lørdag 17. august 2013

fridtun (hus)morar seg: skrivebord spessial

«Å skrivebord, å skrivebord, å hjertet mitt for dekk!» syng husmori når ho kjem attende til skrivestova etter mange vikor på Austlandet. Lærde lesarar ser lett at husmori ikkje syg dette fagre verset av eige brjost, for i «Peppersvennvisa» syng Prøysen «å jinter, å jinter, å hjertet mitt for dekk!» Husmori likar visseleg jinter (serleg éi), men her og no dregst det um skrivebord (serleg eitt). I skrivestova – eller skrivehòla – si, hev ho eit kjent og kjært bord med ei hendingsrik soga attum seg. Hjarteleg velkomne til bolken  

fridtun (hus)morar seg med/ved/over skrivebordet sitt

De veit at husmori sit og krotar og kavar med ord dag ut og dag inn. Det er sjeldan ho husmorar seg med å turka støv av skrivebordet, eller gjev seg til å fjelga det på andre måtar – men de tarv ikkje uroa dykk, det er skikk på sakene lell. «Nei, er det eit skrivebord, skal det for fanden sjå ut som nokon skriv ved det», segjer ho til seg sjølv, og ser nøgd ikring seg. Men når ho tenkjer etter, ser det mest ut som nokon les ved bordet, ja, at dei les mange bøker samstundes, i alle fall når ho syslar med språkstubb til Dag og Tid. Då ser bordet slik ut:


So fell husmori i tankar um Ivar Aasen som laga seg eit lite ferdaskrivebord (skriveskrin/reisebord), so han hadde stell på notati sine, og eitkvart å skriva på, medan han fór kringum i landet ... Stødt skal ho draga inn han der Aasen! Ja, det skal ho, for tenk.

I alle fall: skrivebordet. I skrivande stund er husmori 25 år, og skrivebordet hev ho havt i um lag 15 år. (Kjeldegrunnlaget er tunt, so her styd ho seg til minnet.) Det var far hennar som kom med det; bordet hadde vore eitt av mange slike bord på arbeidsstaden hans, bladet Østlendingen. No skulde dei – um husmori minnest rett – få nye bord i bladstova, so dei gamle laut ut. Ja, han berga det frå dyngja! Det er sterkt for husmori å tenkja på det, at dette trauste og trufaste bordet kunde fenge slik ein vond lagnad. Ho stryk og klappar bordplata med skrivarfingrane sine.

Men ho hev visseleg gjort mykje anna hell' å skriva ved bordet! Ho hev leika med Lego og Actionman og Kinderegg-figurar, lese Donald-blad og ete laurdagsgodt, spela gitar, gjort skulearbeid (men som oftast gjorde ho leksor ved kjøkenbordet), sét film, pakka inn jolegåvor, drøymt um fast fylgje og so frametter. Her hev ho sanneleg mogna mykje. Men fullmogi er ho enno ikkje, kann me leggja til.

Då husmori var student i Nidaros, laut bordet finna seg i å vera mykje åleine. Men det gjorde nytte for seg lell: Far til husmori pla leggja post og anna til husmori der, og ein gong vart han var at taket på romet hennar lak, just fordi avisene som låg på bordet, var blaute. Ja, der kann de sjå! Men so hadde ikkje bordet nokon stad å vera. Det stod ute fyrre vetter, og bordplata vart tolleg herja. Då våren kom og husmori skulde setja bu på Vestlandet, vilde ho ha med seg bordet. Mor til husmori syntest bordet var stygt, og gav seg til å leita etter skrivebord på ikea.com og finn.no, men far til husmori slipa og lakka plata so ho vart endå finare en fyrr. Kom ikkje her og seg at mannfolk ikkje skynar seg på interiør!

Ja-ja. No er bordet ein fast fylgjesven og eit trygt grunnlag i det daglege strævet åt husmori. Her skriv ho artiklar, essay, fyredrag, reiserekningar, e-brev, husmorblogg og jamvel bøker, men korkje ho eller bordet misser bakkekontakten av den grunn. Dei likar seg her i kjellaren.

4 kommentarer:

Simon sa...

Liker at skjermen syner ordbokoppslaget "skrivebord"! :-D

fridtun sa...

Du hev nase for detaljar! Eller augo, då. :)

Fivrelden sa...

Dette var rett og slett herlig å lese. Har også et sånt skrivebord som har vært følgesvenn i mange år. En skriver krever sitt skrivebord ;)

fridtun sa...

Ja, det beste bordet er eit bord med liv i. Ingen tvil.