onsdag 30. april 2008

Fridtun skald leikar seg

Ja, i dag kjem noko sjeldsynt. Eg skal leggja ut ein ørliten neve dikt. Ellinor og Sunniva er alt på skrivebylgja, so det er vel berre å gyva laus. De fær tvo stutte. Og dei er skrivne for eit drygt år sidan, då eg var grasenkja og ikkje hadde stort anna å driva med. Det var fyre målrørsla huka tak i meg.

Snurr ord. Dikti høyrer ikkje saman på noko vis. Og dei skal lesast med eit smil.


I

ljodspor for dagen:

ein kvist
bak vedskjolet

fingeren
over rimdrakta

taktstrek
i borken.



II

ei stjernestripe
oppunder mønet

gneistane sprutar
på ein bøygd månerygg

natta koplar seg inn
på vår eigen krins.




Takk, Ivar Aasen.
Nynorsk er fint i dikt.

2 kommentarer:

Engeline sa...

De var fine! Veldig fine! Og veldig, veldig deg - det er nøyaktig sånn form for små hverdagsfilosoferinger som passer deg, og som oppsummerer det norske lyrikklivet i tre setninger. Vakkert. Dette ga rett og slett mersmak. Dessuten liker jeg at vi er flere om å være små amatørpoeter, en kjenner seg litt mindre som en fjortispoet når en havner i selskap med deg. Har du flere?

Anonym sa...

Og veldigt, veldigt deg å koma med slike godslege kommentarar som ein sit og smiler åt, og so langt utpå natti! Hm, ja, eg hev då litt til, men dei fær koma litt slik smått um senn.

Helge Torvund er forresten yndlingen min på slike stutte dikt. Kvardagstankar. Han skriv (millom anna) um kattar og kaffikoppar, svevn og skjori på gjerdet. Gode greidor.

Takk for merknad, han gjekk til hjarta!