mandag 14. mars 2011

bly i hugen

Målet er stundom so uhorveleg presist. So grannsamt og råkande, so hårfint skildrande at det liksom er vondt og godt og slitande og hugtakande, alt på éin gong. Ordi råkar spikaren på hovudet, midt i blinken, dei tek saki på kornet. Ordi nækjer og berrlegg, dei ser tvers igjenom alt og veit korleis dei skal gjeva form til innehaldet.

Til dømes:

Me tenkjer helst at hug og tankar og sinn og vit og slikt er uhandgripelege og vegtlause saker. Dei er mest som eitkvart usynlegt og lett som sviv ikring utan rettelegt feste i likamen. Dei er luft heller en jord og kjøt. Kvifor er det då slik at dei stundom ter seg som blytunge, sprengjande steinlass?

Ikkje veit eg, men ordfanget provar at jamvel det uhandgripelege og vegtlause kann vera tyngjande. Hugtung, tungsinn, hugtyngsla, tunglynd. Nedtrykt, nedstemd, nedbroten, nedtur, nedslegen, nedtyngd. Sant å segja er nedtrykt det same som deprimert ('de' + 'premere' = nedpressa/nedtrykt), men av ein eller annan undersam grunn tenkjer me at det er verre å vera deprimert en nedtrykt.

Eg skriv ikkje slik av di tankane er so tunge at den arme skrivaren vert sundklemd under deim. Men sanneleg hjelper det lite med stål i bein og armar når hugen legg seg på med heile tyngdi si. So skubbar og skyv han alt han vinn, ned og ned, og jamvel um ryggen er rak, er det mest som bringa ligg på golvet. Som ei trælelekkja ligg ho der og er tung å draga etter seg. Korleis skal ein fri seg frå slikt?

2 kommentarer:

dativfleirtal sa...

åååh! ein må berre springa veldig fort, vekk frå tankar og mas. det kan kombinerast med hoppípolla og njósnavelin.

(dette vinn eg ikkje gjera sjølv for tida. det kjennest.)

fridtun sa...

Takk for hjelperåder! Men eg trur radt eg skal gjera det beint motsette, stogga og taka imot i staden for å kuta og stødt hava det i hælane.

Åh, njósnavelin. Eg hev nyst lagt elsken min på spor 6. Det riv, det òg.