søndag 27. mai 2007

where soul meets body


Hvor Glommen brer seg baner, sin vei mot havet frem
blant furu og blant graner, der har vi fått vårt hjem.

Og Glommens trygge styrke har merket ferd og sinn

og skogens sus har sunget sitt vemod i oss inn.


Når vestenhimlen gløder i solnedgangens prakt,
og liens løvtrær møter i sin septemberdrakt,

da er vel bygden vakker, dens
skjønnhet gjør deg stum,
da vet vi at vi elsker vårt fagre Elverum.

Elverumssangen - Johan Schulstad.



Fuglar i furuene utafor soveromsvindauget,
småsysken på andre sida av middagsbordet.


Fem timar heime og eg har allereie sprungi berrføtt på skogsstigen, vassa i bekken, nussa K. på hoppbakkestillaset, lesi lokalaviser med ein kaffikopp frå Sparebanken Hedmark i nævan. Og eti is på den velkjende Soppen.


















lørdag 19. mai 2007

i dag liker eg to ting på s.

Sola og skogen.

Sola fordi ho ligg og lurer mellom ryggvirvlane, varm som eit smil,
og snart kjem ho fram i huda.

Skogen fordi han susar slik ein skog skal,
innimellom fugleplystring og joggeskoskritt på ein mjuk stig.


Å! Eg liker ein ting til. På s.
Sundag om ei veke.
Då kan eg gje veslesyster ein nuss på kjakan
og trø over golvplankane på barnerommet mitt,
gløyme alt som er tid.
Slå graset. Plukke kvitveis til bestemor.

Det blir fint. Men no er det no
og eg skal gløtte litt i ein boks med spegel i.













(Biletet er åtte år på fredag. Hurra!)

onsdag 9. mai 2007

(kom)posisjon: levande

I dag skal eg formulera meg stutt & kryptisk. Først med elleve ord, så med seks. Det blir sytten til saman. Samt renter i innspurten.



Øvst i gatelykta:

kråka i kjole
og kvitt

skin ut sola.

*

Seks strenger:

på akkord
med livet.

*

Legg til litt sludd og André M.R. (Majestet Rex (mektig tittel)), og midtvekedagen min er fullstendig.