tirsdag 27. januar 2009

Fridtun og Reite i Telemark

I år var vintersamlingi åt målungdomen i Kviteseid i Telemark. Det var gode greidor! Eg likar vintersamlingane, eg, betre en alle andre samlingar. For då kann ein både
- leika seg på skidor;
- leika seg på skidor so ein vert rennblaut;
- klæda seg upp i ull utan at det vert for varmt (gjerne etter ein er dyvåt vorten);
- drikka mykje kakao;
- bu på fine stader langt uppi dalom;
- laga fine saker av snjoen (jamfør katten nedanfyre)
ja, og endå meir til.

I år fór eg i lag med mannen i mitt liv. Han var både ferdafylgje, kanelsnurrandsvarleg, romkamerat, gjestgjevar (me var innum heimen hans på Skedsmokorset), og kjelda til mykje frygd og gaman. Han er med på mest alle bilæti.
Eg skal jaggu gifta meg med'n, dersom eg ikkje finn eit dugande kvende innan ti år eller so.

Her er ein neve glimt frå ferdi:

Kaffi, kjeks og kryssord i heimen hans Andrééé.



Reite sjekkar inventaret på Granli (der me budde)



Reite sjekkar inventaret II



Eg hadde GUd HErren JEsus KRistus yver sengi:



Der var endå meir fin kunst på veggane, her er fotgjengar Gudleik Knotten i sjukesengi:



"Snakk litt med katten", er det skrive på halsbandet hans. Attum katten ser du huset me budde i. Fin-fint!


Norsk natur, ser du.



...og fresk, norsk ungdom.


Der var mykje skog. Og snjo. Etter eit par kilometer brøytte me veg sjølve.



Eg veit ikkje heilt kva eg driv med her, men det er kor som er representativt.


Einaste lyte med turen: eine skida fekk seg ein liten knekk. Far kann bøta det, er von.

Hiv!
Og hoi!

7 kommentarer:

Silje sa...

Heilt urelatert, men:

Vi må sjå denne filmen!

http://www.imdb.com/title/tt0462465/

"Outlander", tagline: "Et monster fra verdensrommet lander i Norge, året er 709."

IMDB seier: "This is the first film in history to feature Old Norse, the ancestor of Modern Icelandic and several other Scandinavian languages. Howard McCain used an Icelandic professor to help translate the dialogue and to teach the actors how to speak the ancient language."

Skal vere ein kjempeflopp, seier anmeldarane. Men herregud, det er jo _norrønt_ med!

Noko relatert heilt til slutt: det ser ut som de hadde det nett så fint som du sa og som eg venta. :-)

Anonym sa...

EG ER MED PÅ FILM!
Kann henda skal me sjå utan teksting au?

Hoho. :)


Koss fær me tak i'n, forresten?

Silje sa...

Dei (dagbladet.no) seier han kjem på kino i vår, men ikkje når. Og elles går det vel an å få tak i han på verdsveven etter kvart, tenkjer eg.

Anonym sa...

Om Outlander: Det er Euforia Film (dei som teksta Tropa de Elite på nynorsk) som er distributøren på denne filmen i Noreg. Dei har ikkje fastsett datoen enno, men førebels ser det ut til at det vert i februar/mars. Så då veit de det.

Og elles artig at de hadde det kjekt i snøen. Eg kunne ikkje tenkt meg å vera med. Hatar snø. Bur i eit snøhøl. Har opplevd snø langt uti mai…

Ola Haugen Havrevoll sa...

Det var kjempekjekt i Kviteseid! Og Simon, me er då målungdomar, og me er fyrst og fremst interesserte i målsak, ikkje snø. Trur du verkeleg at du må lika snø for å vera med på vinterleir? Neidå, du treng mest ikkje trø utanfor dørstokken heile helga om du ikkje vil det! Eg vil altso òg tilrå vetterlæger for alle målungdomar i alle aldrar, til og med dei som ikkje vil gå på ski eller leika i snøen.

Anonym sa...

Ola: har eg sagt noko om resten av programmet då?...

Anonym sa...

Oi! Er er det livvat!
:D