tirsdag 6. januar 2009

eg - eit trugsmål for norske born

Ja, so var det på'n att, då. I Aftenposten las eg eit innlegg frå leidaren av dette morfarbarn.no-stellet. Folk som han slær steike ta' meg eld i den elles fredsame bringa mi. Bodskapen er heilt bånn i bøtta! Eg fær vondt av å lesa slikt. Eg gjer det. Det han segjer er at eg, teiknaren og forteljaren Fridtun, som ser seg sjølv som eit tolleg kvikt og godhuga menneske, er ikkje eigna til å vera forelder. Hah! Ein unge hadde havt det betre hjå meg en hjå hjarteløysingar som han!

Eg kann heilt greidt og fint skynja at folk hev ulike syner og meiningar. Og eg veit neimen ikkje heilt kva eg meiner um homofilt ekteskap hell, eg tenkjer kann henda litt som Rufus Wainwright (homofil musikar) at lover som dregst um kjærleik og kynsliv er heilt høl i huggu. So lenge det ikkje er til meins for nokon treng ikkje staten og politikarane leggja seg i det.

Skrivaren av innlegget i dag meinte at ekteskapet millom tvo av same kynet kom til å skada norske born. Eller som han sa sjølv: "[...] denne ideologien kan føre til forvirring og usikkerhet i mange barns utvikling av identitet, seksualitet og selvbilde."
Tenkjer denne karen på at flestalle av dagsens homofile voks upp innanfyre den "heterofile normi"? I ein "normal" heim, der alt var so "naturlegt" og "harmonisk" vart borni seksuelt forvirra (det er det me er, ifylgje slike som han)? Undarlegt! Hev karen høyrt kva borni sjølv tykkjer um dette, dei som veks upp i lag med tvo feder eller møder?
Det er foreldre som han som set vrangsyner i hovudet på ungane. Tenkj um sonen (eller dotteri) åt denne karen fann ut at hjarta stunda meir etter gutar en gjentor (og tvert um). So kjem feder og møder som han og segjer at "nei, dette er ikkje naturlegt og Gud vilde det ikkje slik. Sjå til å finn eit kvende (hell ein kar)!" Eg tenkjer dét gjev barnet ein leid uppvoktster, eg!

Eit godt argument er at eit born treng nære band til både mannkyn og kvendkyn. Men det veit då jaggu alle homofile foreldre au! Eg trur flestalle homofile er meir medvitne um kyn og rollor og påverknad en "vanlege" folk. Det er ikkje rettvist at folk fær halda på slik!

Eg...- æh!
Eg idest ikkje skriva meir.
Det er so yvervættes paradoksalt at dei som skal "kjempa for kjærleiken" er dei største og stridaste motstandarane.

Som me sa på barneskulen: LEGG DEG OG VOGG!

14 kommentarer:

Sunniva sa...

Denne karen og disse uttalelsene er i alle fall en trussel mot alle barn med homofile foreldre, og alle barn med bare en foreldrer. For den forteller jo i praksis dem at: Dine foreldre/forelderen din er i form av sin legning eller mangel på partner ikke i stand til å gi deg en like fullverdig oppvekst og du kommer kanskje til å bli "seksuelt forvirret" (hva nå det skulle bety) av den årsak.

Anonym sa...

Takk!
Det er stødt fint med folk som er samde med ein sjølv.
:)

-kf

Sunniva sa...

må bare korrigere fra foreldrer til forelder. Hihi. Jeg er et rotehue. Men det er greit å ha noen å være enig med ja. (:

Engeline sa...

Du er nydelig når du er godhjarta, Kristin Fridtun. Du er så nydelig at det går gjevord om deg blant alle jeg kjenner som kjenner deg. Men jeg har aldri lest noe så fint som det du skrev her, en sint Fridtun. Du er beviset på at den dusten tar feil, for du ville bli en fantastisk mamma. Heldivis kommer de til å dø ut etterhvert, han er en dinosaur i siste epoke.

Anonym sa...

Du store!Kva skal eg segja?
Kann eg segja noko?
Takk for fine ord, og for at du er på lag med meg.
Eg gler meg til forskarar finn fossil av slike kverulantar um eit par tusund (millonar) år.

Silje sa...

Eg vart så rettferdig harm då eg las denne posten, at eg skreiv tre kommentarar på rad som eg sletta før eg fekk sendt(dei var for sinte, fann eg ut) og så måtte eg høyre litt på The Ark for å kome meg. Så eg har eigentleg gitt opp å seie noko konstruktivt her, eg. Det vert berre svada om alt frå kjærleik til korleis vi oppdrar barna våre. Eg får heller henge meg med på Sunniva og Ellinor sine utsegn og la det vere med det.

Eg vonar det kjem ein dag der folk som han ikkje tør å seie kva dei meiner høgt.

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Fridtun sa...

Noch einmal:
Å Silje!
Fær eg lov til å segja at du er søt?
Det er 'kje ofta eg kastar ut slikt.
Men søt, utan at du tek det som ein hersketeknikk?
For eg trur det er lika vanskeleg å sjå for seg deg SINT som å sjå for seg meg SINT.
Og då er det so fint at du laut skriva kommentar heile fire gonger.
Takk!

Anonym sa...

eg er samd med deg og kjærleiken. og alle som er samde med deg bør nærast forpliktast til å få så mange born som råd, for å sikra at dei komande generasjonane vert vituge og snilde folk.

Silje sa...

Haha! Dette er nok fyrste og einaste gong eg vert glad for "du er så søt når du er sint". Men eg vart altså det: både sint av di du vart sint og søt av di eg vart sint og glad av di eg vart søt av di eg vart sint.

signe sa...

Men Kristin. Vet du ikke at homofile bare tenker med kjønnsorganene sine?

Det er mange familiesituasjoner som ikke er optimale. En forelder, to foreldre av samme kjønn som krangler, fire foreldre på to steder, to foreldre på to steder. Barna vokser stort sett opp til å bli dugelige samfunnsborgere likevel. Men jeg klarer liksom ikke helt sette inn det å vokse opp i et nogenlunde harmonisk hjem (alle familer er dysfunksjonelle) med to foreldre av samme kjønn skal være noen skal ta noe skade av. Det å få vokse opp i en hjem med to mennesker som er glade i hverandre må jo være det mest ønskelige av alt!

Samfunnet kommer seg stadig videre, men jeg blir litt oppgitt av at folk fremdeles synes at dette her er noe det skal være vits i å snakke om. Folk er folk og barn er barn.

Hvis jeg får en unge en gang kan du godt få den av meg, jeg har en følelse av at du er bedre skikket som mor uansett. ;)

Anonym sa...

Takk for flotte (og fyldige) innspel!
Det er so gildt å skriva når ein hev slike hjartevarme og og vituge lesarar.

Haldt fram!

:)
-kf

Víkþórr sa...

Du mun trøytna av å høyra det, men eg er samd med deg, Kristin.

Eg vil segja at eg er for ekteskap av alle slag, um ein fyrst vil gifta seg. Samstundes meiner eg au at slikt som dette ikkje skulde lagast lover um.

Anonym sa...

Takk, Vikþórr!