fredag 11. januar 2013

togni

so hende det:
ein snild mann er burte

ein som skreiv heilt til den store togni kom og tok honom
heim, han skreiv mykje um togn
eg lika det, likar at andre òg høyrer togni tala
eg likar å kunna segja at eg hev vore i stova hans,
at eg kom inn i krinsen, litt,
ung og urøynd mot slike kjemper
at eg var med då han og andre vitskapsfolk dryfte gamal litteratur
etterpå baud han på bollar og Gammel Dansk

det er heller ikkje so gale at han
kysste meg på kjaken sist eg trefte honom
at me var kjenningar
berre fordi eg sende honom eit brev
etter å ha lese ei av bøkene hans
og vart bedi um å halda innlegg på det vidgjetne seminaret hans
eg var so vidt yver tjugo år
og han, næsten nitti, meinte eg hadde noko å fara med

å koma inn til munnleg eksamen i litteraturteori i Nidaros
og sensoren spyrr: «No, hev du ete noko rjomegraut
hjå Aarnes i det siste?»



3 kommentarer:

Zeugma sa...

I minneorda i Dag og Tid la dei vekt på at han alltid var nysgjerrig, ute etter å læra nye ting. I alt eg har lese av han, er Aarnes like audmjuk som sprenglærd. At han var interessert i å lyda til tjugeåringar sjølv då han var mot slutten av livet, syner kor lærdomstyrst han var. For eit førebilete.

fridtun sa...

Eg held med deg i alt og hev inkje å leggja til. Godt ordlagt!

fridtun sa...

Eg held med deg i alt og hev inkje å leggja til. Godt ordlagt!