tirsdag 27. januar 2009

Fridtun og Reite i Telemark

I år var vintersamlingi åt målungdomen i Kviteseid i Telemark. Det var gode greidor! Eg likar vintersamlingane, eg, betre en alle andre samlingar. For då kann ein både
- leika seg på skidor;
- leika seg på skidor so ein vert rennblaut;
- klæda seg upp i ull utan at det vert for varmt (gjerne etter ein er dyvåt vorten);
- drikka mykje kakao;
- bu på fine stader langt uppi dalom;
- laga fine saker av snjoen (jamfør katten nedanfyre)
ja, og endå meir til.

I år fór eg i lag med mannen i mitt liv. Han var både ferdafylgje, kanelsnurrandsvarleg, romkamerat, gjestgjevar (me var innum heimen hans på Skedsmokorset), og kjelda til mykje frygd og gaman. Han er med på mest alle bilæti.
Eg skal jaggu gifta meg med'n, dersom eg ikkje finn eit dugande kvende innan ti år eller so.

Her er ein neve glimt frå ferdi:

Kaffi, kjeks og kryssord i heimen hans Andrééé.



Reite sjekkar inventaret på Granli (der me budde)



Reite sjekkar inventaret II



Eg hadde GUd HErren JEsus KRistus yver sengi:



Der var endå meir fin kunst på veggane, her er fotgjengar Gudleik Knotten i sjukesengi:



"Snakk litt med katten", er det skrive på halsbandet hans. Attum katten ser du huset me budde i. Fin-fint!


Norsk natur, ser du.



...og fresk, norsk ungdom.


Der var mykje skog. Og snjo. Etter eit par kilometer brøytte me veg sjølve.



Eg veit ikkje heilt kva eg driv med her, men det er kor som er representativt.


Einaste lyte med turen: eine skida fekk seg ein liten knekk. Far kann bøta det, er von.

Hiv!
Og hoi!

søndag 18. januar 2009

/eitt/ tre er ingen skog

Tor Jonsson skreiv:

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.

Eg undrast kvar mi bjørk er.
Kven ho er. Um ho er.

Ja, for eg stend her, eg. Djuprøtt og tagall.
Det er berre å stiga fram.
Leikande og læjande, helst.
So vert det skog av oss au.

fredag 16. januar 2009

hund er manns gaman

I dag kjem sumt um hunden.
Eg byggjer stykket på tvo kjeldor:

1) Hunden heime i Fridtun-stova. Han heiter stundom Kaizer, stundom Sonen (åt Vera)
(dette siste kjem fram av fyrste bilætet nedan);
2) Norske Ordsprog, skrive av Ivar Aasen (ja, kven skulde det elles vera?). I den boki finn ein mangt eit gildt ordtøke um det firføtte dyret me dreg inn i hus og hyttor heimar av alle slag.


Fyrste bilætet. Her ser de Sonen:



Andre bilætet. Sonen er snild, men ikkje gløgg.
Han er ikkje som ho Lassie eller n'Rex, diverre. Hovudpynten her gjer det ikkje betre:



Tridje bilætet. Dette legg eg inn so lesarane skal sjå at Sonen er ein fin fyr. I ser når han legg skolissa under lippa nett som ei klypa snus:



Men so til hovudsaki: hunden i Norske Ordsprog.
Eg tek ikkje med alle ordtøki, berre deim eg tykkjer mest gaman 'ti.

Den som heve Hund, han slepp å gøya sjølv. (jaggu!)
D'er godt å hava ein Hund å skulda på. (Sonen er fælt snild og gjer fælt lite ugagn. Men han veit å sleppa ein fis eller tvo når det sømer seg minst!)
Gamall Hund er ikkje god å narra.
D'er ill Hund, som ikkje gøyr, fyrr han bit.
Når den eine Hunden gøyr, so gøya hine med.
Hunden veit, kvat Husbonden vil. (soleis er det stundom i Fridtun-heimen)
Hunden fær sjeldan Steik, utan han stel henne. (Sonen stel ikkje. Han torer ikkje. Men han stikk tunga burtpå, berre for å smaka på. So gjer vel og set matfatet eit stykke innpå bordet)
Tvo Hundar um eit Bein vil sjeldan semjast.

Denne er gild:
D'er kleen Hund, som er rædd Hare. (kjem Sonen i denne gruppa, må tru?)

Eg tek med noko um bikkja au, endå Sonen ikkje er av kvendkyn:
D'er ill Bikkja, som bit sine eigne Ungar.

Desse likar eg serskilt godt:
Han kjenner Bikkja, som biten er.
Når Bikkja er burte, so bit ho ikkje Heime.

So kjem den siste, og eg skal gå ved at eg ikkje skynjar heilt kva bodskapen er her:
D'er fleire flekkutte Bikkjor en berre ei.
Kom gjerne med tolkingar og eigne røynslor med hund. Som denne, til dømes.

fredag 9. januar 2009

D'er godt å hava Vetter, når Vetter skal vera

Jau, vinteren er væn.
Heime (i Elverum) var det vinter.
Jamt tjuge minus. Sol. Blått uppe, drivkvitt nede. Um lag so:

Det skein og blenkte so hål ein blåne,
der slede-meian' på vegen rann.
Og uthengd var det so blank ein måne,
og alt var vakkert og vel i stand.
Det var so inderleg mjukt og mildt, at
det rann so lett, og det var so stilt, at
- å linge-ling, linge-linge-lo -
all skog og vigge som fjetra stod.

(Olav Aukrust)



...men uppe i Nidaros var det tøyvêr og bløyta og glatta og nei og nei.
So eg legg inn nokre rettelege vinterglimt på sida, eg, og vonar det fær vinteren og kjøldi til å draga seg upp hit.










tirsdag 6. januar 2009

eg - eit trugsmål for norske born

Ja, so var det på'n att, då. I Aftenposten las eg eit innlegg frå leidaren av dette morfarbarn.no-stellet. Folk som han slær steike ta' meg eld i den elles fredsame bringa mi. Bodskapen er heilt bånn i bøtta! Eg fær vondt av å lesa slikt. Eg gjer det. Det han segjer er at eg, teiknaren og forteljaren Fridtun, som ser seg sjølv som eit tolleg kvikt og godhuga menneske, er ikkje eigna til å vera forelder. Hah! Ein unge hadde havt det betre hjå meg en hjå hjarteløysingar som han!

Eg kann heilt greidt og fint skynja at folk hev ulike syner og meiningar. Og eg veit neimen ikkje heilt kva eg meiner um homofilt ekteskap hell, eg tenkjer kann henda litt som Rufus Wainwright (homofil musikar) at lover som dregst um kjærleik og kynsliv er heilt høl i huggu. So lenge det ikkje er til meins for nokon treng ikkje staten og politikarane leggja seg i det.

Skrivaren av innlegget i dag meinte at ekteskapet millom tvo av same kynet kom til å skada norske born. Eller som han sa sjølv: "[...] denne ideologien kan føre til forvirring og usikkerhet i mange barns utvikling av identitet, seksualitet og selvbilde."
Tenkjer denne karen på at flestalle av dagsens homofile voks upp innanfyre den "heterofile normi"? I ein "normal" heim, der alt var so "naturlegt" og "harmonisk" vart borni seksuelt forvirra (det er det me er, ifylgje slike som han)? Undarlegt! Hev karen høyrt kva borni sjølv tykkjer um dette, dei som veks upp i lag med tvo feder eller møder?
Det er foreldre som han som set vrangsyner i hovudet på ungane. Tenkj um sonen (eller dotteri) åt denne karen fann ut at hjarta stunda meir etter gutar en gjentor (og tvert um). So kjem feder og møder som han og segjer at "nei, dette er ikkje naturlegt og Gud vilde det ikkje slik. Sjå til å finn eit kvende (hell ein kar)!" Eg tenkjer dét gjev barnet ein leid uppvoktster, eg!

Eit godt argument er at eit born treng nære band til både mannkyn og kvendkyn. Men det veit då jaggu alle homofile foreldre au! Eg trur flestalle homofile er meir medvitne um kyn og rollor og påverknad en "vanlege" folk. Det er ikkje rettvist at folk fær halda på slik!

Eg...- æh!
Eg idest ikkje skriva meir.
Det er so yvervættes paradoksalt at dei som skal "kjempa for kjærleiken" er dei største og stridaste motstandarane.

Som me sa på barneskulen: LEGG DEG OG VOGG!

lørdag 27. desember 2008

hopp & sprett & tjo-å-hei!

Hei, du!
Noko av det beste med å vera heime er at ein hev so mange fine, gamle bilætsamlingar å glytta i. Ein dag fann eg mange nog til å laga ein liten serie utav det: her kjem nokre blinkskot frå tidi som hoppar. Det er ikkje tvil um at eg var stilhoppar ein gong i tidi, men det var fyrr en eg tok til med V-stil og hælstroppar (vandt å setja skikkelege telemarksnedslag når hælen sit fast i skii!). Elles er det mykje ein kann bita seg merke i; dei ulike hoppdressane, skiføringi, armane - her er ulike stilar og teknikkar lette å sjå. Noko å krydda hoppvìkestemningi med.

Eg flaug, far min knipsa. Takk til honom for godbìtane.


Eit tidlegt eit. Fin strekk og arma' innåt kroppen. Fem gonger tjuge!















Hopping er ikkje berre flyging. Det er jaggu mykje venting og småprat og frysing au. Her er eg (nr. 97) i lag med ein flokk gutar. Det fløymde ikkje av gjentor!





So eit litt stort hopp(!) fram til gulldagane i sylv-dressen - Silverflight, heitte'n. Her er eg 13 år og hev um senn taket på V'en.



















So frå hoppkanten. Det er jaggu mykje som kunde vore betre. Eg er altfor mykje bakpå, leggen er for rett, overkroppen sku' vore lågare, men jø - det gjekk ikkje so verst lika vel. Og eg var som sagt sers nøgd med dressen.



Endå litt eldre, håret hev i minsto vakse. På bommen i 120-en på Rena.






Siste flagring var i joli 2006. Då var det næsten tri år sidan eg gav meg "på orntli'". Temmeleg rak og fin, spørru meg!

torsdag 25. desember 2008

Jolelesnad II

Jolelesnad og jolelesnad...
Her kjem fyrst sumt um Draumkvædet og so endå nokre stubbar frå Flåklypa-verdi (eg greider neimen ikkje halda meg undan).

BOLK I
Vel, ja, eg tenkte eg skulde skriva eitkvart um Draumkvædet, eg. Det ligg fulla ikkje i jole-klassikarsekken, det hell. Lika vel etlar eg å krota ned eitkvart ord um det. Hovudkjelda mi, Norske Folkeviser av Olav Solberg, ligg att i Nidaros diverre. Kann henda vert det ei råd med det lell.

Draumkvædet er ein ballade [= dans(evisa)], eller "folkevisa", som ein gjerne namna sovordne visor i nasjonalromantikken. Draumkvædet er utan tvil den mest vidgjetne balladen her til lands. Granskarane hev røkt mykje etter svar på det og det, men ein veit enno ikkje for visst når og kvar Draumkvædet vart skrive, eller kven som skreiv det. Gjengs syn er at balladen vart skriven ein gong seint uti millomalderen. Han er nog skriven fyre reformasjonen, for det er berrsynt at innehaldet er merkt av katolisismen. Attåt dette ser ein greidt far etter den norrøne millomalderkulturen og folketrui (men: kvædet hev mange grunndrag sams med sogor kjende frå andre kantar av verdi, t.d. indiske og egyptiske forteljingar).

Det finst ein haug ulike versjonar av Draumkvædet. Dokumentasjonsprosjektet reknar upp femti versjonar, og dei er nedskrivne millom 1840-åri og 1914. Um du er huga kann du glytta på dei ulike uppteikningane her. Dei ymsar mykje i lengd og sumt i innehald. Til dømes heiter "hovudkarakteren" anten Olav Åsteson eller Olaf Åkneson. Alle songarane som kjende visa var frå Telemark, mesto Kviteseid, Lårdal, Seljord. Ho som var kjelda til ein av "standardversjonane" av kvædet var Maren Ramskeid frå Kviteseid. Ho var 'kje meir en attan år då Magnus Brostrup Landstad kom innum og vilde høyra henne kveda.

Kann ein segja at Draumkvædet er jolelesnad i det heile? Ja visst. For hendingane ber til i tidi frå joleftan og til trettandedagen. Dessutan kann ein segja at bodskapen er av det "jolutte" slaget. Eg kjem attende til dét.

På joleftan sovnar Åsteson (Åkneson) og han vaknar fyrst på trettandedagen. Då fer han rake vegen til kyrkja og fortel lyden um draumane sine. Her er tvo strofor frå den vølte [restituerte] versjonen åt Moltke Moe frå 1890-åri:

5. Presten stend'e fyr altari
å les upp lestine lange,
Olav set seg i kyrkjedynni
å tel'e draumane mange.
- Å de va Olav Åsteson,
som heve sovi so lengji.

6. Gamle menner og unge
dei gjev'e etti gaum'e,
mæ han Olav Åsteson
tel'e sine draume.
- Å de va Olav Åsteson,
som heve sovi so lengji.


Åsteson hev vore på ei strid ferd gjenom helheim og himmerike. Ferdi er ikkje ulik den Dante gjer gjenom Inferno, Purgatorio og Paradiso i La Divina commedia (1308-1321). Åsteson fortel so kva som hender med den som liver eit godt, kriste liv, og like eins kva som hender um ein ikkje gjer det. På den visi er Draumkvædet eit visjonsdikt.

I eit stykke i Spelemannsbladet nemner Stein Versto tvo ulike måtar å granska kvædet på. Eine er å taka fyre seg det historiske i kvædet, hin er å gauma på det eksistensielle. Det historiske hev eg alt vore innpå, det gjeld upphav og alder og dilikt. Det eksistensielle gjeld innehaldet. Eg skal ikkje segja stort meir utav dét, men heilt stutt um det eg kallar "det jolutte" i visa: sjeli di kjem best ut av det når domen skal standa dersom du er gjevmild, audmjuk og snild i all di ferd medan liver på jordi. Når ein skal yver Gjallarbrui, som tek folk frå "føesheimen" og til "auromheimen", slepp ein undan leid motstand av bikkjor, ormar, stutar og so burtetter dersom ein hev gode gjerder i "skreppa" (d.e. "bagasjen" på dagsens folkemunne). Til dømes:

Sæl er den i fø'esheimen
fatige gjev'e ku:
han tar inkje sumlug gange
på håge Gjallarbru


Jau. Og han Åsteson møter både jungfru Maria og erkeengelen såle-Mikkjel. Koss det heile ber til og endar fær de lesa sjølve. Eg skal ikkje byrta meir her.

Och! Det gjæve for oss målelskarar er millom anna den målslege bunaden åt desse balladane ligg fyre i. Telemarksmål er langt ifrå verste målet! Nedskrivarane hev jamt skrive visone ned etter målet åt kvedaren, ikkje laga det etter noko boklegt mål. Gilde greidor.


BOLK II
Her kjem litt meir frå Aukrust og Flåklypa. Desse stubbane er tekne frå boki Folk & Fe. Det var den fyrste boki um Flåklypa-samfundet som vart utgjevi. Alle stykki er henta frå nummer 12 av avisa, jolenummeret. God lesnad!

Med Felgens julegaveautomat kan man på en enkel og bramfri måte fordele gavene julekvelden utan på forhånd å ha gått rundt treet. Forskjellige sikkerhetsanordninger ved maskinen gjør det også klinkende klart at det her ikke nytter å prøve å få rede på gavene før utdelingen. Felgens spesialkonstruerte trolløye med dioptersikte registrerer nemlig nyfikne og klåfingrede som vil "titte", og sender ved hjelp av impulser ut en polstret veivaksel (4600 omdr.) som slår beina vekk under selv den mest halsstarrige.
[...]
Framgangsmåten er enkel. Man trykker på knappen merket "God jul" og trekker sjåkeren ut. Automaten gir da fra seg røkelse og myrralukt og "Deilig er jorden" spilles unisont på kam. Mot et lite tillegg kan man få montert inn Felgens "drøvler" med senket differensial, slik at man også kan få den kjente og kjære julesang tostemt.
Er mottakeren misfornøyd med gaven, kan han eller hun på eget ansvar prøve å få varen byttet. Finner ikke automaten mottakers krav berettiget, blir vedkommende sugd inn i julegaveautomatens sentrifuge til avskolling og kommer ut igjen som et nytt og takknemlig menneske.


Og so kjem eit slags joledikt(?) frå Bronskimlet:

I gilde klædebon dei vise menn,
Nattevakt! - Nattetid -
Go'kveld! Go'kveld! Dei helser hen.
Møtes skal i ljos og glans,
Libanons og Sankthans -
Sarons yndigheter!



Og so kjem ein "Lom spesial", dersom den lesaren skulde finna vegen hit att:

Endelig!
Under sigarettrøking igår fikk sykkelreparatør Reodor Felgen røken ut gjennom venstre nesebor. Begivenheten fant sted på kooperativen i Lom.
Dermed skulle en tro at sykkelreparatøren er ferdig med forkjølelsen for i år.



"Enkefruen" skal få koma til orde denne gongen au (dette utdraget er frå Flåklypa nr. 12):

I år naver vi junetrepynten senv. Det fanner i praksis nangt binnigere enn å kjøpe gnitter og junestjerner i butikk.


So kjem det siste, og dette er kraftig kost (jamvel dette frå Flåklypa nr. 12):

Vår utsendte julemedarbeider, sportsjournalist Melvind Snerken, opplyser at minkeier Jostein Kroksleiven i Sør-Fron for fjerde år på rad pådro seg ben- og lårhalsbrudd under gangen rundt juletreet.


;)