onsdag 17. desember 2008

Bokstova

No um dagane er eg heime i Elverum, eg syslar litt med denne Bokstova-loggen so han skal koma på fot. Eg hev lagt ut ein neve med stykke, alt frå halv-faglege tekster til lesarbrev og dikt. Det kjem meir, er von, dersom nokon er huga på meir lesnad frå Fridtun. No er det husvask og gåve-stell på dagsplanen.

Eg lærde dessutan eit nytt ord i dag, mor og Ivar Aasen sytte for det.
Mor sa: "Sjå, nå drøpp det fra taket òg! Typisk at det vart kakelinne nå."
Kristin (ser ikkje ut glaset etter vassdropar eingong, men kvesser øyra og segjer:) "Å sa du forno', sa du? Kakelinne?"
Mor: "Ja, har du'tte hørt det før?"
Kristin: "Nei?"
Mor: "Kakelinne. D'er full' no' med at det blir mildere i tida en driv å bakar før jul."

So sprang eg upp og fann Norsk Ordbog og der hev far Aasen skrive:
Kakelinna, f. det Tilfælde at der indtræffer mildt Veir ved Vintersolhverv (da man bager til Julen). Østl. Hedder ogsaa Kaketøyr, m. og Lefsetøyr.

So veit du det!
Og denne kakelinna gjev ovende godt sparkføre. Hepp!

9 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe, ja mor dreiv også å snakka om denna kakelinna i går! Lærer stadig noe nytt :)

Anonym sa...

Steike! Ja, tenkj at me fær taka del i den rike, austlendske ordskatten!
Ikkje til å tru!

Eg gler meg til eg au vert husmor og kann nytta slike ordlag. Helst medan eg hev forklæde på.

Anonym sa...

Heime heiter det lefsetøyr. Me har sikkert noko for det motsette óg, men eg er ikkje så inni baking.

Anonym sa...

Kuli! Det finst visst ein elverums-variant av "lefsetøyr", i um lag denne formi: lefstøyen.

Og so er det kuli at du er innum bloggen min. Takk for kommentar!


-kristin

Silje sa...

Sparkeføre! *sukke*

Engeline sa...

Vi har ikke noe ord for sånt, meg bekjent. Så har vi omtrent aldri frost før jul, heller. I den grad du kan kalde tre minus frost, som vi kanskje får over jul. (Vi har i hvert fall ikke sparkeføre!)

Til gjengjeld har vi bekkalokk og buekorps og vannkringler i mai. Språkmakt i språkdrakt og fryd og gammen!

Anonym sa...

Det er i det minste godt at de hev kvarandre, S & E! ;)


-kf

Silje sa...

Bokstova er eit så fint namn! Det er heilt perfekt.

Anonym sa...

Åh, om vi har! Og nå har vi snart julekaker også. Til den store gullmedaljen på borgermesterens bryst.