mandag 21. april 2008

måndagsbilætet

Eg tek til med noko fint i dag; måndagsbilætet.
Kvar måndag skal eit taka eit blinkskot frå glaset mitt og leggja ut her. Det er for at de skal få sjå korleîs våren kryp fram frå vintertjeldet. Kann henda legg eg til nokre ord.

I dag legg eg ut nokre linor frå Hellström, væne og høvelege:

Träden står i blom,
marken täcks av jungfrudom
och nu hänger det på varje kvist
en solskensoptimist


Från norr till södertörn,
till jordens alla hörn
så leder vägen hem till dig


Å, äntligen på väg



9 kommentarer:

Anonym sa...

Så fint!

Det vert ei fin oppleving å sjå våren kome utanfor glaset ditt. Våren er fin når han kjem. Eigentleg ser eg for meg ei ho når eg tenkjer på våren. Kan hende lyt eg byrje kalle tida for våra. Eg kan iallfall gjere det no.

Kan eg òg kome med ei vårtekst? Eg likar ho kjempegodt. Sjølv om det er det same fleire liner på rad. Og sjølv om ho er på bokmål.

Kommer nå
Våren kommer nå
Kommer nå nå
Våren kommer nå
Snart står hestehov og blåveis langs den veien jeg må gå
Kommer nå nå
Våren kommer nå.

Det er seff Stein Ove Berg. Eg får lyst til å køyre bil kvar gong eg høyrer han.

Engeline sa...

Våren. Bildene dine kommer til å bli mandagens hydeunkt, jeg lover! Og Hellström! Fine, fine sangen! Men litt tidlig ute. "Luften smakar som en jordgubbspaj en solig dag i mai!"

Har du hørt originalen, forresten?

Og André, hvorfor bil?

Anonym sa...

Bil, av di der har eg kontroll over så mykje. Fart og veg og liv.
Sit sjølvsagt bak rattet, då. Ikkje som passasjer.
Og så susar åkrane og furuene og husa forbi, og stripene i vegen vert dregne under bilen.
Kan flytte seg så langt så fort i bil. Eg trur det er ei kjensle av fridom som kjem då. Og då, når fridomen sit i bringa, er ingen ting som Stein Ove som synger om å stikke av frå kjerringa og reise ut på vegen og inn i våren. Og så sakne'a etterpå, då.

Det forureinar, men det tenkjer eg ikkje på nett då. For då er det berre så godt. Litt som alkohol og tobakk, berre at det ikkje går ut over naturen og framtida, berre ein sjølv.

Eg veit ikkje. Det er berre sånn digg. Å køyre med musikk. Han skal vere litt høg. Og vindauget skal vere ope. Ja, og så skal det seff vere sommar, då. Og varmt.

Til dømes frå Fetsund til Skotterud. Flott tur.

Anonym sa...

Takk, båe tvo. :o)

André: eg likar vårteksti di. Bokmål kann du jaggu vera fint, eg er ikkje so vreid og trongsynt :)

Ellinor: hm, kven hev originalen? Hellström er ein meister i herming, men han er jaggu ein meister i å covra (forväxla inte med "korva").

Engeline sa...

Derfor bil, jeg skjønner deg fullt ut. Skjønt jeg foretrekker passasjerfeltet. Du skildrer bilturer om sommeren så jeg kjenner vinden i håret og smaken av jordbæris, og det er en fin følelse!

Så vidt jeg vet tilhører originalen Ted Gärdestad, og den er hentet fra det albumet til Hellström som bare består av fine, svenske coverlåter som han har et nostalgisk forhold til. Jeg har aldri hørt originalen, men jeg tenkte at om du hadde, kunne vi spille den, og hvis ikke, kunne vi kanskje utforske ham sammen? Jeg har nemlig tenkt å spille masse, masse Hellström i sommer. Og kanskje litt i vår. Og da særlig det albumet nevnt overfor.

Anonym sa...

Eg er ovlegt glad i "Jag ger dig min morgon" av Fred Åkerström. Eg tykkjer Hellström hev den finaste versjonen òg. Dei andre upphavslåtane hev eg ikkje høyrt.

Eg gler meg til å prata um Hellström'ern med deg. Det er ikkje alt av han eg kann høyra på (eg hadde eit kjærleiksforhold som fløymde av Hellström-songar), men det nyaste går greidt.

Hm. Ja. Kutt.

Engeline sa...

Full forståelse for den biten der, musikk har en tendens til å lukte, smake og lyde minner en ikke kan forsvare seg mot. Nå skal det sies at jeg hørt ganske lite Hellström, bortsett fra nettopp denne platen her, og jeg aner ikke hvor i rekken den burde plasseres - men kan du høre sånt som "visa vid vindens ängar" og "trubbel"? For da kan vi jo grave frem originalene til dem også, og filosofere så smått over dem til sommeren?

Sunniva sa...

Akk! No har eg også noko å sjå fram til på mondagar. Takk, Fridtun.

Anonym sa...

Å! I dag er det måndag att!
Eg gler meg til nytt bilete. Eg trur det er litt meir grønt. Og eg trur trea har fått noko på greinene. DET VÅRAST!