No er eg i
Århus.
På
Nordkurs.
Ved
Århus Universitet.
Kvar vìka skal eg koma med nokre småe glytt for dykk, fortelja litt um sumt som hender her i det flate landet. Bilæte høyrer med. Her kjem det fyrste av tri innlegg.
Fyrst ut: danskane er likso velseda (eller useda?) som nordmenn. Sjå til dømes på dette uppslaget på kjøkenet på nordisk institutt, dette er noko me nordiskstudentar kjenner frå Svennevig-boki og pragmatikken:
Jaggu nyttar dei same implikaturar her au!
Stutt um kurset, eller
skeidet, som me gjerne segjer på norsk: me skal læra um mange ulike emne, frå tekstteori og tekstanalyse (mykje um logikk, proposisjonar, pragmatikk, skiljet millom sakprosa og skjønnlitteratur), til modernisme og syndefallsmotivet. Denne vìka hev me arbeidt med tekstteori og analyse, i morgon tek litteraturbolken til. Siste vìka vert nytta til fyrebuing til eksamenen 18. juli. Då skal me leggja fram eitkvart i gruppor for klassa (uppgåvone vert haldne i løynd ei stund til) og få i gang eit ordskifte.
Japp. På litteraturpensumet hev me
De måske egnede av Peter Høeg og ei novella av Steen Steensen Blicher, nokre dikt av Henrik Nordbrandt, og ein hop modernistiske tekster. De som er serskilt huga fær spyrja um de vil ha namn og titlar ;)
Deltakarane her er for det meste svenskar og finlandsvenskar, me er einast tri frå Noreg. Attpåtil hev me ein sveitsar som talar både norsk og dansk. Her er folk i alle aldrar, og alle som ein er
jättetrevliga og fine å vera saman med. Nordkurs er som kjent ei samling som er minst like sosial som fagleg. Me bur på ein hushaldningsskule med det ikkje smålåtne namnet
Sansestormerne. Her trivst me!
Um eg skal trekkja fram noko frå vìka: timen på fredag. Me skulde einast ha ei stutt, lett fyrelesing; "Fakta om Danmark". Kva tala herr Widell mest um? WIENERBRØD! Han tala vidt og breidt, han kunde sakene sine vel, me fekk heile wienerbrød-soga, og han havde eit heilt bord stint med ulike slag wienerbrød som me fekk smaka på:
I dag, sundag, hev me vore ein bøling på
Kalø slot.Det var gildt å koma or byen ei rid, kjenna vinden i håret, rusla millom kyr og kurukor (dæven eg hev sakna kurukor!), vera langt ifrå allskyns motorar og mas. Me sat på mur-restane og åt og sang og havde det sers
sjov. Sjå:
Den steinlagde egen fram til slottet er frå millomalderen. Skitkult å ganga på slik ein veg! Heile 500 meter med gamalt far. Upphavlegt låg slottet på ei øy, men so vart det laga ei demning og no er det turt land heilt ut.
Her sit eg.
Her ser de ei ku som klør seg i hovudet. Det er ho til vinstre.
Slottet, med litt tre og slikt framfyre.
Elles kann eg melda at me hev vore på
kunstmuseet Aros, rusla i
Den Gamle By, havt grillfest, sét på danske filmar, og mykje anna i same leidi. Og ja, det vert tid til å lesa litt fag au. ;)
Ikkje so mykje heimlengt enno,
det er deilegt å vera norsk i Danmark!