onsdag 23. januar 2013

korrekturvin

I den alt meir tidgjengde serien «Fridtun bloggar um andre bloggar» er me no komne til korrekturvin, drive av dei drivande gode tausene (eller tøysene) i foreininga Portvin. No – eg må fulla segjast å vera ugild når det gjeld kor gode dei er, sidan ho eine er hugnaden. Kliss til sides: Sist laurdag fekk eg vera med på ei undersam ferd som eg seint gløymer, um eg nokon gong gjer det. Tvilsamt. Eg totte i alle fall det var gjævt å vera med, for eg hev vore blodfan mest heilt sidan dei tok til med gapeskapen sumaren 2007. 

(Eg lyt orsaka at eg teiknar og fortel etter måten sjeldan no. Kann henda kjem det seg når eg set bu i Bjørgvin (vin!) i mars. Då skal eg vera heimeskrivande husmor. Husmorblogging, tenkjer eg. À la Fridtun.)

fredag 11. januar 2013

togni

so hende det:
ein snild mann er burte

ein som skreiv heilt til den store togni kom og tok honom
heim, han skreiv mykje um togn
eg lika det, likar at andre òg høyrer togni tala
eg likar å kunna segja at eg hev vore i stova hans,
at eg kom inn i krinsen, litt,
ung og urøynd mot slike kjemper
at eg var med då han og andre vitskapsfolk dryfte gamal litteratur
etterpå baud han på bollar og Gammel Dansk

det er heller ikkje so gale at han
kysste meg på kjaken sist eg trefte honom
at me var kjenningar
berre fordi eg sende honom eit brev
etter å ha lese ei av bøkene hans
og vart bedi um å halda innlegg på det vidgjetne seminaret hans
eg var so vidt yver tjugo år
og han, næsten nitti, meinte eg hadde noko å fara med

å koma inn til munnleg eksamen i litteraturteori i Nidaros
og sensoren spyrr: «No, hev du ete noko rjomegraut
hjå Aarnes i det siste?»



onsdag 2. januar 2013

uperfekt

Takk vere Aftenposten vart eg i romjoli var eit gildt vevrit: Uperfekte jenter. Gjev eg hadde lese innleggi der for tie år sidan!

Her høver det òg å leggja til at perfekt upphavleg tyder 'uferdug, ufullførd'. Eg kann godt tenkja meg å vera uferdug.