lørdag 21. februar 2009

Hoppa-hoppa!

Eg fær byrja innlegget i kjend og kanonisert stil:
Fredag 20. februar var ein stor dag for alle skihopphjarto [til dømes dette]. Etter mange år med slit og slep og gubbar og neitting (og tunn grunngjeving) og modløysa vann dei fram, gjentone. Fredag 20. februar fekk dei hoppa VM-renn dei au, i same bakken som gutane. Det gjekk godt! Desse tri kom på pallen:

1. Lindsey Van (Sambandstatane), poeng: 243,0
2. Ulrike Grässler (Tyskland), poeng: 239,0
3. Anette Sagen (Norig), poeng: 238, 5

(- fyrr en eg skriv meir lyt eg gjera lesaren merksam på at eg er ven med alle desse på fjesboki. Det veg tungt. Og attåt dette: sylvvinnaren vart fødd den 17. mai 1987).

Eg såg ikkje rennet sjølv, diverre. Eg var i Femundsmarki. Men eg høyrde på radio, P1, og der sagde røysti at dei fekk stygglåg fart. Snjo fall det au. Ein av dei norske deltakarane sagde til P1-lydarane: "Det [rennet] var sikkert dritkjedli å se på".

Det viktugaste er lika vel ikkje dei som såg på, men dei som hoppa. Sagen og Van er velkjende attergangarar som hev vore med på denne internasjonale leiken i ti år. Grässler ligg ikkje mange år attum. Difor er det so gjævt at nett desse hævda seg. Og det er gildt at Jahr og Iraschko og Jerome og Watase gjorde det godt au. For mange var fulla dette eine rennet gulrot og drivkraft og Målet.

Fridtun teiknar og fortel hev vore i kontakt med vinnar-Van, og i ein e-post til skriftstyret skriv ho: "it still hasnt hit me yet totally but it is starting. it feels weird, and i still cant believe that i won. it was great to share that experience with ule and sagen. [...] we have worked really hard together to get this, and push the sport forward so it was a great experience."*

Med andre ord: dette er ein höjdare! Eller Höjdaren so langt i 2009.



Van (vinstre) og Fridtun i ein nær augneblink. Schönwald 2004.

Elles: sjå her.


* Attgjevi med løyve.


4 kommentarer:

Anonym sa...

Rått! På tide gjentune fekk hoppa med! Eg vart skikkeleg glad då eg høyrde um rennet i helga, sjølv um skihopp per se ikkje bryr meg noko serlegt. Men gratulerer!

Anonym sa...

Eg fær segja takk, då. Ja, desse jentuttn! Det må vera fint å fljuga slik dei rettelege skihopparane gjer. Eg vart aldri so god. Men moro var'e lell.

-kf

Anonym sa...

Hu kjenner jeg! :P

Anonym sa...

Ja, sjå der, du! Hoho. Elverum Fotball kann føra til so mangt. Millom andre amerikanske skihopparar på treningi ;p

-kf