mandag 1. februar 2010

no er min hug still

og heilt still stend tidi,
alt
i ein djup dirr -
alle lemer spente, alle tankar tømde
for sut og sæla,
alt
er berre rømd
og framfyre ligg gapet
sig innpå,
kva tid skal kjeldone springa?
kva tid skal draumane opna seg?

hugen still,
i venting, lengting,
tidi er ein stram streng
med dirr.

5 kommentarer:

Silje sa...

Jeg gleder meg slik til du gir ut din første diktsamling.

Silje sa...

... for da slipper jeg å skrive ned alle sammen for hånd, for deretter å miste dem av syne i ulike kladdebøker.

Kanskje jeg må skaffe en egen Kristin-sitatbok.

fridtun sa...

Skriv du dei ned for hand?! Guri land, det visste eg ikkje. Men gleda spring i bringa no når eg veit det! Hm, nja, Silje, eg hev ingi von um å verta skald med det fyrste. Kann henda seinare, når kjenslor og lærdom og eg sjølv mognast.
Men, det er fint å berre kunna krota ned noko, å leggja sjæli si i det, men lika vel ikkje hava dei store vonene og tankane um at det skal vera so stort og stødt, og so er det nokon som likar det. Kjenner seg att.
So det.
Takk!

-kf

Silje sa...

Med fyllepennen, må vite.

Og jo, det har egentlig langt større sjarm enn å få alt sammen ferdigtrykt. :-)

オテモヤン sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.