. mars 2009

ein tysdag. eit bilæte.

Ja, so vart det tysdag, gut. Då køyrer eg i gang leiken. De skal sjå det er mangt og mykje som brigder seg innanfyre bilætkarmane mine i vìkone som kjem.
Ljoset. Blåtimen hev flytt seg frå ni-tidi til um lag seks. Soli stig sterk og god upp fyrr en folk flest hev teke på arbeidsdagen.
Snjoen. Når det lid på brånar snjo-tjeldet og det turre, gule, bøygte graset syner seg. Når det lid endå lenger utpå tek stråi til å kvikna og grønka og ris upp mot himmelkvelven. Akk, eg gled meg.
Lauvet. Nett no ser de berre nakne greiner. Dei kann vera væne, dei au. Men, mest inkje er som det skinande lauvet i mai. Nakne greiner tekte med frost og rimkrystallar er lika vel det aller vænaste. Døme frå Øysterdalen.
Fuglesongen. Songen er vand å fanga med kameraet, diverre. Fuglesong er no ein gong den gildaste songen. No um dagane er det liv og låt i fuglane fyre halv sju, veit eg, og det er so gildt å setja gluggen på glytt og berre lyda.

Er eg ein toskutt romantikar, segjer du?
Skit samma, segjer eg, hjernen turkar ut um ein ikkje kastar seg på sverme-bylgja då og då.

Her er bilætet frå tysdag 3. mars. Halv åtte um morgonen.
Som de ser av himmelen vart det ein tolleg fin og ljos dag.
Og då eg lika etter knipset rusla upp mot Dragvoll, so var det jaggu nokon som køyrde med hest og slede utpå Voll-jordet. Prikken yver i'en.