onsdag 16. februar 2011

januar 2011

Januar var ein undersam månad. Den mest undersame eg kann minnast, trur eg. Han var so sprengfull og stinn, januaren, so stuva og stappa at ein stakar snaudt fekk anda. Det var mest som alt skulde henda då. Alt. Prov: Det vart so mykje at den arme studenten reint gløymde å svara husleiga si. Dét hev aldri hendt fyrr!

Januaren 2011 var kje snaud, nei. Skal tru korleis dei næste månadene kjem til å sjå ut? Januar hev som kjent namnet sitt etter den romverske guden Janus. Han var gud for inngang og byrjing. So då undrast eg: Kva hev eg gjenge inn i? Kva hev byrja?

Januar:

Her var undersame ferder i bokheimen.
Her var undersame ferder med skidor under føtene.
Her var undersame ferder med tog i Øysterdalen.

Men mest var det undersame ferder millom folk.

Møte med kjende, ukjende og halvkjende. Fekk tala ved sume eg berre hadde høyrt gjete. Fekk tala ved sume eg berre kjende gjenom skrift. Fekk tala ved sume eg hev tala ved tusund gonger fyrr, men denne gongen um nye emne. Fekk tala ved sume eg ikkje visste fanst.

Mange kom inn, eller lengre inn, i livet og tidi mi. Éin gjekk òg ut. Ut or seg sjølv og si eigi tid. Andre livna til ved gledelege umskifte i livet sitt. Umskifte som eg ikkje var med i sjølv, men fekk skoda frå utsida. Ei truloving. Ein elskhug som endeleg loga upp. Ei som endeleg fekk godt og fast arbeid. Og hjå meg sjølv: Draumvovne hugsyner fekk ein drope røynd i seg.

So mange samtalar og samkomor, so mykje samstræv og samhug. Ikkje til å undrast på at eg skreiv ein språkstubb um fyrefestet sam- i februar.

Folk, segjer eg. Folk.

Januar 2011 stadfeste dette:

Det er råd å vera glad i både einsemd og folk.

Som sagt: Ein undersam månad.

Og no er han fyrrtid.

6 kommentarer:

Unknown sa...

Åh. Ei fin oppsummering av januar. Det kjenst alltid godt når inngangen til noko nytt er fint! Og du seier det så fint når du seier at det går an å vere glad i både einsemd og folk. Det trur eg eg har lærd i januar.

fridtun sa...

Godt, då hev me same røynsla! Det er viktugt å kunna trivast åleine, å ikkje vera rædd for å vera berre i lag med seg. Og samstundes sannkjenna at det er turvande med andre folk òg. Eg vert ravgali um eg ikkje fær vera for meg sjølv, men det same gjeld andre vegen.

Line sa...

Ja, jeg sier som jeg har sagt før: Livet skjer i klumper!

Nå er januar forbi. Januar varte så lenge, men gikk så fort.

fridtun sa...

Just det! Heilt på ein prikk! Det er liksom noko so sjølvmotsegjande med heile greida: Månaden var både lang-stutt og god-vond. Underlegt, er det.

Anonym sa...

Så godt du skriv!

fridtun sa...

Takk! Det var trivelegt å få slike ord. :)