søndag 18. januar 2009

/eitt/ tre er ingen skog

Tor Jonsson skreiv:

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.

Eg undrast kvar mi bjørk er.
Kven ho er. Um ho er.

Ja, for eg stend her, eg. Djuprøtt og tagall.
Det er berre å stiga fram.
Leikande og læjande, helst.
So vert det skog av oss au.

10 kommentarer:

Ola Haugen Havrevoll sa...

Mogleg det er ein digresjon, men når Andrej Nebb syng denne songen, høyrest det meir ut som han syng:
Eg er grana mørk og stor.
Du er bjørka. Du er bror
under fager himmel.
Ganske artig!

Anonym sa...

Oi! Kann henda han trur at ALLE vokalar i det nynorske språket skal vera OPNE?
Takk for tipset, eg skal freista å få høyrt det.

Anonym sa...

Du, Kristin, det der var kjempefint. Eg skal lesa det endå tre gonger før eg legg meg.

OLA: Eg har berre sett Andrej Nebb med kjeften full av vatn (Åpen post?). Hadde han det då han song? Då kan eg skjøna at det høyrest ut som noko anna.

Anonym sa...

Takk, Andre Midtskogseter Reite.
Takk for bokstavane,
for at du nytta namnet mitt,
for at sat attmed meg på skulen,
for at du hadde ullgenser,
for at fær vera gran i lag med deg.

For me er graner, me. Det er ikkje til å koma ifrå.

Ola Haugen Havrevoll sa...

André: Det høyrest kult ut, eg trur Nebb er litt av ein rabbagast.

Kristin: Det er godt mogleg, men det kan òg vera at han berre ikkje kan seia u, sidan han eigentleg er polsk. Mine røynsler med spanjolen eg deler kjøken med er at dei norske lydane u, y, æ og ø er særs vanskelege for ein del utlendingar å uttala rett.

Anonym sa...

eg veljer meg GRAN! gran er best! bjørka er jo allergisesongen sitt mest hata tre - jamvel EG er allergisk mot bjørk på ein god dag. medan det berre er mor til s. som ikkje tåler gran, av alle eg kjenner. ei bjørk ville òg vore eit dårleg jolatre, kjipt og farge- og bladlaust, men grana? den EIG jola. faktisk.

(men skulle eg verkeleg vore eit tre, ville eg nok vore furu. lang og rar, og med krøllar.)

Anonym sa...

Furu er au favoritt-treet mitt. Lang stomn, og med krona fjong og fin høgt uppi sky'n! Me hev jamvel furua som joletre, stundomtil. Ho ryskjer lite.


-kf

Ragnil sa...

Andrej Nebb spela i Lom Samfunnshus for mange år sidan. Han brukte vinkelslipar (?) på eit oljefat så gneistane fauk. Det var ville saker for ei lita jente.

Og det var veldig, veldig fint skrive, forresten. Du er god til å setje ord på saker og ting.

Anonym sa...

Jasså, frøken Lom tittar innum att?

Det er stas når folk spelar på rare greidor, anten ein er liten eller stor! Eg likar Hanne Hukkelberg som spelar på (og med) skrivemaskiner og sykkelhjul og treskor og eg veit ikkje kva. Ikkje mange gneistar, rett nok, men fint læll.

Du skal ha takk for ord denne gongen au.

Klas sa...

Eg vart introdusert til dette diktet gjennom Andrej Nebb også. Han har basert mykje av si solokarriere på Tor Jonssons dikt.

Har du spotify kan du høyra han her:

http://open.spotify.com/album/4NlUsyITqPqPQrw9HDA4Bt