I går støytte eg på eit undersamt, norrønt ord.
Kastandrassi.
Kva trur de det tyder?
Endeframt og greidt: 'Ein som kastar, eller vrikkar, på enden'.
Jaggu. Dei dreiv med slikt fyrr òg, er det likt til.
Rass er i det heile eit morosamt ord, og det er byggjesteinen i ei rad samansette ord.
Rassaklov, til dømes, 'klovet millom rumpeballane'.
Og rasshverfinger, som tyder - haldt deg for augo um du er kjenslevar - 'hest som har utfallande endetarm'.
Hau!
Då er det litt greidare med rauf, eller rauv etter dagsens rettskriving, som i grunnen berre tyder 'rift' eller 'opning'. Raufarnes er soleis eit heilt greidt, ustøytande stadnamn.
Eg undrast på koss denne Ásmundr kastandrassi - ja, for han heitte so - tok seg fram. Var han halt? Hadde han ei dugeleg rauv? Var han homo?
Kven veit.
Han kjem høgt upp på lista yver løglege tilnamn, i alle fall. I lag med folk som Bjørn kistesmør, Ån rismage, Hallbjørn halvtroll...
Mannsdagen 2022
for 2 år siden
2 kommentarer:
Frå Þorsteins saga hvíta:
[Þ]á þótti mönnum þat miklu heillavænlegra at hafa tvau nöfn. Var þat þá átrúnaðr manna at þeir menn mundu lengr lifa sem tvau nöfn hefðu.
Så det var kanskje stas uansett, sjølv om kanstandrassi ikkje høyrest så bra ut?
Oi! Ja, det er likt til dess! Kann henda lyt eg få meg eit aukenamn eg òg?
Legg inn en kommentar