lørdag 26. mars 2011

edith og eg

Edith er den vyrde skrivardrosi Edith Södergran. Me er mange som er (og bør vera) takksame for verket hennar. Eg er tvifelt takksam: Fyrst av di dikti hennar er som dei er, dinæst av di dikti hennar fekk Tarjei Vesaas til å skriva dikt - og dikti hans greider eg meg ikkje utan.

Edith visste noko um draumar.
Ho visste noko som gjev drøymaren i meg litt å bryna seg på.
Visste noko um den magti som finst i all draum.
Visste noko um den vågnaden det er å drøyma.
Ho skriv:

FARLIGA DRÖMMAR

Gå icke alltför nära dina drömmar:
de äro en rök och de kunna förskingras [løysast upp] -
de äro farliga och kunna bestå.

Har du skådat dina drömmar i ögonen:
de äro sjuka och förstå ingenting -
de hava endast sina egna tankar.

Gå icke alltför nära dina drömmar:
de äro en osanning, de borde gå -
de äro ett vansinne, de vilja stanna.


(or Landet som icke er)

søndag 20. mars 2011

mannalikamen og helsa

Ein god laurdag er når den gjæve lomværen som heiter Kirsti kjem på vitjing og hev vaflar og ripsgelé(?) i veska, og tid til å vera lenge, og hug til å liggja på golvet og løysa kryssord og svalla og eta kinderegg og berre kjenna at det er laurdag.

Ein god laurdag er det òg når gjesten let gjestgjevaren låna boki Mannalikamen og helsa (1907/1909) av cand.med. Idar Handagard. Det er ei lærebok um likamen og helsa, må vita, og målet er so gildt og livande at dét åleine hadde gjort boki god. Med denne boki gjorde Handagard viktugt nybrotsarbeid, for her skipa han eit medisinsk ordfang, for landsmålet, med gamle og nylaga fagnemningar. Men jamvel innehaldet er so godt at det er uråd å ikkje gledjast ved det. Difor tenkte eg at de skulde få nokre smakebitar.

Den beste biten er utan tvil opningi.
Allra fyrst skildrar Handagard skinnet. Poetiske greidor!
"Skinnet (elder hudi) klæder likamen. Det sveiper seg kring han som ein heilvoven bunad."

Um kjaken:
"Paa kvar kjakerot er det ein ledknapp som sit i ei dokk i tinningbeinet. Naar me tygg, gjeng nedre kjaken upp og ned og til høgre og vinstre. Kjenner ein daa etter burtmed øyro, kann ein kjenna ledknapparne og koss dei røyver seg. Det hender at folk gaper so stort at nedre kjaken kjem or led. Daa fær dei ikkje munnen att."

Um heilen (hjernen):
"Heilen (encephalon) ligg inne i hausen i heileskaali (fig. 97). Han er blaut som ei halvgrøyta [tjukk velling] elder diga og rukkutt utanpaa som kjernen i ei valnot (fig. 98)."

Um klæde:
"Dei [dyri] hev feld etter aarstiderne. Folkeskinnet er sitt same baade sumar og vetter. Det er snaudt, aa kalla, elder haarvokstren er berre grìsen. Difyr so lyt mannen gjera seg klæde anten av dyreskinn og dyrehaar (skinnklæde, skor, ullplagg) elder av vokstrarne (bomulls-klæde, linklæde).

Um skarlaks-sotti:
"Det sjuke barnet er raudt yver all likamen, so nær som eit par stader i andlitet. Det ser ut som det hev vore duppa i saft."

Um alkohol:
"Naar ein mann hev drukke alkohol, t. d. ei flaska øl elder tvo elder nokre glas vin, vert han gjerne svallug og flaamælt. Han slepper utor seg slikt som han helst skulde tegja med og kyter av si magt og sin manndom. Alt dette er merke paa at alkoholen held paa og fær heilen hans i ein dvale. Han kann ikkje tenkja so skarpt elder skilja so klaart som fyrr. Drikk han meir, vert han munnvalen og ordstam og ustød paa fotom, so han slagar. Daa er det segarne [musklane] i tunga og munnen og i føterne som held paa og vert lamde. Til sidst sovnar han av. Han hev fenge seg eit rus og søv no drukken manns svevn. Han ligg som han vøre kloroformera, han er i ein dvale."

Um alkohol II:
"I drukna er det ofte at folk fær paa seg leide sjukdomar som dei sidan hev mein av all si tid, t. d. ratesjuken [syfilis], dropsotti [gonoré] og andre."

Um vond ande:
"Folk som hev holtenner, fær gjerne vond ande, i vissa naar dei gløymer aa halda tennerne reine. Det er elgjelegt med ein sovoren illtev or munnen, og det er leidt baade fyr den som hev det og den som kjenner det."

Um A- og B-menneske:
"Det er nog so at sume folk er tunge um morgonen men tidige um kvelden, og sume er morgonkrye men kveldsvæve. Men det sidste er daa det vanlege. Difyr segjer me um deim som er tunge og utidige fyrst paa dagen at dei er rangsvævde elder andsvævne, og dei andre rettsvæve. Vanen hev her mykje aa segja."

Det er meir der det kjem ifrå!



mandag 14. mars 2011

bly i hugen

Målet er stundom so uhorveleg presist. So grannsamt og råkande, so hårfint skildrande at det liksom er vondt og godt og slitande og hugtakande, alt på éin gong. Ordi råkar spikaren på hovudet, midt i blinken, dei tek saki på kornet. Ordi nækjer og berrlegg, dei ser tvers igjenom alt og veit korleis dei skal gjeva form til innehaldet.

Til dømes:

Me tenkjer helst at hug og tankar og sinn og vit og slikt er uhandgripelege og vegtlause saker. Dei er mest som eitkvart usynlegt og lett som sviv ikring utan rettelegt feste i likamen. Dei er luft heller en jord og kjøt. Kvifor er det då slik at dei stundom ter seg som blytunge, sprengjande steinlass?

Ikkje veit eg, men ordfanget provar at jamvel det uhandgripelege og vegtlause kann vera tyngjande. Hugtung, tungsinn, hugtyngsla, tunglynd. Nedtrykt, nedstemd, nedbroten, nedtur, nedslegen, nedtyngd. Sant å segja er nedtrykt det same som deprimert ('de' + 'premere' = nedpressa/nedtrykt), men av ein eller annan undersam grunn tenkjer me at det er verre å vera deprimert en nedtrykt.

Eg skriv ikkje slik av di tankane er so tunge at den arme skrivaren vert sundklemd under deim. Men sanneleg hjelper det lite med stål i bein og armar når hugen legg seg på med heile tyngdi si. So skubbar og skyv han alt han vinn, ned og ned, og jamvel um ryggen er rak, er det mest som bringa ligg på golvet. Som ei trælelekkja ligg ho der og er tung å draga etter seg. Korleis skal ein fri seg frå slikt?

mandag 7. mars 2011

ordsleg ovund

Me hev fulla alle røynt at andre mål hev ord eller ordlag som me gjerne skulde havt i vårt eige mål. Å sannkjenna det er ikkje å segja at ditt eige mål er fåtøkt og udugelegt. Kvart mål er rikt på sin måte. No kjenner ikkje eg so ovende mange mål, men som kjent er det serleg eitt mål som tidt og ofta gjev meg ei minning av ovundssykja: islendsk. Det er stødt morosamt å læra nye ord, men det er sjeldan so morosamt som når ordi er islendske. Vonleg vert eg islending i det næste livet mitt.

Her er tri av mange ovundsord:

brjóstvit

Ja, brjostvit. Det tyder 'sunt vit'. Ordet fanst òg i norrøn tid, brjóstvit, med tydingi 'natturlegt vit'. Eg likar å tenkja at det vitet me hev i brjostet, er slikt som ikkje hev med uppseding og kunnskap og lærdom å gjera. Brjostvitet er mest som medfødt og ligg fast og trygt i bringa - ikkje so langt frå magekjensla. Diverre fell det oss lett å gjeva hovudet meir magt en brjostvitet. D'er mange som burde tenkja litt meir med brjostet, og mindre med skallen. Eg burde gjera det sjølv, gjeva brjostvitet større rom. Kjenna etter kva vitet der nede i den hjartevarme hola vil.

ljósmynd

Me skynjar greidt kva ljós tyder, og me skynjar òg kva ljósmynd tyder, når me veit at mynd er 'bilæte'. Det er: fotografi. Ordet ljósmynd er fulla laga med fotografi som fyredøme, for fotografi tyder noko slikt som 'ljosteikning' hell 'ljosskrift'. Og han som tek fotografi, er då ein ljósmyndari.

tónskáld

Jamvel dette ordet segjer seg sjølv: Ein toneskald er ein komponist. Islendingane hev mange gilde tón-ord, som tónleikar ('konsert'), tónlist ('tonekunst', d.e. 'musikk'), tónstigi ('tonestige', d.e. 'skala'). Men me nordmennene, me vil visst helst brikja med ugjenomsynlege framandord. Er ikkje det litt leidt?

lørdag 26. februar 2011

kjærleik: jónsi

Fyrre vika hende noko: Nordic Music Prize vart gjeve ut for fyrste gong, det var medan by:Larm 2011 stod på. Storfolk som Robyn, Susanne Sundfør og Dungen var kandidatar, men dei vann ikkje.

So, kven vann?
Det gjorde Jónsi,
med albumet Go (2010).

Jónsi, Jón Þór Birgisson, Jón-si.



Å, Jónsi, Jónsi, han hev vore min store kjærleik sidan seinhausten 2008. Fyrst då - skam å segja! - uppdaga eg kor gjævt eit band Sigur Rós er. Betre seint en aldri, og betre sterkt en veikt. Og Sigur Rós tok meg so sterkt og skok meg so hardt at eg enno ikkje er komi yver det. Kva hev eg høyrt på etter det? Sigur Rós, Sigur Rós, Sigur Rós, ymse, Sigur Rós, Sigur Rós, ymse, Sigur Rós, Sigur Rós, Sigur Rós - - og slik held det fram.

Kvifor vart eg gripi nett då?
Veit det ikkje.

Eg hadde prøvt å lyda til musikken fyrr òg, men det feste seg liksom ikkje.
So kom far med noko han hadde kaupt av di det var skrive slikt moromål (islendsk) på omslaget, og då, umsider, kom eg inn i det og vilde ikkje ut att.

Eg kann lovprisa Sigur Rós i all æva, men det skal eg ikkje. Ikkje no. Det var Jónsi eg skulde - og skal - skriva um.

Det er noko so gildt og fengslande med heile karen. Utan at eg kann setja fingeren på kva det er. Han er visseleg eit musikalskt flogvit, men det er noko meir òg, noko som hev med sjølve skapnaden og framferdi å gjera. Kann henda er det so lett som at han er homofil. Visst er eg veik for homofile gutar. Serleg gutar du ikkje kann sjå det på. Det er fulla ikkje snildt å segja det slik eg segjer det no, men eg tykkjer homofil kjærleik er mykje finare en heterofil kjærleik. Orsak alle trufaste heterolesarar. Men kar og kona, det er liksom so gjengs og greidt og vanlegt at det mest som er utslite. Det rører meg ikkje å sjå ei gut og ei gjenta i hop, endå so fine dei kann vera saman. Men er det tvo gutar hell tvo gjentor, då kjem den store, varme hjarteskjelven.

Difor: Jónsi og Alex må vera noko utav det vænaste i verdi.
Og albumet deira, Riceboy Sleeps (2009), er minst lika vænt som dei er.

Men det må vera meir òg, med Jónsi. Kann henda er det berre det å vita at den hugtakande musikken liksom hev utspringet sitt i denne lange, granne likamen. At det er han som hev smidt i hop ordi og ljodi som tek meg so, at det er munnen hans som ber fram ordi og fingrane hans som glid yver gitarhalsen, og fram kjem desse tonane som eg må høyra på, heile tidi.

Og sjå på. Det beste er næsten å sjå filmar og upptak med'n. Eg hev set karen so mykje no at eg hev teke til å røra hovudet på same måten som han, når eg høyrer songane hans. Og andlitet hans, som ser so pint og vride ut når han syng dei finaste bitane av den og den songen, og når han dreg cellobogen sin yver gitarstrengane so det kvin og grin um einannan, ja då...då er eg i sjuande himmelen.

Hev eg sét honom? Ja, ein gong i Reykjavík. Me var ein gjeng som gjekk ut frå ei skjenkjestova (der Björk var platesnurrar, forresten), og i augnekråi såg eg, der på gata, midt i den ljose sumarnatti, ein lang kar i raud t-skyrta som helsa nokon med eit blidt "Blessaður!". Trur du ikkje det var han, du! Sume i fylgjet gjekk innatt og tala ved karen, men eg gjekk heim og lagde meg og var nøgd med at eg såg'n. Såg at han fanst og at han var ein heilt vanleg kar, av kjøt og blod, med raud t-skyrta.


Go do heiter hiten frå Go. Gakk og høyr, segjer eg.

onsdag 16. februar 2011

januar 2011

Januar var ein undersam månad. Den mest undersame eg kann minnast, trur eg. Han var so sprengfull og stinn, januaren, so stuva og stappa at ein stakar snaudt fekk anda. Det var mest som alt skulde henda då. Alt. Prov: Det vart so mykje at den arme studenten reint gløymde å svara husleiga si. Dét hev aldri hendt fyrr!

Januaren 2011 var kje snaud, nei. Skal tru korleis dei næste månadene kjem til å sjå ut? Januar hev som kjent namnet sitt etter den romverske guden Janus. Han var gud for inngang og byrjing. So då undrast eg: Kva hev eg gjenge inn i? Kva hev byrja?

Januar:

Her var undersame ferder i bokheimen.
Her var undersame ferder med skidor under føtene.
Her var undersame ferder med tog i Øysterdalen.

Men mest var det undersame ferder millom folk.

Møte med kjende, ukjende og halvkjende. Fekk tala ved sume eg berre hadde høyrt gjete. Fekk tala ved sume eg berre kjende gjenom skrift. Fekk tala ved sume eg hev tala ved tusund gonger fyrr, men denne gongen um nye emne. Fekk tala ved sume eg ikkje visste fanst.

Mange kom inn, eller lengre inn, i livet og tidi mi. Éin gjekk òg ut. Ut or seg sjølv og si eigi tid. Andre livna til ved gledelege umskifte i livet sitt. Umskifte som eg ikkje var med i sjølv, men fekk skoda frå utsida. Ei truloving. Ein elskhug som endeleg loga upp. Ei som endeleg fekk godt og fast arbeid. Og hjå meg sjølv: Draumvovne hugsyner fekk ein drope røynd i seg.

So mange samtalar og samkomor, so mykje samstræv og samhug. Ikkje til å undrast på at eg skreiv ein språkstubb um fyrefestet sam- i februar.

Folk, segjer eg. Folk.

Januar 2011 stadfeste dette:

Det er råd å vera glad i både einsemd og folk.

Som sagt: Ein undersam månad.

Og no er han fyrrtid.

søndag 13. februar 2011

fyr i fritt flog

Sist fredag hende noko stort:
Ein kar hoppa lenger en nokon annan hev gjort.
Med tvo flate fjøler som einaste hjelpemiddel,
flaug herr Remen Evensen heile 246,5 meter.

Det er langt.

Sjølv greidde eg snaudt 110 meter. Det er berre barnematen.
Endå syntest eg at det var eit langt flog. Mange sekund i lause lufti.
Sume undrast um hopparar tenkjer noko medan dei ligg der og flyg.
Ja, det gjer dei. Tankane flyg, dei med.
Og dei hev mykje tid å fljuga i, når floget er so langt som 246,5 meter.

Um du gjeng hit, kann du sjølv sjå korleis det er å hoppa i den største bakken i verdi. Sterke saker!