onsdag 21. mai 2008

at vera í góðum hug

God dag. Her er eg att. Med ei liti soga frå kvardagen.

Etter nokre gjeremål nede i byen i ettermiddag kom eg upp att til Voll. Eg sette meg ned attmed skrivebordet og då høyrde eg ein kjend dur, ein slik som jamlegt durar i sumarhalvåret. Ljodkjelda var å finna drygt seksti meter frå vindauga mitt. Grasklipparar. Ikkje berre éin, men tvo. Fyrst såg eg ein liten traktorklippar, ein slik som bestefar hev. Og uppå sat ein kæill som fint kunde vore bestefar min, um lag same alder og klednad. Men jamsides gjekk ei kona med ein vanleg klippar. Dei var tvo um det! Det var gildt å sjå, og høyra på. Eg skulde gjerne lukta på det nyklipte graset au. Kæillen sat so fint og køyrde rundt på plenen, eg veit ikkje um han fylgde eit serskilt mynster, men det såg proft ut. Eg skal au ha ei gjenta som kann bruka ein klippar. Ho kann godt greida andre saker attpå, sveisa litt um det trengst, lappa ei brok og hava godt handlag. Med det meste. Serlegt alt som veks, blommer, kvist & kvåså.

Elles kann eg nemna at eg fekk straumbrev frå Afrika i går, Namibia, og det var gjævt! Lenge sidan eg hev høyrt frå folk der. Dimed sette eg i gang ei leiteøkt etter bilæte frå Afrika-ferdi mi, og sumt kann de sjå her:














Kø. Folk som bur på internatskulen skal ha fôr.















Me skulde spela kamp. Footballmatch. Gjentelaget åt Otjikoto Secondary School med tre norske jinter mot eit anna skulelag. Då kom det folk, gitt!















Ein heilt vanleg gymtime. Det skal nemnast at berre gutane hadde gym. Gjentone sat og såg på eller svirra rundt med eigne småprosjektar.















Akk, dette var i dei gilde dagane eg hadde svart hår.
Skulle nå mæssom væra litt hard og barsk sidan eg var ny-utkomen or skåpet.














Halla, sjæl, kompis!


Jau. Då segjer eg takk for fylgjet.
Og god kveld til alle som kjem innum, vevloggen er til for dykk. :o)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Grasklipping er nesten det beste med sommer'n, det lukter så gøtt!!

Artig å sjå bilder fra Afrika-turen din også, det har jeg ikke sett før.

Anonym sa...

å! nei, eg hugsar eg la dei ut på hamarungdom, akk, det var i dei dagane.

Kjenner du "Knekkebrød" av Vazelina? Prøv å syng refrenget med denne teksti til:

Grasklipping er so gøtt,
det kiler i nasan!

Anonym sa...

Korleis skal knekkebrød-ljoden vere i grasklypparlåta? Klypp-klypp-klypp-klypp? Ja, det høyrest fint ut i skallen.

Då eg var med å jobbe med noko hemmeleg på Romerikes Blad, som var å lage ein ny ungdomsportal for ungdom på Romerike, spionerte vi på Hamarungdom.

Du er heldig som har vore i Afrika. Det er mykje fint der. Diverre er det mykje trist der òg.
Du er heldig som bur i Noreg, her er det nesten berre fint. Særleg deg. Sikkert Cathy òg, etter kva eg har høyrt, men eg kjenner ho ikkje så godt. Eg vil gjerne verte kjend ein gong. Men det kan take litt tid, for det er jo sumar no.

ÅH, EG HØYRER PÅ SNAUSTRINDA NO (med Anders. Sa eg forresten at eg råka på han på 17. mai? TO GONGER!).
Det er så fint, eg må nesten grine.

Anonym sa...

Høhø! Gymtime berre for gutar! Yey! Hekkan då hadde eg vore sint; eg var jo utruleg sint på at jentone fekk mykje enklare høge karakterar på ungdomsskulen òg.

På VGS var det ikkje eit problem lengre, då hadde eg vore i puberteten.

Engeline sa...

Jeg vet ikke heltt hva som var finest, gressklipperhistorien eller en skapløs, "skarp" deg i solskinn med svart hår. Kort sagt var dette en "bli glad langt inn i sjelen-post".