søndag 3. april 2011

dragvolldagar

Me er sume som hev lange dagar på Dragvoll no.
Lange dagar er ikkje stødt eit herk.
Ikkje når det er laurdag og sundag, i minsto.
Då er bygget stilt og lognt og romslegt.
Inkje kav og mas
og ingi trengsla.
Ro til å tenkja lange tankar.
Ro til å rusla i Gata i si eigi vesle verd
utan å måtta vara seg for å skubba burti nokon.

Og når soli skin so sterkt at det er råd å eta dagverd ute,
då hev eg lite å låta ille for.

2 kommentarer:

dativfleirtal sa...

for ikkje å snakka om å LESA Dagverd ute. hø-høh.

fridtun sa...

Ooouiiiii! Barambam-pusj! Eller kva det heiter.