lørdag 27. desember 2008

hopp & sprett & tjo-å-hei!

Hei, du!
Noko av det beste med å vera heime er at ein hev so mange fine, gamle bilætsamlingar å glytta i. Ein dag fann eg mange nog til å laga ein liten serie utav det: her kjem nokre blinkskot frå tidi som hoppar. Det er ikkje tvil um at eg var stilhoppar ein gong i tidi, men det var fyrr en eg tok til med V-stil og hælstroppar (vandt å setja skikkelege telemarksnedslag når hælen sit fast i skii!). Elles er det mykje ein kann bita seg merke i; dei ulike hoppdressane, skiføringi, armane - her er ulike stilar og teknikkar lette å sjå. Noko å krydda hoppvìkestemningi med.

Eg flaug, far min knipsa. Takk til honom for godbìtane.


Eit tidlegt eit. Fin strekk og arma' innåt kroppen. Fem gonger tjuge!















Hopping er ikkje berre flyging. Det er jaggu mykje venting og småprat og frysing au. Her er eg (nr. 97) i lag med ein flokk gutar. Det fløymde ikkje av gjentor!





So eit litt stort hopp(!) fram til gulldagane i sylv-dressen - Silverflight, heitte'n. Her er eg 13 år og hev um senn taket på V'en.



















So frå hoppkanten. Det er jaggu mykje som kunde vore betre. Eg er altfor mykje bakpå, leggen er for rett, overkroppen sku' vore lågare, men jø - det gjekk ikkje so verst lika vel. Og eg var som sagt sers nøgd med dressen.



Endå litt eldre, håret hev i minsto vakse. På bommen i 120-en på Rena.






Siste flagring var i joli 2006. Då var det næsten tri år sidan eg gav meg "på orntli'". Temmeleg rak og fin, spørru meg!

13 kommentarer:

Anonym sa...

Så koseleg! Du manglar berre eit bilete frå det improviserte hoppet vårt på Bjorli :) God jol og godt nytt år

Anonym sa...

Eva! So trivelegt at du òg kjem innum! Bjorli-hoppet slær knockout på alt dette!
Hoho.
Og eg legg bloggen din til under "Kjenninar". So veit du det!

-kf

Silje sa...

Å, så tøff du er!

No som eg både har lese teksta di og sett ned Granåsen, får eg nesten sug i magen om eg freistar tenkje meg korleis det er.

Anonym sa...

Hoho! Den teksti, ja. Hadde næsten gløymt den.
Vel vel. No skal eg ta turen innum /din/ blogg. Er det noko liv der, må tru?

-kf

Engeline sa...

Jeg kan ikke annet enn å si meg enig med Silje, du er tøff som en drage i luften. Og det er det beste jeg kan tenke meg.

Anonym sa...

"Her er eg (nr. 97) i lag med ein flokk gutar." - vil det seia at nr 91 (trur eg) er ein gut som spradar rundt i rosa hoppdress or fri vilje? følte liksom at det ikkje var så kult i den alderen... kjekke bilete! eg skjønar ikkje at nokon torer å setja utføre slik. fort og høgt og skummelt!

Sunniva sa...

Dæven du er tøff! Jeg er jo ganske talentløs på det sportslige området, og blir fra meg av beundring når jeg ser hva dere andre får til med kroppen. Artig at du deler disse bildene med oss. Godt nyttår!

Anonym sa...

Oioi! Her renn det på med meldingar! Skal me sjå:

Ellinor-pellinor: Takk-takk! Eg la rett nok ikkje ut bilæti for å få rost vågemotet mitt, men det er stas at du jamfører meg med ein drake! Kuli. Det skal eg koma i hug.

Dativ fleirtal: JA, nr. 91 er ein gut i bleik-rosa hoppdress. Eg trur ikkje me tenkte so mykje på det. Hoppdressar i den rosa-fargen var tolleg vanlege på den tidi. Dessutan var han (nr. 91) den tøffaste av oss.

Sunniva: Og eit godt nytt år til deg! Og so bed eg um orsak for at det aldri vart noko av dette "5 ting folk ikkje veit um deg"-innlegget, du tagga meg ein gong i tidi. Det gjekk med i jole-dragsuget, trur eg.

-kf :)

Anonym sa...

Eg skjønar nr. 91 (Stomperud?) godt. Bredesen tok då OL-gull i rosa, og kven var vel større enn honom då me var småe?
Dessutan, og som alle har sagt, er skihopping noko av det tøffaste som finst. Ingen farge kan gjera ein skihoppar utøff. Heller ikkje ostehjelmane åt sveitsarane (som uansett er kjempestilige). Ikkje ein gong Lillehammer-håkkien Wiessflog flaug med.

Anonym sa...

Precis! At eg ikkje kom på det med Rosa-Bredesen! For det er jaggu sant. Og Ottesen hoppa ei tid med mykje oransje, hugsar eg.

signe sa...

Fridtun er modig!

Anonym sa...

Du har många sidor i dig! Vad kul att få se bilderna av dig så här! Att du vågar... jag får svindel bara av att se backen luta neråt...
God fortsättning på året, kära Fridtun! Kram från Dana

Anonym sa...

Takk båe tvo :)
Og eit godt nytt år!

-kf