fredag 30. mai 2008

spyrja einhvern at nafni

Eg hev so vidt skrive um namn fyrr, men no kjem det atter eit namneinnlegg. Namn på folk er ikkje ei ny ovring. Me hev ymse sernamn (proprium) på gamle runesteinar og pinnar, det var jamt det folk skreiv. "[Namn] reiste denne steinen etter", "eg, [namn], måla runa". Det er òg gamall sedvane å ausa vatn på ungen når han vert namngjeven, det er kjent at germanske folk ausa barn vatni jamvel i heidi tid.

Eg skal ikkje leggja fram so mange måtar å laga namn på, men variasjonsprinsippet vart mykje nytta. Ein tok ein namnlekk frå den personen ungen vart kalla upp etter, og lagde til ein ny andrelekk. Til dømes Þorbrandr – Þorleikr – Þorsteinn og so burtetter. Når lekkar vart sette i hop på den måten kunde nye tydingar ovra seg. Finnur Jónsson hev skrive sumt um dette: "Gustav Storm viste i sin avhandling hvorledes man i folkevandringstiden dannede nye navne netop ved at sætte dele av avdøde slægtningers navne sammen, dette skete, uagtet de to led ikke alltid helt passede logisk eller naturligt sammen. Det nye navns betydning blev ikke mindre ved det, snarest større, idet det nu repræsenterede to personer og måtte saaledes tros at have dobbelt styrke." Gildt.

Ein kunde òg gjeva ungen namn etter gamle skyldfolk, mynsteret var ofte slik:

eldstesonen - fær namn etter farfar
eldstedotteri - fær namn etter farmor
den næsteldste sonen - fær namn etter morfar
den næsteldste dotteri - fær namn etter mormor

Greidt. Då er fyrenamnet på plass. Men folk fekk tidt andre namn attåt, nemningar som kjenneteikna eigaren, dei kunde vera både gode og vonde. Ólafr kyrri, Ólafr digri, Sigurðr flatnasi, Gilli bakrauf. Eg tykkjer underlege attåt-namn er morosame greidor, og no skal tvo islendingesogor, Soga um laksdølane og Njålssoga, tevla um kven som hev dei gjævaste namni. Eg tek ikkje so mykje umsyn til etymologi og tyding, men dømer etter kor morosame dei er i norsk umsetjing. Det er med andre ord ikkje so ovlegt vitskaplegt, men trøysamt lell.
Laksdølasoga opnar ballet. Fylgdi er tollegt vilkårleg, men godsakene kjem sistpå.

Bolle Bollesson
Frode den frøkne (det er gildt tilnamn, men eg tykkjer det læt so... rart)
Tord Tordsson Katt
Kjetil Flatnev ("flatnase")
Hallgjerd Langbrok
Skallagrim
Tord Gjestsson den låge
Torhalla den radmælte ("munnrappe")
Torolv Raudnev ("raudnase")
Torstein Torskabit
Ulv Hognesson den skjalge ("den skeive/skjegløygde")
Torkjell Skalle
Unn den djuptenkte
Ån Rismage
Melkorka
Kjetil den fiskne


So er det Njåla. Eg kann segja alt no at godiset kjem her:

Kjetil den glattmælte
Olve den barnekjære...
Grim Loddenkinn
Gudrun Nattsol
Torstein Breimage
Ulv Uggasson
Hallbjørn halvtroll
Ånund Taskabak
Buldre-Kjetil
Torstein Spurv
Kong Hjørleiv den kvinnekjære av Hordaland (!)

Eg hev endå til laga ein liten pall for dei tri eg tykkjer er gildast. Seg til um de er usamde i fylgdi:

3. Torvald Kroppenskjegge
2. Orm Taskerygg
1. Bjørn Kistesmør


Njåla vinn so det syng! Det er soga eg kjenner best, og eg hev røkt hardare etter morosame namn i henne enn andre stader. Men skit samma, me hev ein vinnar. Eg endar innlegget med den grovaste utsegni i soga, ho kjem frå Skarphedin Njålsson, må vita:

"Du skulle heller staka ut av tennene dine rasstarm-enden av den merra du åt før du reid til tings." (s. 181).

Gildt.
God natt!




Kjeldor:

Njålssoga,
omsett av Aslak Liestøl og Jan Ragnar Hagland. (1996). Oslo: Det Norske Samlaget

Særheim, Inge. (2004). ”Person- og stadnamn”, i O.E. Haugen (red.): Handbok i norrøn filologi, Bergen: Fagbokforlaget, ss. 337-373.


Aasen, Ivar. (1980). Norsk Navnebog, faksimileutgåva med fyreord og merknader av Per Nordseth. Børsums Forlag og Antikvariat A/S.






5 kommentarer:

Anonym sa...

Eg er samd i fyrsteplassen din. Vidare fall eg òg særleg for følgjande:
2. Tord Tordsson Katt
3. Torstein Spurv
4. Bolle Bollesson (haaa ha ha haa)

Eg skal kalla sonen min Katt Spurv Bolle Midtskogseter Reite [mor sitt etternamn] Kistesmør.

Eg trur eg må ordna heimeskule for han.

Anonym sa...

Knallpost som vanleg, Kristin! Takk skal du ha.

Andre: Kvifor heimeskule? Det vert jo vanskeleg for slemme medelevar å finna noko som rimar på "Katt Spurv Bolle".

Anonym sa...

Haha! Takk for ny lista, eg er samd i at namni er ovlegt gode. Fær eg vera fadder åt ungen? Det hadde vore knall i dåpen. Ikkje noko å missa. Hugs å ha med nok teip til videokameraet.

Simon: Takk for ros! Eg hev det med å blanda fag og gaman (fag i seg sjølv kann sumtid vera gaman).

Hatt Slurv Dolle rimar på Katt Spurv Bolle. Men det er ein dårleg vits.

Anonym sa...

åh herregud! her kjem minna frå gymnasdagane attende! (for dette var særs kjekt, så lenge det var utanføre undervisningstida.) me lo oss galne av njålssoga, særleg av skitsnakket - eg hugser det med merra!
elles sit jo endå "opt um daga brat han ser i lax liki" (ofte om dagane kledde han seg i lakseliknande (= tok på seg lakseham og fòr i elvi))" fast i minnet, eg ser for meg at Ane kan nytta han i sitt faste radioinnslag: "ei setninga du aldri får bruk for".

På Katt Spurv Bolle rimar, på bokmål, med litt kreativitet: "Det satt i kurv ei kolle" - det gjev meining, men eg kjenner det manglar litt snert. ikkje særleg sårande.

(vossedialekta byr på betre mogleghetar, då "spurv" (sporv) rimar på "korv". ettersom "bolle" er litt lada, skal eg ikkje dra den vitsen vidare.)

(sjå kor du fengar språknerden i meg, kristin!)

dativfleirtal.

Anonym sa...

oi, ida! her var det mykje moro!

Ja, det er mykje skitprat i boki. Eg likar au den delen der dei segjer at njålssønene gnid fårmøkk i andlitet for å få skjegget til å gro. Hoho. Bæsj-tiss-promp er stendigt like morosamt.

Ja, denne lakse-frasen hev Helene testa på meg. Eg kjende honom ikkje att, me havde ikkje so grannsam nærlesing av Snorre-Edda. I minsto ikkje på norrønt mål.

Hoh, eg skynar kvar du vil. Til dømes; du treng korv til (å) bolle! (ikkje eg då. Eller du.) Men ja. Sånn går no dagan.

Det er fint å språknerda. Eg gjer det heile tidi, kanskje litt for mykje. Godt du likar det.

Nominativ eintal.