onsdag 11. februar 2009

med føtene uppunder mjødmane

For ei drjug vìka sidan skreiv eg sumt um underlege føter (ordet andfǿtingr). Då eg las Hellig Olavs liv og jærtegn (ved Salvesen og Gunnes) i går, so råka eg jaggu på ei uvand beinstilling att. Sjå berre her:

En vanskapt kvinne som var så sammenkroket at begge føttene lå bøyd oppunder hoftene på henne, ble ført dit hvor den hellige mannen hviler. Da hun hadde vært der lenge og til stadighet kalt på ham med tårer, helbredet han henne for denne svære vanførheten slik at føttene og leggene og de andre lemmene rettet seg fra denne sammenbøyde stillingen. Hvert ledd og lem ble slik det skulle være skapt, og hun som tidligere ikke hadde vært i stand til å krype dit hen, kunne nå glad gå helbredet derfra på sine ben, hjem til sine egne folk.

Eg skal segja folk kunde kunsti å krøkja føtene uppunder seg!
Og ho lærde snøgt å ganga, denne kvinna.

Eg undrast kva Heilag-Olav hadde gjort med meg dersom me møttest.
Framlegg:

- Han hadde lækt og løyst meg frå dette skakk-køyrde hjarta eg er forsynt med.
- Han hadde retta på dei skakk-køyrde hornhinnone mine (næsten som å gjeva att synet åt ein som er blind)
- Han hadde rådt bot på desse (skakk-køyrde?) fråsparki mine, so at eg ikkje hev "bakglatte skidor" endå eg legg på ein halvmeter klister og skifter tyngd soleis som han far og ho mor hev lært meg.
- Han hadde late meg studera eit år i millomalderen. Dét er einaste lytet på studiet mitt, eg kann ikkje taka eit år i utlandet for å læra norrønt betre (um ein ikkje reknar med Island, då). Ein kann fara åt Hellas for å læra Platon og betre græsk, åt Frankrike for å læra Boileu og meir fransk, åt England for å grava seg ned i Shakespeare og Austen og eg veit ikkje kva. So Olav, du fiksar år 1240? Eller Stiklestad 1030? Branden på Bergtorskvål?

Nei, no er det nøgdi av hugsyner.
Adios.

10 kommentarer:

Anonym sa...

eg tippar på nr 2 eigentleg. hornhinnene. det er sånn typisk helbreding. (det som teksten om helbredinga frekt og fint ser vekk frå, og utelet, er det avsnittet der det kom fram at du fekk briller.) det siste hadde vore beint fram fantastisk, då!

Anonym sa...

Hahahohohihi! "Hornhinnene. det er sånn typisk helbreding".

Eg undrast kvifor Snåsamannen og hornhinner ikkje er nemnde i lag enno? Stort potensial der.

Anonym sa...

Trur han ville sjekka deg opp.

Anonym sa...

Oi!
Ja, dét hadde ikkje vore nær på eit mirakel!
Godt framlegg.

Anonym sa...

Kressin, du skulle bodd her som jeg bor. I leiligheta mi har vi islandsk, færøysk, dansk og totning - og engelsk hver gang dansken min kommer til kort. Ikke bare norrønt akkurat, men språklig mangfold har vi ihvertfall. :)

Anonym sa...

Den åpenlyse tilnærminga til utvekslingsproblemet er jo å bygge ei tidsmaskin. Det funker, for det så jeg på "Huset med det rare i" for en tolv-fjorten års tid siden. Dersom du googler det, finner du sikkert noen tips til hvordan du skal gå fram. Det trenger du imidlertid ikke hva angår det å skrive blogg, for der er du alt suveren.

Anonym sa...

Jaggu! Her hender det saker.

Skreia: Dæsken, eg er avundsjuk på språkmangfaldet du ferdast i! Kven av måli tykkjer du er finast?

Nordiskstudenten: Takk for "Huset med det rare i"-tipset! Det hadde eg ikkje kome på sjølv.
Og takk for go'ord. So snart eg hev posta denne kommentaren skal eg granska bloggen din. Um det er dét som løyner seg attum namnet ditt, då.

Anonym sa...

portvin hev umsider svart: http://korrekturvin.blogspot.com/2008/12/bakst.html

Anonym sa...

(: Tror jeg må si islandsk.

Ellers så puster jeg letta ut og smiler hver gang jeg plutselig går bak svensker på gata. Når jeg har vært omgitt av dansk ei stund så syns jeg svensk er enda vakrere enn ellers til og med. :)

Anonym sa...

Takk, Portvin, eg reknar med eg fær høyra heile stasen med melodi og slikt ein dag.

Forresten, hev du lese "Or gommol tid" av Knut Bjørgås? Eg tenkjer ofte på deg når eg les. Det må vera vossamaolet.


Skreia: Islandsk er eit godt val. Eit godt, godt val.
Høyrer du på Sigur Rós?



-kf