søndag 13. februar 2011

fyr i fritt flog

Sist fredag hende noko stort:
Ein kar hoppa lenger en nokon annan hev gjort.
Med tvo flate fjøler som einaste hjelpemiddel,
flaug herr Remen Evensen heile 246,5 meter.

Det er langt.

Sjølv greidde eg snaudt 110 meter. Det er berre barnematen.
Endå syntest eg at det var eit langt flog. Mange sekund i lause lufti.
Sume undrast um hopparar tenkjer noko medan dei ligg der og flyg.
Ja, det gjer dei. Tankane flyg, dei med.
Og dei hev mykje tid å fljuga i, når floget er so langt som 246,5 meter.

Um du gjeng hit, kann du sjølv sjå korleis det er å hoppa i den største bakken i verdi. Sterke saker!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Det er så langt! Eg let meg imponere meir og meir av denne idretten. Tenk å vere så tøff og bokstaveleg talt berre hoppe ut i det! Eg lurer på kva han tenkte på, då han kjende at han kunne hoppe ein kvart kilometer...

Eg vil gjerne høyre meir om fin-trist, om du vil fortelje. Eg vart så glad for den siste kommentaren din, tenk kor fint at du vart glad fordi eg vart glad! Eg tok fatt på boka i går, med ei fin kjensle av å få kome inn i noko du ville eg skulle sjå. Ein liten løyndom, nesten.

fridtun sa...

Ein kvart kilometer! Det er sant, so langt er det.

Og eg vonar du lika boka. Me talast snart!