torsdag 16. august 2007

Gras på glas

Jadda, dætta er siste dagen heme. I skævven på Austlandet.
Ittno prob, lizm, eg plar greia meg fint med mor & far & Co og barnerommet og el-gitaren i ein annan landsdel. Men det er jo litt rart likevel. Heimehuset har ein eigen rytme, som sitt i blodet. Inte så konstigt, eg har jo rytma rundt i dette huset sidan 1989 eller kva det var. Så bittelitt leitt er det jo. Til alt hell er huset laga av tre og ikkje t.d. sukker. Då ville det ikkje tolt haustregnet og Fridtun hadde ikkje hatt go'heimen å komma att til.

Japp, for eg er ei heimekjær lita frøken og synest det er fint å få vera vesle-Kristin no og då. Her er resultatet:




Eg har nemleg eit honningglas frå daglegvarebutikken i Elgå, kjøpt i sommar, med honning frå femundsmarkbier. Eg tinga på glaset med ein gong det kom i hus (hytte), men visste ikkje kva eg skulle ha i det. Glas i seg sjølv er jo fint. Og her var etiketten gørfin óg, med fjell som speglar seg i Femunden (på aukrustsk: Nautmulevatnet).
Noko må eg ha i, tenkte eg. Akk, eg har putta mykje rart i glas opp gjennom tida. Mykje stein. Og levande skapnader som insekt, froskar, salamandrar, meitemark (dei vart truleg plasserte oppi glaset etter at veslesyster'n og naboguten hadde sendt dei fram og attende over plenen på ein frisbee (retting: sendeplate)). Gamle blyantstubbar, donaldblad-ting, legofigurar og anna dilldall har vel også sett verda gjennom eit syltetøyglas. Men no er det altså ei ymis blanding kvist og kvåså frå Fridtuntomta som kviler under skrulokket:

To nævar gras
Omkring ti raude, runde tyttebær
Tre klyper trekløver
Ei mindre mengd blåbær
Ein kvitkløver

Altså ikkje så mykje kvist...
Men eg er godt nøgd. Imponert over mitt eige hugskot.
Utan tvil veldig kristinsk. Uhorveleg kristinsk.

Jajamen. Trukke eg hadde meir på tapetet i dag.
Så då takkar eg for laget.
Og følgjet.

Neste stopp: Nidaros.