lørdag 26. februar 2011

kjærleik: jónsi

Fyrre vika hende noko: Nordic Music Prize vart gjeve ut for fyrste gong, det var medan by:Larm 2011 stod på. Storfolk som Robyn, Susanne Sundfør og Dungen var kandidatar, men dei vann ikkje.

So, kven vann?
Det gjorde Jónsi,
med albumet Go (2010).

Jónsi, Jón Þór Birgisson, Jón-si.



Å, Jónsi, Jónsi, han hev vore min store kjærleik sidan seinhausten 2008. Fyrst - skam å segja! - uppdaga eg kor gjævt eit band Sigur Rós er. Betre seint en aldri, og betre sterkt en veikt. Og Sigur Rós tok meg so sterkt og skok meg so hardt at eg enno ikkje er komi yver det. Kva hev eg høyrt på etter det? Sigur Rós, Sigur Rós, Sigur Rós, ymse, Sigur Rós, Sigur Rós, ymse, Sigur Rós, Sigur Rós, Sigur Rós - - og slik held det fram.

Kvifor vart eg gripi nett då?
Veit det ikkje.

Eg hadde prøvt å lyda til musikken fyrr òg, men det feste seg liksom ikkje.
So kom far med noko han hadde kaupt av di det var skrive slikt moromål (islendsk) på omslaget, og då, umsider, kom eg inn i det og vilde ikkje ut att.

Eg kann lovprisa Sigur Rós i all æva, men det skal eg ikkje. Ikkje no. Det var Jónsi eg skulde - og skal - skriva um.

Det er noko so gildt og fengslande med heile karen. Utan at eg kann setja fingeren på kva det er. Han er visseleg eit musikalskt flogvit, men det er noko meir òg, noko som hev med sjølve skapnaden og framferdi å gjera. Kann henda er det so lett som at han er homofil. Visst er eg veik for homofile gutar. Serleg gutar du ikkje kann sjå det på. Det er fulla ikkje snildt å segja det slik eg segjer det no, men eg tykkjer homofil kjærleik er mykje finare en heterofil kjærleik. Orsak alle trufaste heterolesarar. Men kar og kona, det er liksom so gjengs og greidt og vanlegt at det mest som er utslite. Det rører meg ikkje å sjå ei gut og ei gjenta i hop, endå so fine dei kann vera saman. Men er det tvo gutar hell tvo gjentor, då kjem den store, varme hjarteskjelven.

Difor: Jónsi og Alex må vera noko utav det vænaste i verdi.
Og albumet deira, Riceboy Sleeps (2009), er minst lika vænt som dei er.

Men det må vera meir òg, med Jónsi. Kann henda er det berre det å vita at den hugtakande musikken liksom hev utspringet sitt i denne lange, granne likamen. At det er han som hev smidt i hop ordi og ljodi som tek meg so, at det er munnen hans som ber fram ordi og fingrane hans som glid yver gitarhalsen, og fram kjem desse tonane som eg høyra på, heile tidi.

Og sjå på. Det beste er næsten å sjå filmar og upptak med'n. Eg hev set karen so mykje no at eg hev teke til å røra hovudet på same måten som han, når eg høyrer songane hans. Og andlitet hans, som ser so pint og vride ut når han syng dei finaste bitane av den og den songen, og når han dreg cellobogen sin yver gitarstrengane so det kvin og grin um einannan, ja då...då er eg i sjuande himmelen.

Hev eg sét honom? Ja, ein gong i Reykjavík. Me var ein gjeng som gjekk ut frå ei skjenkjestova (der Björk var platesnurrar, forresten), og i augnekråi såg eg, der på gata, midt i den ljose sumarnatti, ein lang kar i raud t-skyrta som helsa nokon med eit blidt "Blessaður!". Trur du ikkje det var han, du! Sume i fylgjet gjekk innatt og tala ved karen, men eg gjekk heim og lagde meg og var nøgd med at eg såg'n. Såg at han fanst og at han var ein heilt vanleg kar, av kjøt og blod, med raud t-skyrta.


Go do heiter hiten frå Go. Gakk og høyr, segjer eg.

4 kommentarer:

Ragnil sa...

Ja! Bra, bra mann.

fridtun sa...

Fridtun likar dette.

mikaoJ sa...

Utan at eg lid av mangel på fascinasjon over Sigur Rós, klarte eg liksom aldri å koma meg heilt inn på soloskiva hans Jónsi - det er eitkvart ved stilen i musikken som stryk meg feil veg, eg klarer ikkje heilt få den same fascinasjonen og orgasmiske opplevinga som eg kan få av Viðrar vel og Glósóli.

Jónsi er forresten blind på det eine auga sitt, akkurat som eg! Det gjer at eg føler meg velsigna, liksom. Det er fint.

fridtun sa...

Ja, dette med auga hans er òg ei fengslande sak! Og eg skal vedgå at eg er vanskelegt å sjå kva for eit auga det er (det synest i alle fall eg), for båe augo hev det med å fara hit og dit, i allskyns underlege leider.

"Stryk meg feil veg", segjer du. Det var godt sagt, endå eg sjølv kjenner meg stroki rette vegen. Men samstundes samtykkjer eg i at songane ikkje gjev meg den "orgasmiske opplevinga" som Sigur Rós-låtene gjev. Denne Go-skiva hev mest som noko lettare og mindre kraftfullt ved seg. Det finst sume dragande bolkar der, som Hengilás. Kolniður er òg litt slik myrk og draumlik.

Vel, vel, vel. Takk for innspel!