mandag 2. februar 2009

Stride kvinnfolk og dritua

Eg hev lese mangt og mykje av sogor og kvæde frå millomalderen. D'er kje fåe hardføre karar eg hev råka på vegen, og dei fengslar og fyller meg med vyrdnad gong på gong. Men um dei ikkje er likso mange og likso høglydte, so er kvinnone gilde sogekarakterar au. Jamt og samt er dei kjernen i striden millom karane, eller dei driv far eller bror eller mann til å hemna den og den eller gjera det og det verket. Det finst mykje litteratur um sagakvinna, men eg hev ikkje tenkt å vera ålvorleg og vitskapleg denne gongen.

Det er fulla å skyta seg sjølv i foten å gjera det eg skal no, men eg berre . Eg hev sett meg fyre å draga fram døme på sytutte kvende. Eg vel ut tri kvinnfolk, og kjem med ein liten bolk. Eg lyt segja endå ein gong at dette ikkje er faglegt på nokor vis. Tonen i tekstene kann skriva seg frå umsetjaren og ikkje verket sjølv, og kann henda er det toskutt av meg å segja at den og den syt og ber seg som ein illsint fjortis. Men her er dei, i alle fall:

4. Ein kjem liksom ikkje undan Hallgjerd, kona åt Gunnar på Lidarende. Ho er legendarisk, og eg kunde valt mange gullkorn frå henne. Lika vel tek eg det viktugaste: ho neittar å hjelpa Gunnar ved å gjeva han nokre hårstrå so han fær i stand bogen sin og kann verja seg:

Han [Gunnar] sa til Hallgjerd:
"Gje meg to lokkar av håret ditt, så tvinnar du og mor mi saman ein bogestreng for meg."
"Er det mykje om å gjera for deg?" spør ho.
"Det gjeld livet mitt," seier han, "for dei kjem aldri innpå meg så lenge eg kan bruka bogen."
"Då skal eg no minnast kinnhesten du gav meg," seier ho, "og det er det same for meg om du ver deg lenge eller stutt."

Hoho! Snakk um iskald ektefelle!
Du slo meg på kinnet, so no kann du døy!

3. Her frå Soga um Margreta, heilage Margreta. Denne songa er ei jomfrumartyrlegende, dei kallar. Attåt siste replikken hennar likar eg å sjå fyre meg ein "du fåkke væ'me på leken"-mine på henne, men det er fulla eg som les det inn i teksti meir en det er der frå fyrr.

Då reiste ho seg opp og sa: "Ta du no sverdet ditt og halshogg meg!" Han [bøddelen] svara: "Eg torer ikkje å halshogge deg, for Gud tala til deg." Den sæle Margreta svara: "Du kan ikkje vere med meg til paradis om du ikkje gjer dette."

2. Endå litt meir Margreta. Eg tykkjer ho er litt nebbet, eller i minsto hev ein tone som likjest "slutt å ta Barbiedokka mi"-gnål frå ungar, i denne bolken:

Då reiste den djevelen seg opp, som hadde sete, og sa til møya: "Mykje maktar bønene dine. Eg sende Rufus, bror min, for at han skulde forfølgje deg og skjemme din reinleik, men du vann over hann[sic] med krossmerket, og no vil du drepe meg med bønene dine."
Då tok den sæle Margreta djevelen i håret og kasta han til jorda og steig med den høgre foten sin på halsen hans og sa: "Hald opp, vonde ande, med å freiste meg, for eg er Kristi trælkvinne."

FOR TENKJ!

1. Her er Brynhild frå Soga um Volsungane. Ho hev vore gjenom mykje vondt, det er sant. Men eg tykkjer fjortis-tonen er vèl tydeleg her:

Etter dette gjekk Brynhild ut og sette seg ved stoveveggen og heldt på med klaginga. Ho sa at ho hata alt, både land og rike, sidan ho ikkje fekk Sigurd. Gunnar kom til henne endå ein gong. Då sa Brynhild: "Du skal misse både rike og gods, både livet og meg, og eg vil fare heim til frendane mine og sitje der sorgfull dersom du ikkje drep Sigurd og son hans."



So til noko heilt anna. Eg var som nemnt i Elverum sist helg, og i lokalavisa Østlendingen fann eg ein morosam tittel. Eg klypte ut og no heng det på dodøri mi:

2 kommentarer:

Engeline sa...

Jeg planlegger altså å nominere deg, neste gang noen kaster i gang en slags bloggkonkurranse. Ikke fordi jeg er så overmåte glad i konkurranse, men fordi jeg synes bloggen din er så inderlig kul. Og da kommer jeg sannsynligvis til å liste dette blogginnlegget blant de innleggene jeg vil anbefale.

Anonym sa...

Hoho! Vel, takk, Engeline! Eg er ikkje so glad i tevlingar eg hell, og det er likso gjævt at du segjer du skal nominera meg som at du faktisk gjer det. Men takk.
Og det var godt at du fann mykje gaman i innlegget.


-kf