torsdag 29. november 2007

Å, jeg er så lettfør til å flyge!

Sumtid dreg eg ut av reiret her uppi høgdi og ned til gatone kring domkyrkja.
I dag gjorde eg ei slik ferd.
Det gjev seg sjølv at eg allereide hadde eit fastsett mål, eg dreg ikkje inn i eksos, kjas, snøløyse og kjøpsmas um eg ikkje er nøydd.

Eg var nøydd.
Eg skulde huka tak i Caprinos eventyrlige verden, og få samlingi trygt i hus (hybel).
Uppdraget gjekk som smurd.
Stutt etter vart det fest med graut og raud saft og ymse filmsnuttar.

Det fyrste eg tenkjer:
"Ser ungane dette no for tidi? Eller er det einast slike animasjonsfilmar og Barbie-seriar som vinn fram?"

Jau, filmane er rett nok gamle. Duh, Harald Heide Steen spelar liten, blåøygd gut som sit på fanget (eg trur då det er han). Og dokkone tykkjest ikkje vera levande. Men dei er då jaggu heile sjarmen! Ingen kann rulla med augo slik Caprino-skapningane kann! Um dei gjeng litt stakkato og haka skil seg frå resten av andletet, so tek ikkje det burt noko av gleda. Ikkje kann ein skulda på at det er lite spaning å finna, heller. Til dømes segjer kongen i Askeladden og de gode hjelperne (med byrg og frygdsam røyst): "Trekk skodden fra, så jeg får se at de ligger der, oppbrent". Hohoi. Ja, det skulde vore noko.
Eller kva med sprettert-kaninen i Reveenka? Han er so avgjord yndlingsfiguren min. "Å hurra-hei-og-hopp, jeg-er-så-glad-i-dag! Å hei, å hopp!". Dernæst fortel han at huset hev brunne, og kjerringi med (mykje eld her, gitt). Eller kva med trollet som stikk seg sjølv i magen med kniv?

Ungane mine skal utan tvil sjå desse filmane til dei sit klistra som kvåda til minnet. Anten dei hev hug eller ikkje. Det skal kjenna att fossen i innleidingi til "Syvende far i huset" og kæillen som lyt eta stearinljos i råmeforteljingi fyre Gutten som kappåt med trollet. Dei skal læra kor lønsamt det er å gjeva studnad til og vera snild med dei snilde (serleg gamle folk, dei eig stort sett meir vit enn du sjølv), og ikkje minst, at dei lyt pussa tanngarden. Og skjenkja nokre gryn til dei som hev "større kropp, og mindre klær, så det er verre for dei, enn for meg". Hihi. Attpå skal dei freista å klemma vatn ut or kvitosten, utan at eg hev sagt noko um det.
Og endeleg: dei skal hava trui på litt trolldom. Det er aldri uklokt.

No skal eg taka av desse sju loddi og springa til verdas ende for å henta te-vatn åt prinsessa.
Orsak so lenge.

7 kommentarer:

Anonym sa...

La meg fø borna dine!

Engeline sa...

Jeg vil være tante. Lese høyt om kveldene og sånne ting, når du og fruen er i skotland på høyfjellsdvandring.

Anonym sa...

å! desse borna får eit gøranes godt liv. Eg kjenner det på meg.

Silje sa...

Jeg kan strikke luer til dem.

Jeg kan, jeg kan!

:-D

Anonym sa...

Hm, når eg tenkjer meg om: eg skal nok greia å leva meir i røyndi enn i eventyrland. Eg skal med andre ord ta betre hand om dei.
Men! Eg set like fullt strikkegåvor og høgtlesing og slikt veldig høgt.
So ikkje gløym at de har lova det ;)

Sunniva sa...

Jeg kan ingenting..:( Kan noen lære meg et triks eller to. Kanskje kan jeg yte dårlig påvirkning, men det er vel ikke helt optmialt.

Anonym sa...

Haha. Du kan syta for kjole-kjøping dersom eg fær gjenteborn :D