lørdag 28. februar 2009

glør i snjokavet

Eg gauv laus på lyrikken i ALIT1102 i dag, og det gjorde godt for sjæli. Skaldane hev yrkt mange gode vers um Kjærleiken, det er likso visst som amen i kyrkja. Endå eg er litt vreid og vonbroten og uhuga på denne Kjærleiken, so greider sume av kvædi å koma burti det som finst av vare strenger og gjera Fridtun varm um hjarteroti. Eg tilråder til dømes å glytta på "Sonett 14" av Louise Labé, og her finn de den vænaste umsetjingi til norsk. Ho er gjord av Per Esben. Til han segjer eg berre: haldt fram!

Lika vel, det er ikkje ALIT-skaldane eg hev mest vyrdnad for. Det er desse gode, gamle skaldane som dikta på god, gamall nynorsk, veit du. Og i dag skal eg gjeva dykk eit av dei vænaste kvædi um Kjærleik som eg kjenner til. Kven hev yrkja? Olav Aukrust. Kva heiter kvædet? "Brising" (norr. brísingr). Det tyder 'logande eld', 'bål'. Um eg kann det utanboks? Ja. Skal du setja deg godt til rettes og lesa med gaum og mjuk hug? JA.

Det var audt her og kaldt.
Men då du steig inn i salen
vart det ljuvt som millom liljur her
og lægjande, alt.

Eg fekk høyre ditt mål.
Og det glitra, og det gledde meg -
min hug slo høgt til himmels
som eit frodigt jonsokbål.

Du er frisk som ein vår.
Du er yndeleg og tindrande
vakker, ja det angar
liksom blomar der du går.

Og eg ser deg so eg skjelv.
Ja du aukar di magt,
du er fager, du er fårleg
som ei veksande elv.


Og elles: de kann gleda dykk stort til tysdagane frametter, for no tek eg til med "tysdagmorgonbilætet". Det skal vera som eit framhald av måndagbilæti frå i fjord vår. Eg skal knipsa ut glaset mitt, kvar tysdag morgon klokka 07.30. So kann de sjå koss vetteren kverv og våren kviknar. Eg hev både gras og tre og himmel utanfyre. No er snjoen på sitt djupaste, fær me tru, og eg held fram med bilæti ut mai månad. Takk til Silje som gav framskuv til prosjektet.


/Skrivar-Fridtun

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hurra! Olav H. Hauge! Tysdagsbilete! For ei oppmuntring på ein sturen sundag.

Anonym sa...

Meiner du Olav Aukrust? :)

Og eg ansa vondhendet på fjesboki. Leid for det. Det er fulla lite eg kann gjera åt det, men ein tanke eller ti kann eg senda i veg til deg.

Og atter: du må halda fram med umsetjingsgjerninga.


Vensamt
kf

Engeline sa...

Tirsdagsbildet. Våren er på vei, og du skal bevise deg.

Anonym sa...

Ja, Olav Aukrust. Eg har fått Hauge-dilla etter den nye koppen eg tinga.

Takk for det! Er ikkje mykje å gjera, diverre ... Men takk for tanken. :-) No lyt vi sjekke bussrutene åt Fosen (går det buss dit? Eller lyt ein ta båt?)!

Anonym sa...

[url=http://www.kfarbair.com][img]http://www.kfarbair.com/_images/_photos/photo_big8.jpg[/img][/url]

מלון [url=http://www.kfarbair.com]כפר בעיר[/url] - אווירה כפרית, [url=http://www.kfarbair.com/about.html]חדרים[/url] מרווחים, שירות חדרים, אינטימיות, שלווה, [url=http://kfarbair.com/services.html]שקט[/url] . אנו מציעים שירותי אירוח מיוחדים כמו כן יש במקום שירות חדרים המכיל [url=http://www.kfarbair.com/eng/index.html]סעודות רומנטיות[/url] במחירים מפתיעים אשר יוגשו ישירות לחדרכם.

לפרטים נא לפנות לאתרנו - [url=http://kfarbair.com]כפר בעיר[/url] [url=http://www.kfarbair.com/contact.html][img]http://www.kfarbair.com/_images/apixel.gif[/img][/url]