tirsdag 3. mars 2009

ein tysdag. eit bilæte.

Ja, so vart det tysdag, gut. Då køyrer eg i gang leiken. De skal sjå det er mangt og mykje som brigder seg innanfyre bilætkarmane mine i vìkone som kjem.
Ljoset. Blåtimen hev flytt seg frå ni-tidi til um lag seks. Soli stig sterk og god upp fyrr en folk flest hev teke på arbeidsdagen.
Snjoen. Når det lid på brånar snjo-tjeldet og det turre, gule, bøygte graset syner seg. Når det lid endå lenger utpå tek stråi til å kvikna og grønka og ris upp mot himmelkvelven. Akk, eg gled meg.
Lauvet. Nett no ser de berre nakne greiner. Dei kann vera væne, dei au. Men, mest inkje er som det skinande lauvet i mai. Nakne greiner tekte med frost og rimkrystallar er lika vel det aller vænaste. Døme frå Øysterdalen.
Fuglesongen. Songen er vand å fanga med kameraet, diverre. Fuglesong er no ein gong den gildaste songen. No um dagane er det liv og låt i fuglane fyre halv sju, veit eg, og det er so gildt å setja gluggen på glytt og berre lyda.

Er eg ein toskutt romantikar, segjer du?
Skit samma, segjer eg, hjernen turkar ut um ein ikkje kastar seg på sverme-bylgja då og då.

Her er bilætet frå tysdag 3. mars. Halv åtte um morgonen.
Som de ser av himmelen vart det ein tolleg fin og ljos dag.
Og då eg lika etter knipset rusla upp mot Dragvoll, so var det jaggu nokon som køyrde med hest og slede utpå Voll-jordet. Prikken yver i'en.

6 kommentarer:

Anonym sa...

«Sukk ... :)» segjer eg berre.

Anonym sa...

Takk-takk :)
Korleis gjeng det med svevnen?


-kf

signe sa...

livet er ikke mye verdt om en ikke kan romantisere rundt det.

Anonym sa...

Ahh ... Allereie i dag har snjogen bråna litt meir ... :-)

Anonym sa...

Det gjeng betre etter kvart, og no hev eg kome på noko lurt, som eg hev skrive upp i siste vevritsinnlegget mitt.

Anonym sa...

Takk for innspel! :)