onsdag 7. august 2013

MEIR HYTTEMORO!

Ja, her kliner me til med store bokstavar, for hytteferd på seinsumaren må vera noko utav det gjævaste som finst. Då hev fjellvatnet vorte so lognt at du kann symja, ikkje berre duppa deg, og molta er jamvel mogi, i alle fall sume stader. So dei som trudde Haugum og husmori fekk nøgdi av hyttedagar tidleg i juli, må tru um att. Denne gongen fór dei i fylgje med husmor-mori, husmor-faren, yngste husmor-systeri og hunden (som òg vert kalla Sonen).

Men kva gjorde dei uppi der, undrast du. Sjå og lær:




Husmori las Menneskebonn, den fyrste boki
hans Tarjei Vesaas. Ho hev sikla etter dette
verket lenge, og ein dag i juli tok ho seg på tak
og kaupte boki hjå Norli Antikvariat. 
I år er det 90 år sidan ho kom ut!
Og merk: Det var fyrsteupplaget, og sidone
var ikkje uppskorne eingong! 


Hunden las krim i lag med mor.


So såg me litt på småe og store reinsdyr.


Sidan me hadde ferdafylgje, vart det nokre
bilæte der både nettnerden og husmori er med.


Um me skal tru lokalavisa Østlendingen, kann utsegni
«Molta er mogi!» få folk til å stå upp frå dei daude.
Me tvilar ikkje.


Utsyn frå byttekanten.


«Kodak-moment!» ropa nettnerden,
og sette seg til rettes på roti.
Hendig bytteknagg til høgre.


Husmori gaper seg ved den same roti.


No, du sit radt og undrast på kvar laugebilæti vert av? Vel, dei er skarpe og stilfulle (på eit av deim stend husmori på hendene uti vatnet, med strake bein som peikar beint til himmels), men det fær vera måte på kor mykje ein skal byda på seg sjølv. Ver med og laug sjølv!


5 kommentarer:

Anonym sa...

Tanto er imponert over dei flate moltemyrene på austlandet! Her har me gått meir på skrå i dag, men molter vart det! Tanto dreiv endåtil med moltetasking, det er når ein plukker molter med eine handa og blåbær med den andre. Slik er det når ein har sterkt sankegen

fridtun sa...

Moltetasking! Der fekk eg eit nytt og godt ord til ordtilfanget mitt. Ja, Ida hev sterkare sankegen hell eg hev, og no veit eg kvar det kjem frå!

ida sa...

det er då bratt på denne myra, tante A! dei øvste på biletet er såleis oppe, medan fotografen er nede. eg er i midten.

Silje W. sa...

Her var det kommet mye fint lesestoff i løpet av ferien! :-D

Jeg savner deg, jeg.

fridtun sa...

Ja, du hev litt å pløgja igjenom no!

Eg saknar deg òg, Silje, berre so du veit det. Tala um deg seinast i går! Snart sender eg dykk trondheimsbuarar ei liti lista som syner når eg skal vera i Trondheim i haust. Då skal eg prøva å få møtt so mange som råd!