torsdag 5. februar 2009

Latin-tin

Det er visst stridt å læra latin. Me hev ein heil haug litterære døme på det. Sogor um unge gutar som streid og sleit og mest reiv hovudet av seg for å læra dette gamle romarmålet. Det mest kjende dømet er fulla Gift av Kielland, men denne bolken frå Bondestudentar er ikkje so verst, den hell:

Latinen var i alle Maatar so reint motsett alt det som me brùka, so heilt på tvert av vaar Tenkjemaate, at ein aldri skulde sjaa slikt. For det fyrst var Ordi urimelege. At eit Land skulde heita terra eller ein By urbs, der var ikkje likt til nokon Ting. Her nytta det ikkje å gisse seg fram; kvart einaste Ord laut ein beint fram lære. Men endaa galnare var det med Setningane. Dei var so ihopvovne, og Ordi var slengde um kvarandre paa ein so vill Maate, at det var mest Uraad aa faa Skìl på deim att. Prædikate kunde staa fyrst i Setningen, og so kunde Subjekte koma midt ned paa Blade ein stad; og stundom var det ikkje noko Subjekt! [...] Og fæl såg den latinske Grammatiken ut. Fire Deklinasjonar! Seks Kasus! Og tvo-tri Undantak fraa kvar Regel; og Undantak fraa kvart Undantak att; og so burtetter i Endeløysa! Daniel saag seg mest yvigjevin. (1944:25-26).

Jaja. No les eg latin på andre semesteret, og eg lyt segja at det er mykje ymist ein råkar ut for. Munkelatin, til dømes, det er jamnan lettvinne greidor. Den klassiske, "høge" latinen derimot, høgtidsame vers av Horats og Vergil og Cæsar og desse karane der, dét kann radt vera verre. Og ein fær seg nokre "aha-upplìvingar", dei kallar, når ein vert kjend med latinen. Det er ei kjend sak at mange av dei moderne måli er djupt røtte i latinen, men lell. Eg skal koma med nokre døme:

gravis. Dette adjektivet tyder "tung", millom anna. "gravis puer" - ein tung gut. "gravis puella" - ei tung gjenta. "grave corpus" - ein tung kropp. Men frå gravis er ikkje vegen lang til gravid, og desse ordi er nærskylde. Det norrøne målet syner dette greidt og endeframt: ei gravid kvinna er þunguð ("tyngd"), ólétt ("ulett"), og når ungen er fødd vert ho lettare: verður léttari. Lika vel, det er fulla ikkje det gløggaste ein gjer, å segja åt ei gjenta "jaggu, so du er tung vorti, du!" når ho ber på ein unge. Ikkje no lenger, trur eg. Men ein kann freista, um ein vil, og sjå koss det gjeng.

Eller kva med perfekt? Dette ordet vert nytta jamt og samt. Men kva er det? Vel, det kjem av verbet perficio, å gjera ferdugt. Noko perfekt er med andre ord noko som er ferdugt, fullendt, fullgjort, jamfør tempusen perfectum (perfektum partisipp og so burtetter). Hm!

Eg endar stykket med
1) Ei utsegn frå han godaste Marcus Tullius Cicero (eg trur det kjem frå honom, i minsto)
Non me pudet fateri nescire quod nesciam - "Eg skammar meg ikkje yver å vedgå at eg ikkje veit det eg ikkje veit"
Gløgt sagt.

2) eit bilæte av ei sida frå Diplomatarium Norvegicum (dette er skrive på norrønt mål):





Gaudeamus!
Lat oss gleda oss!

9 kommentarer:

Silje sa...

Å! Men eg seier jo til folk at dei er perfekte utan å meine at dei er fullendte. Ingen er jo det. No må eg helst finne på noko nytt.

Anonym sa...

Nei, då. Ord kann som me veit endra tyding og bruksmåte.
Men, når det er sagt, det finst ein haug rotnorske ord å nytta i staden.
Hum-hum.
Tolleg morosamt å taka i bruk fullendt for perfekt . "Det var jaggu ei fullendt pannekaka!" Og so burtetter. Hoh!

Anonym sa...

Hæh? Treng Daniel Braut berre å læra fire deklinasjonar? I so høve skjønar eg ikkje kva han klagar etter.

Sunniva sa...

Alle som kan se eller høre denne melding, sender jeg Guds og sin hilsen. (;

Filologi er sexy, forresten. I alle fall litt.

Anonym sa...

Synnøve: Ja, kann henda hev forteljaren blanda med fire konjugasjonar . Ikkje veit eg. Men det i grunnen talande at det går i ball når han skal fortelja UM latin, og ikkje berre LÆRA det.

Sunniva: Visst er det heitt!

Ragnil sa...

Takk for at du lærte meg om gravid og perfekt, slike historiar om ord sin bakgrunn er noko av det gildaste eg veit:)

Anonym sa...

Eg veit!
Hm. Visste du til dømes at "gryte" er avleidt av "grjot"? Eller at "hanske" kjem av "hand-sko"?
Good stuff, ass.

Anonym sa...

Eg er samd med Ragnil! :D Ordsoga er kjætande!

Tusund takk!

VrangTante sa...

Jeg visste det om gryta...