tirsdag 27. august 2013

det humpar og klekk seg

Som nettnerden kunngjorde i eit hildrande gildt innlegg tidlegare i år: Det hender me set oss godt til rettes og ser løgne filmar på youtube. Ja, endå me ter oss som gamlingar på mange umkverve (sterke motstandarar av sokalla smart phone, løyser kryssord, stoppar sokkar, plukkar molta, skriv brev for hand, stend i glaset og fylgjer med på det som ber til utanfor), er me sers glade i å sjå filmsnuttar på veven. Det finst so mykje merkelegt her i verdi, tenkjer me radt, der me sit og glåmar. I sumar slumpa me til å sjå ein snutt som sette djupe spor i hugen vår – og i ordfanget vårt.

Stutt yversyn yver ord og ordlag som no er vortne tidgjengde i heimen:

det humpar og klekk seg – brukelegt på ymse måtar, men gjerne nytta til å fortelja at stoda er jamt yver god, eller at noko gjeng som venta, eller berre at det rullar og gjeng. Kann òg te seg som spursmål: Korleis humpar og klekk det seg her, då?

tufsa seg – fyrst og fremst nytta um noko som vasar seg, ter seg toskutt og/eller fører umak på oss. Til dømes når dyna klumpar seg saman nedst i dynetrekket, eller når skrivaren skriv ut kråketær i staden for bokstavar.

dundring og brakjing i vombi – viser til ymse undersame ljod frå buken, serleg etter middag og andre tyngre måltid. Kann òg koma i motsett fall, når svolten syg.

kan godt putra litt meir – um det same som ovanfor, men ikkje fullt so høglydt.

rævapinna – lite nytta i daglegtalen, men det løyser låtten og verkar hugsvalande på tunge dagar.

attåtplunder – er ikkje heilt innarbeidt enno, men de ser det viser til plunder som kjem attåt noko anna. Eit tenkt døme er at dyna tufsar seg, og at du, medan du rister dyna, velter eit vassglas.

dalstroka innafør – brukelegt på ymse måtar, men ofta gjeld det innvolar, og serleg det som rører seg i brjosthola.

Ja, no er de nyfikne, tenkjer eg! Her er upphavet til det heile, sjå og lær:



lørdag 17. august 2013

fridtun (hus)morar seg: skrivebord spessial

«Å skrivebord, å skrivebord, å hjertet mitt for dekk!» syng husmori når ho kjem attende til skrivestova etter mange vikor på Austlandet. Lærde lesarar ser lett at husmori ikkje syg dette fagre verset av eige brjost, for i «Peppersvennvisa» syng Prøysen «å jinter, å jinter, å hjertet mitt for dekk!» Husmori likar visseleg jinter (serleg éi), men her og no dregst det um skrivebord (serleg eitt). I skrivestova – eller skrivehòla – si, hev ho eit kjent og kjært bord med ei hendingsrik soga attum seg. Hjarteleg velkomne til bolken  

fridtun (hus)morar seg med/ved/over skrivebordet sitt

De veit at husmori sit og krotar og kavar med ord dag ut og dag inn. Det er sjeldan ho husmorar seg med å turka støv av skrivebordet, eller gjev seg til å fjelga det på andre måtar – men de tarv ikkje uroa dykk, det er skikk på sakene lell. «Nei, er det eit skrivebord, skal det for fanden sjå ut som nokon skriv ved det», segjer ho til seg sjølv, og ser nøgd ikring seg. Men når ho tenkjer etter, ser det mest ut som nokon les ved bordet, ja, at dei les mange bøker samstundes, i alle fall når ho syslar med språkstubb til Dag og Tid. Då ser bordet slik ut:


So fell husmori i tankar um Ivar Aasen som laga seg eit lite ferdaskrivebord (skriveskrin/reisebord), so han hadde stell på notati sine, og eitkvart å skriva på, medan han fór kringum i landet ... Stødt skal ho draga inn han der Aasen! Ja, det skal ho, for tenk.

I alle fall: skrivebordet. I skrivande stund er husmori 25 år, og skrivebordet hev ho havt i um lag 15 år. (Kjeldegrunnlaget er tunt, so her styd ho seg til minnet.) Det var far hennar som kom med det; bordet hadde vore eitt av mange slike bord på arbeidsstaden hans, bladet Østlendingen. No skulde dei – um husmori minnest rett – få nye bord i bladstova, so dei gamle laut ut. Ja, han berga det frå dyngja! Det er sterkt for husmori å tenkja på det, at dette trauste og trufaste bordet kunde fenge slik ein vond lagnad. Ho stryk og klappar bordplata med skrivarfingrane sine.

Men ho hev visseleg gjort mykje anna hell' å skriva ved bordet! Ho hev leika med Lego og Actionman og Kinderegg-figurar, lese Donald-blad og ete laurdagsgodt, spela gitar, gjort skulearbeid (men som oftast gjorde ho leksor ved kjøkenbordet), sét film, pakka inn jolegåvor, drøymt um fast fylgje og so frametter. Her hev ho sanneleg mogna mykje. Men fullmogi er ho enno ikkje, kann me leggja til.

Då husmori var student i Nidaros, laut bordet finna seg i å vera mykje åleine. Men det gjorde nytte for seg lell: Far til husmori pla leggja post og anna til husmori der, og ein gong vart han var at taket på romet hennar lak, just fordi avisene som låg på bordet, var blaute. Ja, der kann de sjå! Men so hadde ikkje bordet nokon stad å vera. Det stod ute fyrre vetter, og bordplata vart tolleg herja. Då våren kom og husmori skulde setja bu på Vestlandet, vilde ho ha med seg bordet. Mor til husmori syntest bordet var stygt, og gav seg til å leita etter skrivebord på ikea.com og finn.no, men far til husmori slipa og lakka plata so ho vart endå finare en fyrr. Kom ikkje her og seg at mannfolk ikkje skynar seg på interiør!

Ja-ja. No er bordet ein fast fylgjesven og eit trygt grunnlag i det daglege strævet åt husmori. Her skriv ho artiklar, essay, fyredrag, reiserekningar, e-brev, husmorblogg og jamvel bøker, men korkje ho eller bordet misser bakkekontakten av den grunn. Dei likar seg her i kjellaren.

onsdag 7. august 2013

MEIR HYTTEMORO!

Ja, her kliner me til med store bokstavar, for hytteferd på seinsumaren må vera noko utav det gjævaste som finst. Då hev fjellvatnet vorte so lognt at du kann symja, ikkje berre duppa deg, og molta er jamvel mogi, i alle fall sume stader. So dei som trudde Haugum og husmori fekk nøgdi av hyttedagar tidleg i juli, må tru um att. Denne gongen fór dei i fylgje med husmor-mori, husmor-faren, yngste husmor-systeri og hunden (som òg vert kalla Sonen).

Men kva gjorde dei uppi der, undrast du. Sjå og lær:




Husmori las Menneskebonn, den fyrste boki
hans Tarjei Vesaas. Ho hev sikla etter dette
verket lenge, og ein dag i juli tok ho seg på tak
og kaupte boki hjå Norli Antikvariat. 
I år er det 90 år sidan ho kom ut!
Og merk: Det var fyrsteupplaget, og sidone
var ikkje uppskorne eingong! 


Hunden las krim i lag med mor.


So såg me litt på småe og store reinsdyr.


Sidan me hadde ferdafylgje, vart det nokre
bilæte der både nettnerden og husmori er med.


Um me skal tru lokalavisa Østlendingen, kann utsegni
«Molta er mogi!» få folk til å stå upp frå dei daude.
Me tvilar ikkje.


Utsyn frå byttekanten.


«Kodak-moment!» ropa nettnerden,
og sette seg til rettes på roti.
Hendig bytteknagg til høgre.


Husmori gaper seg ved den same roti.


No, du sit radt og undrast på kvar laugebilæti vert av? Vel, dei er skarpe og stilfulle (på eit av deim stend husmori på hendene uti vatnet, med strake bein som peikar beint til himmels), men det fær vera måte på kor mykje ein skal byda på seg sjølv. Ver med og laug sjølv!