lørdag 26. mars 2011

edith og eg

Edith er den vyrde skrivardrosi Edith Södergran. Me er mange som er (og bør vera) takksame for verket hennar. Eg er tvifelt takksam: Fyrst av di dikti hennar er som dei er, dinæst av di dikti hennar fekk Tarjei Vesaas til å skriva dikt - og dikti hans greider eg meg ikkje utan.

Edith visste noko um draumar.
Ho visste noko som gjev drøymaren i meg litt å bryna seg på.
Visste noko um den magti som finst i all draum.
Visste noko um den vågnaden det er å drøyma.
Ho skriv:

FARLIGA DRÖMMAR

Gå icke alltför nära dina drömmar:
de äro en rök och de kunna förskingras [løysast upp] -
de äro farliga och kunna bestå.

Har du skådat dina drömmar i ögonen:
de äro sjuka och förstå ingenting -
de hava endast sina egna tankar.

Gå icke alltför nära dina drömmar:
de äro en osanning, de borde gå -
de äro ett vansinne, de vilja stanna.


(or Landet som icke er)

2 kommentarer:

Engeline sa...

Åh, jeg er så glad i Edith. Du vet, denne blandingen av klokskap, sårhet og språkskjønnhet som gjør en litt ør. Nå vet jeg hva jeg skal lese i kveld.

fridtun sa...

Ja, just det! Og eg likar serskilt den "gamle" svensken hennar. Fleirtalsbøygjing av verb og allting. Og ho skriv so fint um hausten. Det er mykje haust hjå henne. Eg likar det.