mandag 7. mars 2011

ordsleg ovund

Me hev fulla alle røynt at andre mål hev ord eller ordlag som me gjerne skulde havt i vårt eige mål. Å sannkjenna det er ikkje å segja at ditt eige mål er fåtøkt og udugelegt. Kvart mål er rikt på sin måte. No kjenner ikkje eg so ovende mange mål, men som kjent er det serleg eitt mål som tidt og ofta gjev meg ei minning av ovundssykja: islendsk. Det er stødt morosamt å læra nye ord, men det er sjeldan so morosamt som når ordi er islendske. Vonleg vert eg islending i det næste livet mitt.

Her er tri av mange ovundsord:

brjóstvit

Ja, brjostvit. Det tyder 'sunt vit'. Ordet fanst òg i norrøn tid, brjóstvit, med tydingi 'natturlegt vit'. Eg likar å tenkja at det vitet me hev i brjostet, er slikt som ikkje hev med uppseding og kunnskap og lærdom å gjera. Brjostvitet er mest som medfødt og ligg fast og trygt i bringa - ikkje so langt frå magekjensla. Diverre fell det oss lett å gjeva hovudet meir magt en brjostvitet. D'er mange som burde tenkja litt meir med brjostet, og mindre med skallen. Eg burde gjera det sjølv, gjeva brjostvitet større rom. Kjenna etter kva vitet der nede i den hjartevarme hola vil.

ljósmynd

Me skynjar greidt kva ljós tyder, og me skynjar òg kva ljósmynd tyder, når me veit at mynd er 'bilæte'. Det er: fotografi. Ordet ljósmynd er fulla laga med fotografi som fyredøme, for fotografi tyder noko slikt som 'ljosteikning' hell 'ljosskrift'. Og han som tek fotografi, er då ein ljósmyndari.

tónskáld

Jamvel dette ordet segjer seg sjølv: Ein toneskald er ein komponist. Islendingane hev mange gilde tón-ord, som tónleikar ('konsert'), tónlist ('tonekunst', d.e. 'musikk'), tónstigi ('tonestige', d.e. 'skala'). Men me nordmennene, me vil visst helst brikja med ugjenomsynlege framandord. Er ikkje det litt leidt?

2 kommentarer:

Unknown sa...

Jau, det tykkjer eg er leitt! Det syner så god kjennskap om sitt eige språk å kunne lage nye, bra ord i staden for berre å låne. Eg trur ein vert gladare i språket sitt om ein kjenner det att kva det tydar. Ljosmyndari er no mitt nye favorittyrke=)

fridtun sa...

Just det. Eit gjenomsynleg språk, der orda tyder seg ut sjølve. Det hadde vore gildt, det.