tirsdag 27. august 2013

det humpar og klekk seg

Som nettnerden kunngjorde i eit hildrande gildt innlegg tidlegare i år: Det hender me set oss godt til rettes og ser løgne filmar på youtube. Ja, endå me ter oss som gamlingar på mange umkverve (sterke motstandarar av sokalla smart phone, løyser kryssord, stoppar sokkar, plukkar molta, skriv brev for hand, stend i glaset og fylgjer med på det som ber til utanfor), er me sers glade i å sjå filmsnuttar på veven. Det finst so mykje merkelegt her i verdi, tenkjer me radt, der me sit og glåmar. I sumar slumpa me til å sjå ein snutt som sette djupe spor i hugen vår – og i ordfanget vårt.

Stutt yversyn yver ord og ordlag som no er vortne tidgjengde i heimen:

det humpar og klekk seg – brukelegt på ymse måtar, men gjerne nytta til å fortelja at stoda er jamt yver god, eller at noko gjeng som venta, eller berre at det rullar og gjeng. Kann òg te seg som spursmål: Korleis humpar og klekk det seg her, då?

tufsa seg – fyrst og fremst nytta um noko som vasar seg, ter seg toskutt og/eller fører umak på oss. Til dømes når dyna klumpar seg saman nedst i dynetrekket, eller når skrivaren skriv ut kråketær i staden for bokstavar.

dundring og brakjing i vombi – viser til ymse undersame ljod frå buken, serleg etter middag og andre tyngre måltid. Kann òg koma i motsett fall, når svolten syg.

kan godt putra litt meir – um det same som ovanfor, men ikkje fullt so høglydt.

rævapinna – lite nytta i daglegtalen, men det løyser låtten og verkar hugsvalande på tunge dagar.

attåtplunder – er ikkje heilt innarbeidt enno, men de ser det viser til plunder som kjem attåt noko anna. Eit tenkt døme er at dyna tufsar seg, og at du, medan du rister dyna, velter eit vassglas.

dalstroka innafør – brukelegt på ymse måtar, men ofta gjeld det innvolar, og serleg det som rører seg i brjosthola.

Ja, no er de nyfikne, tenkjer eg! Her er upphavet til det heile, sjå og lær:



2 kommentarer:

Anonym sa...

Har de leita etter Gamlis-sider på nettet?? Anonym kjærastmor.

fridtun sa...

Gamlis-sider? Det må du utdjupa. Men me leiter ofte etter gamalt snadder, ja. (Å, no kom eg på kor mykje eg gler meg til å sjå Tante Pose i joli.)