torsdag 19. september 2013

fridtun (hus)morar seg utanfor heimen

Husmoryrket er ikkje kva det ein gong var. Innimillom koking, innkaup, filleristing, klædevask og uppvask, må husmori fara kringum i landet og preika um Aasen og målet hans for folk og fe. Til alt hell ottast ho ikkje fly, for det vert mykje av det, skam å segja. Og bilkøyring. Hau. Er det dét som er å vera «på reisefot»? Ho nyttar føtene tolleg lite, anna en til å trø på ymse pedalar. Men slik hev det vorte.

Skal husmori syta for seg sjølv, lyt ho krjupa ut av skrivehòla då og då. Visst er det leitt å tenkja på at maken må greida seg åleine i heimen, men ingen hev stroke med til no. Dessutan vert gleda ved husstellet endå større når ho hev baksa rundt frå skule til skule i mange dagar; å bretta klutar er so moro at ho mesta brest i lått! Ja-ja. Denne vika fór ho jamvel til hovudstaden og møtte ei grepa bladkvinne (eller vevkvinne?) frå NRK.no. Kva me tala um, kann du lesa her.

No skal husmori ta seg ein klunk (nei då, ei liti skeid) av den gall-beiske hostesafti si, for krimsykja fengde henne ein stad på ferdi, og vondt skal vondt fordriva. Men det er godt å vera heime litt, tykkjer ho. Etterpå skal ho snakka litt med katten.

2 kommentarer:

Astrid Nerhus Dale sa...

Hei! Var på innlegget ditt under UKA i kveld, og det var alt eg hadde håpa på å få høyre om. Takk for det :)
Eg ser du brukar ordet "lått", var det ein del av nynorsk før? Har aldri sett det i bruk før. Sjølv brukar eg det dagleg i "dauda ta lått", men trudde det var eit eldre dialektuttrykk..

fridtun sa...

Gode Astrid!

Gildt å høyra at du hygde deg med Aasen-fyredraget. Det er ikkje ofta eg hev so flirfulle tilhøyrarar :)

Ja, lått er eit godt, gamalt ord (norrønt hlátr, látr). Forma latter er nog mest nytta i nynorsk i dag, men lått er fullt brukande. "Dauda av lått" kann du fint skriva. Slik er det med mest alle vendingar i målføri: Det er berre å bruka dei i nynorsk!